Ingrid Sogner: – Eg seier ikkje nei til ei utfordring

– Det er ein spennande jobb. Slik forklarar Ingrid Sogner kvifor ho søkte og fekk jobben som forskings- og innovasjonsdirektør på UiO.  

Portrett  av ei kvinne

MOROSAMT: – Etter å ha vore på eit fakultet i seks år, syntest eg det var morosamt å koma tilbake og sjå korleis "sentralen" var blitt, seier Ingrid Sogner, nytilsett forskings- og innovasjonsdirektør på Universitetet i Oslo. 

Foto: Martin Toft

Ei av dei første avgjerdene det nye universitetsstyret tok i sitt første møte, var å tilsetja Ingrid Sogner som ny forskings- og innovasjonsdirektør. Då hadde ho fungert i stillinga sidan forgjengaren Kristel Marie Jæger Skorge begynte som direktør for Kunsthøgskulen i Oslo i mars. Og ho var også blant søkjarane då stillinga blei lyst ut førre gong i 2018. Før og etter det året har ho jobba med å byggja opp ei eining for forskingsadministrasjon på Det medisinske fakultetet.

– Morosamt

– Etter å ha vore på eit fakultet i seks år, syntest eg det var morosamt å koma tilbake og sjå korleis "sentralen" var blitt. Eg tykkjer det er ein fin stad å kunna hjelpa forskarar til å ha gode arbeidsforhold. Sidan avdelinga vår er den sentrale forskarstøtteavdelinga, har me mykje påverknad akkurat på det området gjennom å leggja forholda til rette for dei. Og det har eg lyst til å hjelpa til med. Dessutan er det ein spennande jobb.

– Du ville absolutt ha den jobben, for du søkte den også då den blei utlyst i 2018. Då fekk du ikkje jobben. Men du gav ikkje opp?

 – Eg hadde eigentleg gitt opp, for eg hadde ikkje tenkt meg moglegheita for det. Eg tenkte at no var det over. Eit nei er eit nei. Då den blei ledig igjen, hadde eg akkurat kome tilbake. Eg var svært nøgd med direktøren min, og at Forskingsadministrativ avdeling då hadde gjenoppstått. Så det kom litt bak på meg, og eg blei litt overraska då ho skulle slutta. Men eg seier ikkje nei til ei utfordring, avslører Ingrid Sogner overfor Uniforum.

– Ingen lik dag

– Men det blir ikkje sånn at du kjem til å dra igjen etter to år, slik som forgjengaren din gjorde?

– Synest du det verkar slik? Det å jobba på universitetet er så mangslunge på grunn av den komplekse institusjonen me er. Det er ingen lik dag, og det finst alltid noko me kan forbetra heile tida. Derfor er det ingen rutinestad å vera. Det er det som gjer det spennande, tykkjer ho.

Frå Norden til EU

Ingrid Sogner tok hovudfag i historie og skreiv hovudoppgåve om Noreg og nordisk samarbeid frå 1949 til opprettinga av EFTA. Og karrieren hennar kunne ha tatt ei anna retning om ho hadde vald annleis.

– Eg har også vore forskar ved University of Aberdeen på eit prosjekt om Noreg og EU. Etterpå fekk eg eit tilbod om å bli forskar ved Fredsforskingsinstituttet PRIO i Oslo. Men eg fann ut at eg ikkje likte å setja meg sjølv i så stor grad i sentrum slik forskarar ofte må. Eg likar best å vera i støtteapparatet rundt forskaren.

Det enda med at ho blei EU-rådgjevar for forskarane på UiO.

– Då eg begynte, var me til saman tre i Noreg, ein på NTNU, ein på UiB og eg på UiO. I dag er det eit hav av EU-rådgjevarar ved norske universitet og høgskular, på fakultet og på institutt, slår ho fast.

• Les i Uniforum: Investerer i Europas beste forskere

– Kan bruka historikarar til alt

Det er ikkje så ofte ein person med hovudfag i historie får jobb som forskings- og innovasjonsdirektør. Derfor synest ho det var artig med alle reaksjonane ho opplevde.

 – Då eg fekk denne jobben fekk eg masse heiarop frå andre historikarar, seier ho med eit stort smil.

– Og dette viser at ein kan bruka historikarar til alt. Derfor seier eg til barna mine at dei må velja fag etter hjartet, for uansett så må du velja ein jobb med interesse. Det er alltid god plass for godt førebudde folk slik ein blir på HF, understrekar ho.

Ingrid Sogner har også klare tankar om korleis oppgåva hennar som forskings- og innovasjonsdirektør skal bli.

– Det viktigaste er å vita at me er ein del av UiO og at me jobbar i nettverk. Me er støtteapparatet utover, men me må bli flinkare til å jobba både inn og ut, har ho innsett.

– I verdas navle

Den gongen Ingrid Sogner kom til Det medisinske fakultetet  i 2013, fekk ho ei aha-oppleving.

– Det var interessant å sjå kor lite ein ser til Sentraladministrasjonen, for fakulteta er jo sjølvstendige og held ting gåande på eiga hand. Men når ein jobbar her i Sentraladministrasjonen, trur ein at ein er i verdas navle, konstaterer ho etter å ha erfart begge delar.

Det er likevel på to område Ingrid Sogner veit at fakulteta og institutta gjerne vil ha hjelp frå Forskingsadministrativ avdeling.

– Det handlar om ekstern finansiering og juridisk hjelp. Då treng dei masse støtte, seier ho til Uniforum.

Avdelinga er likevel ikkje svært stor. Derfor satsar dei på opplæring av forskarstøtta innanfor desse områda.

– Me organiserer kurs slik at me kan gi folk hjelp til sjølvhjelp. Det er noko me er svært opptekne av, og me bør bli endå flinkare til å visa fram kva me har å tilby av utvikling av kompetanse, meiner ho.

• Les i Uniforum: Forskarar kan kniva om EU-milliardar

– Ein grunnforskingsprofil

Ingrid Sogner trekkjer fram at Universitetet i Oslo har ein tydeleg forskingsidentitet.  

– UiO har ein grunnforskingsprofil med ei fantastisk innhenting av midlar frå ERC, frå SFF-ar og på FriPro. Der har UiO ein svært imponerande profil, synest ho.

Ingrid Sogner viser til at dei som finansierer forskinga både nasjonalt og internasjonalt lagar nye pottar og nye strukturar som krev eit godt forskarstøtteapparat

– Me jobbar tett saman med støtteapparata på fakulteta. Og me skal visa veg slik at ikkje vert opplevd som for krevjande for forskarane.

– Ganske imponerande

Ingrid Sogner er direktør for både forsking og innovasjon på UiO. Og ho har tenkt å behandla både forsking og innovasjon likt, sjølv om støtteapparatet ikkje er det same. Ho synest det er flott at eit UiO-basert selskap som Vaccibody, har stått bak innovasjonar innanfor vaksinar som gjer at det er prisa til over 30 milliardar kroner på Oslo børs. No håpar ho at det kjem fleire slike draumeprosjekt på UiO.

– Det er nettopp det me alle håpar på, er det ikkje det? Me har eit veldig ambisiøst rektorat som gjerne vil nå langt ut, og som er opptekne av samfunnet rundt oss. Kanskje me ikkje har vore flinke nok til å visa kor mykje innovasjon som faktisk går føre seg på UiO. Det er viktig at me er med på å visa fram dette. For det er ganske imponerande kor mykje som blir gjort, sjølv om ikkje alle blir Vaccibody. Me er med på det sjølv om me også har Inven2, i tillegg til at me får ei ny eining som Det medisinske og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet går saman om å etablera, understrekar ho.

For Ingrid Sogner er det likevel enkeltmenneska på UiO som er viktige.

– Produksjonsbasen til UiO er enkeltmenneska som forskarar eller som administrativt tilsette på eit fakultet eller eit institutt. Det er desse kontaktane me har ute på fakulteta som er viktige, trekkjer ho fram.

Barna har tatt grunnutdanning på NTNU

Etter at ho har kome heimatt frå ein lang arbeidsdag på UiO, er der meir praktiske gjeremål som må utførast.

 – Då må eg ut på tur med hunden min, fortel ho. Dei tre barna har akkurat forlate heimen.

 – Alle tre har tatt  og tar grunnutdanninga på NTNU. Ingen av dei har valt å studera historie, slik mora deira gjorde, fortel Ingrid Sogner.

Uansett er ho sikker på at dei fylgde rådet hennar om å velja fag med hjartet. 

– Ja, det ser absolutt slik ut.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Forskingspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. sep. 2021 04:30 - Sist endra 23. sep. 2021 14:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere