Journalistikken i Afghanistan er truga

Talibans maktovertaking i Afghanistan har ført til ein kraftig reduksjon i talet på både mannlege og kvinnelege journalistar i TV, radio og aviser. Trugsmål, valdelege åtak og ein uviss arbeidssituasjon har skulda saman med hjerneflukta frå landet, er konklusjonen i ein fersk rapport frå forskarar ved OsloMet og UiO.

Ei kvinne og ein mann står framfor eit lerret med eit bilete

KLEDEKODE: Påbodet om at kvinnelege journalistar må dekkja seg til, er ein av grunnane til at kvinner forlet yrket. Det konstaterer masterstudent  Hasina Shirzad frå OsloMet og vitskapleg assistent Zahir Athari frå UiO. Dei har begge deltatt i prosjektet som har granska situasjonen til journalistikken i Afghanistan etter at Taliban overtok. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den 15. august 2021 overtok Taliban igjen makta i Afghanistan etter at dei hadde blitt kasta ut av regjeringskontora 20 år tidlegare. Då dei overtok var det eit rikt mediemangfald i landet.

Fire månader seinare hadde det skjedd store endringar. Då var talet på journalistar sterkt redusert, og 80 prosent av dei kvinnelege journalistane var ikkje lenger i yrket. Det blei også rapportert om restriksjonar som går utover journalistar og aller mest kvinnene.

Dette har skjedd i Afghanistan: 

1979 -  Den sovjetiske hæren invaderer landet og set inn eit kommunistisk regime. Meir enn ein million menneske døyr i krigen som fylgjer.  

1989 - Dei siste sovjetiske soldatane forlet landet. Den USA- og Pakistan-støtta Mojahadeen-bevegelsen klarer å ta makta frå den sovjetisk innsette afghanske statssjefen, Najibullah. Det fører til ein omfattande borgarkrig.

1996 - Taliban får kontroll over Kabul og innfører eit strengt islamsk regime i heile landet.  

2001 - USA invaderer Afghanistan etter terroråtaka på USA 11. september. Taliban blir jaga ut av Kabul og Hamid Karzai blir leiar for ei mellombels maktdelande regjering. 

2014 - Ashraf Ghani vert vald til president. NATO avsluttar formelt sine aktive kamphandlingar i Afghanistan og overlet heile ansvaret til afghanske styrkar som opplever aukande nasjonal oppstand. 

2021 - Taliban tar tilbake  Kabul etter at dei amerikanske styrkane trekkjer seg ut. 

- Afghanske akademikarar fryktar for framtida og rømer landet. Mange får opphald i  andre land, blant anna med hjelp frå Scholars at Risk.

- Taliban vil innføra skilde klasserom for kvinner og menn på universiteta i landet.

- Taliban erstattar den mangeårige rektoren ved Universitetet i Kabul med ein    støttespelar av Taliban. 

Aktuelt: Forskarar frå OsloMet og UiO har publisert rapporten «Afghan Journalism – Slowly Dying?" om utviklinga av journalistikken i Afghanistan etter at Taliban fekk all makt i landet.

(Kjelder: Rapporten "Afghan Journalism -Slowly Dying?", BBC, University World News, The Print,  Edex og forskning.no)

Forbod mot open kritikk av Taliban

Dei journalistane som framleis var i yrket, fekk forbod mot å rapportera om valdelege aksjonar som IS i Afghanistan stod bak, om kvinneprotestar, om minoritetar og all open kritikk av Taliban. Samtidig var det stor mangel på informasjon, og på den måten kunne Taliban leggja lokk på gode journalistiske saker. I tillegg er det ein stor grad av sjølvsensur blant dei journalistane som arbeider i Afghanistan.

 Det er nokre av funna som er gjort i rapporten «Afghan Journalism – Slowly Dying?" om utviklinga av journalistikken i Afghanistan etter at Taliban fekk all makt i landet den 15. august i fjor.

Fleire av forskarane er sjølve til stades for å presentera rapporten på OsloMet tysdag 14. juni.

Prosjektleiar er professor emerita Elisabeth Eide ved OsloMet, og ho har hatt med seg vitskapleg assistent Zahir Athari frå UiO, postdoktor Mahmud Farjani frå OsloMet, Mujeeb Khalvatgar, direktør for Nai supporting free media in Afghanistan, og masterstudent Hasina Shirzad frå OsloMet. Dei har alle også tilknyting til Journalism and Media International Center (JMIC) ved OsloMet.

Forskarane har undersøkt fleire kjente publikasjonar i Afghanistan og intervjua journalistar både i heimlandet og i eksil. Dessutan har dei også nytta seg av undersøkingar utførte av Human Rights Watch, Reporterar utan grenser, ANJU (den afghanske avdelinga av the International Federation of Journalists - IFJ) og den afghanske avdelinga av the International Association of Women in Radio and Television (IAWRT).

Dei viser til at i dagens Afghanistan dominerer nyhende frå offisielle pressekonferansar og talar av politiske leiarar. Det hender det kan vera kritiske nyhendeinnslag, med underforståtte frasar som «uidentifiserte væpna menn» eller «passproblem». Det kan indikera at det er problem som styresmaktene står bak. Dessutan hender det ifylgje funna forskarane har gjort, at det kan vera kritiske nyhende om protestar, utdanning for kvinner og undertrykking av minoritetar. Talk-showa kan vera alt frå kritiske til informative, går det fram av rapporten.

– Kvinnelege journalistar er utsette for ein større risiko

– Når det gjeld protestar frå kvinnene, er det færre av dei, men kvinnene er framleis aktive i sosiale media, understrekar Hasina Shirzad.

Ho viser til at nokre media, i hovudsak hybrid-media, som er ei ei medieverksemd i eksil med reporterar i heimlandet, dekkjer protestane, men til ein høg risiko.

– Kvinnelege journalistar er utsette for ein endå større risiko på grunn av presset frå familien og kulturen, seier Hasina Shirzad.

Ho peikar på at også journalistikkutdanninga har opplevd stor tilbakegang etter at Taliban overtok.

 – Ein stor del av dei vitskapleg tilsette har slutta, og 60 prosent av studentane dukkar ikkje opp. Samtidig fører kjønnssegregering til at færre kvinner studerer. Alt i alt fører dette til dårlegare kvalitet på studia, trekkjer ho fram.

– Ein fryktkultur

Vitskapleg assistent Zahir Athari frå UiO kjem nærare inn på dei valdelege konsekvensane det kan ha å jobba som journalist i Afghanistan i dag.

– Det er ein slags fryktkultur gjennom innblanding og telefontrugsmål. Når du skal dekkja mishandling av journalistar, er mangel på informasjon eit stort problem. Dekning av forsvinningar har auka, men det er framleis risikofullt, understrekar han. Taliban driv også med meir avansert innblanding som er like farleg. Den blir utført av departement, tryggingspolitiet (GDI) eller av anonyme, fortel han.

Når det gjeld minoritetar som til dømes hazarane så opplever dei stadig ein systematisk diskrimerande politikk og åtak frå IS i Afghanistan.

– Det var mindre dekning av dette dei første månadane etter at Taliban hadde overtatt makta. I dag blir desse hendingane dekte berre frå eksil og ikkje i hybrid-media. Dekninga av dette området er svært risikofylt og Taliban vil ikkje kommentera overgrepa, seier Zahir Athari.

– Hjerneflukt

Så korleis ser framtida ut for media i Afghanistan? Hasina Shirzad meiner at den dårlege utviklinga held fram.

– Det er framleis hjerneflukt og strenge restriksjonar. Ein moglegheit kan vera media i eksil som Afghanistan International. Ein annan kan vera hybridmedia med uformelle reporterar på plass i felten, trur ho.

Hasina Shirzad ser også føre seg ei framtid der aktivistar i sosiale media kan fóra tradisjonelle media med stoff.

