Opna offisielt UiOs nye debattarena i Domus Bibliotheca

Onsdag kveld opna rektor Svein Stølen offisielt Domus Bibliotheca som UiOs nye debattarena.

Ein mann med briller og tre andre menn står på golvet og på ei scene

SNORKLIPPING: UiO-rektor Svein Stølen har nettopp klipt over snora som symboliserer at Domus Bibliotheca er offisielt opna som ny debattarena i sentrum. 

Foto: Martin Toft

Mellom 100 og 150 personar var til stades då rektor Svein Stølen kunne ynskja velkommen til eit Domus Bibliotheca som no er omdanna frå fakultetsbibliotek for jus til eit hus for debatt og ny innsikt for heile universitetet og heile Oslo.

 – Dette er ein merkedag i vår nyare historie. Universitetet skal stilla nye spørsmål, me skal heile tida kritisk reflektera og me skal gå motstraums  når me skal gi kunnskap til samfunnet og me skal debattera, lova Svein Stølen.

– Me skal vera i dialog med samfunnet rundt oss, og me skal sørgja for at samfunnsdebatten også går føre seg her. Dette er ein fantastisk stad for ein slik debattarena. Me er midt mellom Stortinget og Slottet, slo han fast. 

VIKTIG: UiO-rektor Svein Stølen har stor tru på Domus Bibliotheca som debattarena. Denne hausten trår UiO til med Ubehagelege samtalar om Noreg som krigsprofitør, om å vera motstraums i den offentlege debatten og nordmenns overforbruk.  (Foto: Martin Toft)

• Les også: Åpner ny debattarena: – UiO har underutnytta tilstedeværelsen i sentrum

Etter at UiO-rektor Svein Stølen hadde klipt over snora og opna den nye debattarenaen, slapp styreleiar for Store Norske leksikon og direktør for Fritt Ord, Knut Olav Åmås til med ei helsing. Etterpå kom det helsingar frå påtrappande direktør for Finans Norge, tidlegare stortingsrepresentant Marianne Martinsen, før den tidlegare kunnskapsministeren og noverande debattredaktør i E24, Torbjørn Røe Isaksen (H) avrunda helsingane. 

Les også: Domus Bibliotheca kan bli UiOs nye «Litteraturhus»

For å visa fram eit utdrag av haustens ubehaglege samtalar fekk førsteamanuensis i jus, Anine Kierulf oppgåva med å dra fram ti minuttar lange smaksprøvar frå økonomiprofessor Kalle Moene om Noreg som krigsprofitør på krigen i Ukraina, Julie Wilhelmsen om korleis ytringar blir mottatt når dei går på tvers av etablerte forteljingar? Og kva kostar det – både for den som ytrar seg og for samfunnet?. Til slutt kom  postdoktor Ulrikke Bryn Wethal på Senter for utvikling og miljø med ein smakebit om det ho vil koma inn på når ho i desember innleier til debatt om nordmenns overforbruk samanlikna med folk som bur i fattige land. 

MELLOM 100 OG 150 FRAMMØTTE: Mellom 100 og 150 personar deltok under opninga av Domus Bibliotheca som ny debattarena. Anine Kierulf (lengst til venstre) leidde tre korte verbale reklamesnuttar for debattmøtene til Julie Wilhelmsen, Ulrikke Bryn Wethal og Kalle Moene seinare i haust.Til høgre for Kalle Moene sit påtrappande direktør for Finans Norge, Marianne Martinsen, tidlegare kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og direktør for Fritt Ord, Knut Olav Åmås som også er styreleiar for Store Norske leksikon (Foto: Martin Toft)

Den første offisielle debatten  i Domus Bibliotheca vert blåsen i gang i under Forskingsdagane i Oslo i morgon klokka 8.30,då det blir ein debatt om korleis havet kan få fart på det grøne skiftet . 

• Les også om tidlegare debattar i Domus Bibliotheca: 

UiO-forskar: – Rolla til domstolane er å halda tilsynsorgana ansvarlege

Anders Ravik Jupskås: – Ekstremismeforskarar blei trakasserte

 

Emneord: Akademia, Universitetet i sentrum, Universitetsbiblioteket Av Martin Toft
Publisert 22. sep. 2022 09:11 - Sist endra 22. sep. 2022 09:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere