Svein Stølen ber ny regjering om ikkje å kopla arbeidsrelevans til finansiering

– For å nå ambisjonane må me jobba for at finansieringa ikkje svekkjer oss. Det er UiO-rektor Svein Stølens bodskap til ei ny regjering.

Ein mann og  to kvinner står i eit møtelokale

STILLER KRAV:  Rektoratet ved UIO ber den nye regjeringa om ikkje å svekkja finansieringa av UiO. Her er Ap-leiar Jonas Gahr Støre på besøk på UiO. Saman med ham står dåverande prorektor Gro Bjørnerud Mo og dåverande viserektor Åse Gornitzka som no har overtatt som prorektor. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Universitetet i Oslo og rektor Svein Stølen førebur seg no på å snakka med ei ny regjering sannsynlegvis leia av Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre. 

– Først vil eg gratulera Jonas Gahr Støre og dei som no skal danna regjering. Me er optimistiske og ser fram til samarbeid om å utvikla Universitetet i Oslo som eit levende, europeisk og internasjonalt leiande universitet, kommenterer Svein Stølen i ein epost til Uniforum. 

– Må få på plass Livsvitskapsbygget

No er UiO-rektoren opptatt av at ei framtidig finansiering av Universitetet i Oslo ikkje vil bli dårlegare enn i dag.

– For å nå ambisjonane må me jobba for at finansieringa og styringa ikkje svekkjer oss. Det må investerast for å løysa  dei store utfordringane i vår tid, me må få på plass Livsvitskapsbygget og få til innovasjonsdistrikt der me kan få fram verdiskaping og arbeidsplassar, understrekar han. 

Svein Stølen er også svært klar på at han ikkje vil ha noko av den koplinga som fleirtalet på Stortinget har stemt for.

– Me er opptekne  av arbeidsrelevans og praksis i utdanningane, men me er imot å kopla  finansiering til det, slår han fast.

Stølen viser også til at UiO nettopp har gitt innspel til Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning og at UiO der har mange innspel til vidare utvikling.

Uniforum har også spurt rektor Svein Stølen om han har grunn til å tru at ei ny regjering med Jonas Gahr Støre som sannsynleg statsminister, gradvis vil fjerna ABE-reforma  (avbyråkratiserings-, og effektiviseringsreforma) slik som Aps utdanningspolitiske talsperson Nina Sandberg tidlegare har lova. Reforma går ut på at alle statlege verksemder årleg får eit ostehøvelkutt i budsjetta sine med mellom 0,5 og 0,8 prosent.

Stølen svarar ikkje direkte på det spørsmålet, men bakar det inn i ein generell kommentar om at dei må jobba for at finansieringa og styringa ikkje svekkjer UiO for at dei skal nå ambisjonane sine. 

Ap- og SP-politikarar kan ikkje lova snarleg kutt i ABE-reforma 

Fagbladet Forskerforum har i dag tatt kontakt direkte med representantar for Arbeidarpartiet og Senterpartiet for å høyra om dei står fast på lovnaden om at ABE-reforma skal bort.  Den første sjansen dei får til å visa det, er når dagens regjering legg fram forslag til statsbudsjett for 2022 den 13. oktober.

– Jo større kuttet er, jo vanskelegare er det å gjøre noko med det, seier Aps utdanningspolitiske talsperson Torstein Tvedt Solberg til Forskerforum.

Senterpartiets Marit Knutsdotter Strand kan heller ikkje lova at dei får det til i det komande budsjettet.  

Lovar bråk

Sofie Marhaug som er vald inn på Stortinget for Raudt lovar derimot at dei skal skapa rabalder om ikkje noko blir gjort.

– Kutta struper sektoren. Eg håpar at Ap, Sp og SV gjer noko med det. Viss ikkje skal me laga bråk. Det er det som er så fint med å ha oss på Stortinget, lovar ho overfor Forskerforum.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. sep. 2021 12:47 - Sist endra 16. sep. 2021 11:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere