Regjeringa foreslår å løyve 50 millionar kroner til fagskular og private høgskular for å bidra til at studentane ikkje blir forseinka og fullfører som planlagt.
– Eg har stor forståing for at eit år prega av avstand, lite sosial kontakt og mykje digital undervisning kan gå utover både motivasjon og trivsel. Fleire private høgskular og fagskular har eit anna økonomisk handlingsrom enn statlege høgskular og universitet og desse ekstra 50 millionane i revidert budsjett betyr at studentane kan få endå betre oppfølging gjennom hausten, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ei pressemelding.
Dette er pengar som kjem på toppen av tiltakspakken på ein milliard kroner som kom for tre månader sidan, der 10 millionar kroner gjekk til fagskulane og 16 millionar til private høgskular.
Ynskjer meir pengar til frivillige studentorganisasjonar
I ein kommentar til revidert budsjett saknar leiar for Norsk studentorganisasjon, Andreas Trohjell forslag til ekstra pengar til dei frivillige studentorganisasjonane. Etter NSO si meining vil det vera ein god medisin mot psykisk uhelse blant studentar.
- Regjeringa satsar på fleire gode tiltak frå rapporten til Kjøsutvalet for å betre den psykiske helsa, men Stortinget må leggja ytterlegare midlar på bordet for å styrkje det førebyggjande arbeidet for studentar, seier leiar i Norsk studentorganisasjon, Andreas Trohjell i ei pressemelding.
Forskingsrådet synest satsinga er gledeleg
Administerande direktør for Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit er godt nøgd med innhaldet regjeringa sitt forslag til revidert budsjett. Ho trekkjer fram at det blir satsa på prosjekt der ny kunnskap er avgjerande.
– Derfor er det gledeleg å sjå at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett aukar satsinga på forsking og innovasjon som skal gi kunnskap og løysingar verda har behov for, seier ho i ei pressemelding.
Regjeringa føreslår å etablere et nytt Forskningssenter for miljøvennleg energi (FME) for hydrogen, med ei årleg offentleg støtte på 30 millionar kroner i dei åtte åra som senteret vil vera operativt - med andre ord 240 millionar kroner totalt. Forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) krev ei tett samarbeid mellom forskingsinstitutt universitet, næringsliv og forvaltning. Forskingsrådet slår fast at dette gir eit godt supplement til dei 11 FME'ene me allereie har og eit viktig initiativ for å få tyngd i hydrogensatsinga.
– 30 millioner årleg over åtte år gjer det mogleg å etablera eit heilt nytt forskingssenter for hydrogen som vil kunna skapa nye innovative løysingar og verdiskaping for heile hydrogen- næringskjeda i mange år framover, seier Sundli Tveit.
100 millioner ekstra til Grøn plattform
Regjeringa føreslår også ein auke på 100 millionar tll Grøn plattform. Grøn plattform gir bedrifter og forskingsinstitutt støtte til forskings- og innovasjonsdriven grøn vekst, og er eit samarbeid mellom Siva, Innovasjon Noreg, Enova og Forskingsrådet. Over 400 norske bedrifter og forskingsinstitutt har allereie søkt om å få jobbe videre med sine grønne prosjektidear, står det i pressemeldinga frå Forskingsrådet.
STUD-ENT-ordninga ut av Forskingsrådet
I revidert nasjonalbudsjett vert det også føreslått at STUD-ENT-ordninga vert flytta frå Forskningsrådet til Innovasjon Noreg frå 2022. STUD-ENT-ordninga rettar seg mot studenar og kandidatar frå universitet og høgskular som vil prøva seg på gründerverksemd og videreutvikla forretningspotensialet i idéar dei har fått gjennom studia.
Andre forslag i samband med revidert nasjonalbudsjett:
- Regjeringa foreslår 10 millionar kroner til modernisering av Samordna opptak. Like før årets søknadsfrist gjekk ut 15. april, knelte systemet til Samordna opptak. Det er behov for eit nytt og betre datasystem. Desse pengane skal dekke både utvikling av ein regelverksmodul, og planlegging av ei utgreiing i år for å få oversyn over kva ei full modernisering vil koste.
- Regjeringa foreslår å gi eit tilskot til Studentersamfundet i Trondhjem på 10 millionar kroner. Dette er eit bidrag til å finansiera eit nybygg med nye arbeidslokale til frivillige og tilsette, nye scener og serveringslokale.
- Regjeringa foreslår 5 millionar kroner til Høgskulen på Vestlandet for å vidareføre den såkalla Stord-modellen. Høgskulen skal gjennom denne modellen tilby ei ingeniørutdanning over to år for tilsette med fagskuleutdanning ved bedriftene på Stord.
- Regjeringa foreslår å auke tilskotet til UNIS med 3,7 millionar kroner. Pengane går til husleigekompensasjon i samband med forvaltningsoverføring av UNIS-bustadene og leige av læringsareal i bygget til studentsamskipnaden.
- Regjeringa foreslår å endre reglane slik at deltakarar i prosjektet Menn i helse kan få tilgang på lån og stipend frå Lånekassen i perioden dei ikkje mottek ytingar frå NAV. Deltakarane er menn i alderen 25-55 år som står utanfor arbeidslivet. Dei tek eit tilrettelagt utdanningsløp som helsefagarbeidar. Regjeringa foreslår derfor å bruke 5,3 millionar kroner på dette slik at dei kan få lån og stipend allereie frå hausten av.
(Oppdatert kl 15:45 med kommentarar frå Forskingsrådet)
Logg inn for å kommentere