– Det vil vera færre profesjonelle journalistar i landet, og dei vil ha behov for støtte, trur ho. Samtidig hadde ho snakka med ein medieleiar som var veldig pessimistisk når det gjeld situasjonen for media i Afghanistan. «Om dagens situasjon held fram, vil det ikkje vera nokre uavhengige media igjen i Afghanistan i 2023» siterer ho medieleiaren på.

Halvparten av mediaverksemdene er borte

Tala som forskarane sin samarbeidspartnar Nai supporting free media in Afghanistan har henta inn, viser at det var 540 medieverksemder i Afghanistan i den første halvdelen av 2021. I november 2021 var 257 av medieverksemdene stengde. Altså er berre halvparten igjen.

 

LIVSFARLEG Å VERA JOURNALIST: Frå Taliban overtok makta i august 2021 til 31. mars i år, var det 36 registrerte valdelege overgrep mot journalistar, inkludert seks drap i tillegg til ei rekkje arrestasjonar. Det viser tala til prosjektleiar professor emerita Elisabeth Eide ved OsloMet.  (Foto Ola Gamst Sæther) 

Prosjektleiar Elisabeth Eide peikar på at om dei signala dei har fått frå Taliban, stemmer kan situasjonen bli endå verre.

– Det er tale om at Taliban ynskjer å forby Facebook og andre sosiale media i Afghanistan. Då vil dagens røyndom bli totalt endra, understrekar ho.

– Media var viktig for utviklinga av demokratiet og sivilsamfunnet

Afghanistans ambassadør i Noreg Youssof Ghafoorzai som no representerer folket, og ikkje Taliban, er svært imponert over rapporten.

– Alt var ikkje rosenraudt før Taliban heller, men presselovene i Afghanistan var meir liberale enn i mange andre land i regionen. Media og pressefridomen var svært viktig for utviklinga av demokratiet og etableringa av sivilsamfunnet i Afghanistan, seier han.

Samtidig kritiserer han Taliban.

– Dei har enno ikkje kome med svar på dei spørsmåla dei fekk då dei møtte representantar for det sivile samfunnet i Noreg i januar i år, slår han fast.

Frå tredje farlegaste til farlegaste land for journalistar

Det afghanske folkets ambassadør i Noreg har rett i at alt heller ikkje var rosenraudt for journalistikken før Taliban overtok.

Tal forskarane har henta inn frå the Committee to Protect Journalists, viser at frå 2001 til Taliban overtok i 2021 blei 52 journalistar drepne i Afghanistan. Om ein tar med private intrigar og åtak på tilsette i media, er det samla talet 76. Berre mellom 12. september 2020 og 31. januar 2021 blei fem menneskerettsaktivistar og seks journalistar og tilsette i media drepne.

Når det gjeld pressefridomsindeksen til Reporterar utan grenser, har Afghanistan plassert seg frå nummer 118 til 128 mellom 180 land. Både i 2020 og 2021 kom landet på plass nummer 128, medan det fall ned tll plass nummer 156 i 2022.

I 2017 var Afghanistan nummer tre av landa det var farlegast å vera journalist i etter Syria og Mexico. I 2018 var det blitt den aller farlegaste plassen for journalistar. Også i åra før Taliban overtok, rapporterte 47 prosent av kvinnene at det største trugsmålet mot dei var press frå regjeringa, medan 26 prosent gav opp at det var press frå folk som var imot regjeringa. Desse tala er samla inn av the Afghanistan chapter of the Internatinal Association of Women in Radio and Television. (IAWRT).

Prosjektleiar Elisabeth Eide trekkjer i ein kronikk i Aftenposten den 14. juni fram andre tal som organisasjonen Nai-Soma har samla inn til rapporten. Dei har funne ut at frå Taliban overtok makta i august 2021 til 31. mars i år, var det 36 registrerte valdelege overgrep mot journalistar, inkludert seks drap i tillegg til ei rekkje arrestasjonar.

HAR KJEMPA FOR PRESSEFRIDOM:  – Eg har kjempa for pressefridom og kvinnerettar heile livet. Eg kunne ikkje lenger jobba for nokon som vil fjerna desse verdiane  sa Sharif Hassanyar, tidlegare leiar for Ariana TV-nettverk i Afghanistan. (Foto: Ola Gamst Sæther)

60 prosent av journalistane er ute av yrket

Men det har blitt tøffare for både mannlege og kvinnelege journalistar, syner tal frå Reporterar utan grenser, Medan det I august 2021 var 10 780 personar som jobba i media i Afghanistan, 8290 menn og 2490 kvinner, var berre 4360 av dei, 3950 menn og 410 kvinner, i jobb i desember 2021. Andre tal viser ein liknande tendens.

Rapporten til UiO- og OsloMet-forskarane trekkjer fram at det kan vera fleire grunnar til denne utviklinga. Årsakene kan vera stenging av mediebedrifter, press frå dagens styresmakter, mangel på tryggleik og at journalistar opplever trugsmål fordi dei utøver yrket sitt uavhengig og profesjonelt.

Når det gjeld den dramatiske tilbakegangen i talet på kvinnelege journalistar, trur dei at det kan ha å gjera med den strenge kjønnssegregeringspolitikken Taliban fører, den spesielle situasjonen med trugsmål, kravet om kledekode og kravet om alltid å bli eskortert av ein mann.  

Når Uniforum spør om det er mogleg for kjente, tidlegare presidentar og ekspolitikarar i og utanfor Afghanistan å sleppa til i media under dagens styre, svarer Hasina Shirzad kontant.

– Berre dersom dei uttrykkjer støtte til Taliban.

Sharif Hassanyar, tidlegare leiar for Ariana TV-nettverk i Afghanistan, er også til stades på lanseringa. Han forklarar gjerne kvifor han ikkje kan jobba for media i Afghanistan styrt av Taliban. 

– Eg har heile livet kjempa for pressefridom og for kvinnerettar. Eg kunne ikkje lenger jobba for nokon som vil fjerna desse verdiane, seier han bestemt.

– Ein modell for Afghanistan

Afghanistan-ekspert  og forskar Kristian Berg Harpviken ved Institutt for fredsforsking - Prio spår at Taliban vil halda seg ved makta i mange år framover. Derfor meiner han at afghanarar i eksil, bør finna andre måtar å bringa nyhende til folket i Afghanistan på.

– Journalistar frå Burma som levde i eksil i Noreg før Aung Saan Suu Kyi blei sett fri av den første militærjuntaen, lagde eigne sendingar her i landet og kringkasta dei vidare til Burma. Det kunne også vera ei modell for Afghanistan, seier han.

Prosjektleiar Elisabeth Eide peikar på til at det sit representantar for the Democratic Voice of Burma i salen.

– De kan bruka høvet til å snakka saman, seier ho.

Vil helst dra ut

Dagens situasjon for journalistar Afghanistan er så vanskeleg at dei journalistane som er igjen i landet, helst vil dra ut, har forskarane funne ut. Hovudgrunnen er at dei er urolege for sin og familien sin tryggleik. Truleg er også mangelen på økonomisk tryggleik, redusert eller inga lønn, like viktig, trur forskarane.

Under lanseringa opplyser ordstyrar Oona Solberg frå OsloMet at rapporten til no er den mest omfattande som er laga om utviklinga til journalistikken i Afghanistan etter at Taliban kom til makta igjen i august i fjor. Stiftelsen Fritt Ord har gitt økonomisk støtte til forskingsprosjektet. 

• Les meir om Afghanistan i Uniforum:

KRONIKK: Akademia i Afghanistan i eksistensiell krise

Forskere i Afghanistan rømmer landet

Han ber om ein redningsaksjon for akademia i Afghanistan

Minst 19 personer drept etter angrep på Universitetet i Kabul

– Pengane må gå til Afghanistan!

Lærte nytt språk gatelangs i Kabul

– USA må sleppa til Afghanistans president

– Overlevingsinstinktet avgjer lojaliteten i Afghanistan

Emneord: Afghanistan, Journalistikk, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 15. juni 2022 11:13 - Sist endra 15. juni 2022 13:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere