Det var sol og blå himmel og litt snø på bakken då Unikor sang jula inn ute framfor Georg Sverdrups hus fredag formiddag.
JULESONGAR: Det var eit godt knippe med julesongar som blei framført av Unikor laurdag formiddag.
Foto:
Ola Gamst Sæther
Mange tilsette på UiO sit på heimekontor, medan dei fleste studentane har dratt på juleferie. Det hindra likevel ikkje Unikor å syngja jula inn på Universitetet i Oslo.
JULESTEMNING: Unikor brakte julestemninga til UiO, då dei sang jula inn ute. (Foto: Ola Gamst Sæther)
Denne gongen skjedde det ute på plassen framfor Georg Sverdrups hus. Nokre UiO-tilsette dukka opp, mellom dei Uniforum og fotograf Ola Gamst Sæther. Dei framførte kjente og kjære julesongar som "Deilig er jorden", "Away in a manger", "Et barn er født i Betlehem" og "Rudolf er rød på nesen". Koret blei leia av dirigent og musikalsk leiar Tor Tveite.
MØTTE FRA: UiO-tilsette og andre møtte fram under juleinnsynginga til Unikor i går. (Foto: Ola Gamst Sæther)
Logg inn for å kommentere