Kronprinsparet til Kristin og Jørn Braa: – De har gjort livet til mange menneske mykje betre

– Me er imponerte over arbeidet de gjer. Det sa kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit etter dagens nettmøte med UiO-professorane Kristin og Jørn Braa om helseinformasjonssystemet HISP. Det har dei utvikla, og det vert brukt i land med til saman 2,5 milliardar innbyggjarar.

Ein mann og ei kvinne sit framfor ein dataskjerm

IMPONERTE: – Det er fantastisk, tykte kronprins Haakon etter at syskenparet Kristin og Jørn Braa hadde fortalt om helseinformasjonssystemet HISP. Og kronprinsesse Mette-Marit var like imponert. Det var ho som tok inititiavet til dagens  nettmøte med Kristin og Jørn Braa. 

Foto: Skjermdump frå Skaugum

Kronprinsesse Mette-Marit har fylgt med på arbeidet som syskenparet Kristin og Jørn Braa har gjort for å utvikla helseinformasjonssystemet HISP gjennom lang tid. Det var også ho som tok initiativet til dagens nettmøte med søskenparet, og ho fekk med seg kronprins Haakon på laget, får Uniforum opplyst frå Erik Abild i staben til kronprinsparet.

Jørn Braa kunne først smilande avsløra at han er nesten nabo med kronprinsparet og ser bort til Skaugumåsen frå huset sitt.

Fekk slutt på lastebilkø

Så tok systera Kristin Braa over og fortalde om ein konkret episode som viser korleis helseinformasjonssystemet HISP nyleg har kome til nytte. Ho viste fram eit bilete av ein lang kø med lastebilar.

– Nesten all varetransport i den sørlege delen av Afrika går gjennom Uganda. Denne køen oppstod fordi sjåførane mangla bevis på at dei hadde fått eit negativt svar på ein covid-19-test. Ved hjelp av det mobilbaserte programvaren som me har utvikla, DHIS2, kunne dei kontakta helsestasjonen som hadde tatt testen og senda over data til sjåførane. Så var det mogleg å få ei utskrift av det frå ein skrivar på grensestasjonen. På den måten kunne sjåførane kjøra vidare med varene sine, fortalde ho kronprinsparet.

Oppdaga første koronasmitta på Sri Lanka

Både Kristin Braa og broren Jørn Braa kom også inn på korleis Sri Lanka allereie hadde innført det mobile helsedatasystemet, men etter kvart ville utvida stadene der det var i bruk. 

Kristin Braa viste til at Sri Lanka  allereie hadde starta t å utvikla DHIS2-systemet for overvaking av covid-19 tidleg i januar i fjor, før sjukdommen blei erklært som ein pandemi, og innførte systemet ved flyplassane med ein gong etter det første tilfellet blei registrert i landet 27. januar.

 –  Det var lenge før smitten kom til Europa og Nord- og Sør-Amerika, konstaterte Kristin Braa.  

SKRYT FRÅ KRONPRINSPARET: Syskenparet Kristin og Jørn Braa fekk skryt frå kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit under eit nettmøte onsdag formiddag. Dette biletet blei tatt i 2013, året dei fekk UiOs innovasjonspris for utviklinga av helseinformasjonssystemet HISP.(Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

Starta i Sør-Afrika

Jørn Braa kunne også fortelja kronprinsparet korleis eventyret med helseinformasjonssystemet starta.

– Eg held på med doktorgraden og var derfor i Sør-Afrika i 1994 akkurat då Nelson Mandela tok over makta. Frå apartheidsystemet hadde dei arva eit system der folk var delt inn i bantustans og regionar etter rasar. Då var det stor skilnad på helsestatus og styresmaktene trengte eit system for å få inn helsedata frå alle desse områda. I samband med dette begynte me å få sving på softwaren vår frå 1992. Mellom 2000 og 2001 var heile landet dekt med dette helsedatasystemet. Om det skjedde endringar, var det mogleg å endra det med ein gong. Og frå Sør-Afrika spreidde systemet seg vidare til India og andre afrikanske land, oppsummerte Jørn Braa starten på helseinformasjonssystemet. Det har han utvikla saman med systera og andre kollegaer på UiO og i samarbeidslanda.

Kenya først ute med mobilbasert system

Det som begynte som ein programvare for helsedata, blei etter kvart utvikla til å bli det webbaserte programmet DHIS2. Ifylgje titan.uio.no  er programvaren DHIS 2 (District Health Information System) kjernen i HISP (Health International Systems Programme). Det er eit verktøy for innsamling, validering, analyse og presentasjon av helsedata. Det er utvikla ved hjelp av fri programvare og open kjeldekode. DHIS 2 er no ein internasjonal standard, står det hos titan.uio.no

 I 2008 fekk DHIS2 innpass i Sierra Leone, før andre vestafrikanske land hang seg på. Og i 2011 kom gjennomslaget i Kenya.

– Det landet var aller først ute med eit mobilbasert system. Og då begynte dette helsedatasystemet å ta av overalt, hugsa Jørn Braa.

Og Kristin Braa rekna fort saman kor mange personar som blir dekte av det systemet i dag.

 – 2,3 milliardar menneske kan ha samla alle sine helsedata gjennom desse systema i dag, konstaterte ho.

Ei kvinne helsar på ein mann
PÅ ZANZIBAR: Prosjektleiar og UiO-professor Kristin Braa helsar på Zanzibars helseminister Hamad Rashid Mohamed  som kom på opninga av  DHIS2 android implementers academy i desember 2018.(Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

Samarbeider med internasjonale hjelpeorganisasjonar

Kronprinsesse Mette-Marit lurte på om det var helsedepartementa i enkeltlanda som styrer programma.

– Ja, det er rett, svarte Kristin Braa. Ho viste også korleis den amerikanske hjelpeorganisasjonen PEPFAR hadde tatt i bruk deira system for å samla inn helsedata i Afrika i samband med kampen mot Aids-epidemien.

– Den viktigaste finansieringa har me fått frå Universitetet i Oslo som har vore vår beste venn i tillegg til Norad, understreka ho.

Interessa frå PEPFAR førte også til at andre private organisasjonar og privatpersonar blei med på finansieringa.

– Gates-stiftinga blei med saman med andre organisasjonar og dei bidrog alle med eit handtrykk og 1 million dollar kvar. Det var ikkje nødvendig å skriva ein formell avtale, avslørte Kristin Braa.

Vert brukt i kampen mot spreiing av koronaviruset

No har dei også lansert appar som er basert på standardane til Verdas helseorganisasjon.

– Då kan dei brukast til å overvaka tilfelle av Aids, malaria, difteri og kor mange som får vaksiner, la ho til. Helseinformasjonssystemet som er utvikla av Kristin og Jørn Braa saman med kjernegruppa (core team) på HISP ved Institutt for informatikk på UiO og alle samarbeidspartnarane rundt i verda, er også tatt i bruk i kampen mot spreiinga av koronaviruset.

Jørn Braa viste til at 37 land brukar systemet for å overvaka koronasituasjonen.

– Palestina er eit av dei siste landa som har tatt det i bruk ved hjelp av Sri Lanka. Noreg er det første landet i Europa som har tatt det i bruk, opplyste han og Kristin Braa til kronprinsparet.

Masterstudentar har seinare tatt doktorgrad på UiO

Dei var begge opptatt av at helsedatasystemet har ført til oppretting av masterprogram i alle land som har tatt det i bruk.

– Nokre av masterstudentane har gått vidare og tatt doktorgrad på UiO, og så har dei dratt tilbake til heimlanda sine og bygd masterprogrammet vidare. Og alle dei som er med på dette arbeidet blir verande og brukar heile karrieren sin på det, slo syskenparet Braa fast overfor kronprinsparet.

– Me er imponerte over arbeidet som de gjer. De har gjort at mange menneske har fått eit betre liv, var karakteren Kristin og Jørn Braa fekk frå kronprinsparet.

– Fantastisk

Kronprins Haakon ville også vita om dersom han ville gå inn på nettsidene til Verdas helseorganisasjon og sjå kor mange covid-19-tilfelle det var på Sri Lanka, om dei då har brukt helsedatasystemet som blei utvikla av Kristin og Jørn Braa og medarbeidarane deira.

– Ja, det stemmer, var svaret dei fekk.  – Det er fantastisk, tykte kronprins Haakon.

Kronprinsesse Mette Marit lurte på om det var familiebakgrunnen deira som gjorde at dei var så internasjonalt interesserte.

– Var foreldra dykkar misjonærar eller noko slikt? spurte ho.

– Faren vår var ein av dei første informatikarane på UiO og han jobba tett saman med Kristen Nygaard, som var blant dei som utvikla SIMULA-programmet. Mora vår var ein feminist frå dag 1, sa Kristin Braa.

Etter møtet uttrykte rektor Svein Stølen stor glede over arbeidet Jørn og Kristin Braa har gjort.

– Det har mykje å seia for UiO. Dei er utruleg viktige for universitetet, slo han fast.

Og Kristin og Jørn Braa var heller ikkje i tvil om kven som hadde vore den beste støtta deira. 

– Det har først og fremst vore Universitetet i Oslo, og NORAD. Dei har vore våre beste venner, understreka dei nok ein gong.

(Oppdatert og korrigert 14. januar kl. 17:27 med informasjon om bruken av DHIS2 til covid-19-overvaking på Sri Lanka og har retta opp talet på landa som brukar DHIS2 til covid-19-overvaking frå 90 til 37

Emneord: Informatikk, Internasjonalisering, Afrika, Asia, koronaviruset, koronavirus Av Martin Toft
Publisert 13. jan. 2021 20:19 - Sist endra 19. jan. 2021 12:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere