Tor Egil Førland skal leia filosofiinstituttet på UiO

Tor Egil Førland (60) går frå å vera tilsett instituttleiar ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) til å bli  instituttleiar ved probleminstituttet IFIKK. Les kven andre som er tilsette som instituttleiarar.

NY JOBB: Tor Egil Førland er tilsett i eit fire år langt åremål som instituttleiar for Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk. frå nyttår.  (Arkivfoto)

Foto: Yngve Vogt, Apollon

Det var på fredag fakultetsstyret på Det humanistiske fakultetet (HF)  formelt tilsette nye leiarar for seks av dei sju institutta. Det skjedde fem månader etter ei stor felles utlysing. 

Oversynet som er lagt ut på nettsidene til HF viser altså at veteranen Tor Egil Førland går frå ein  instituttleiarjobb til ein annan. Tidlegare har han også vore prodekan på fakultetet.  Han har dessutan vore avsvarleg redaktør for Norgeshistorie på nett, som no er blitt til nettstaden norgeshistorie.no  

Eit institutt i økonomisk spagat sidan 2018

Den neste store oppgåva hans blir altså å leia Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) . Det er eit institutt som har vore i ein økonomisk spagat heilt sidan 2018. Seinast i sommar fekk fakultetsstyret på HF ein rapport om den økonomiske situasjonen på IFIKK  på bordet. Den viste at det var ti stillingar meir i staben enn det økonomien kan klara. Arbeidsgruppa som blei leia av prodekan Gunn Enli, var likevel  fast bestemt på at det ikkje skulle kuttast  i studietilbodet i ex.phil. 

Deltok i kartlegginga av økonomien på IFIKK

Kartlegginga viste at ressurssituasjonen til instituttet blir kritisk før 2024, men den kan også bli kritisk frå hausten 2021, stod det i rapporten til arbeidsgruppa. Fleire profilerte tilsette ved IFIKK har også slutta det siste året, noko mellom andre Klassekampen har skrive om. 

Dette er mellom dei utfordringane Tor Egil Førland skal ta tak i når han overtar som instituttleiar frå og med årsskiftet. Og det er problem han også kjenner godt til, for han var sjølv med i arbeidsgruppa som stod bak kartlegginga av den økonomiske situasjonen på IFIKK.

Uniforum har bede Tor Egil Førland om ein kommentar til at han er tilsett som ny instituttleiar på IFIKK. Han svarar at han ikkje har noko å seia om det no, men vil heller koma sterkare tilbake igjen seinare.

«Den mest spennende jobben man kan ha på HF»

 Då det blei kjent at han var blant søkjarane den 29. april i år, uttalte han derimot fylgjande til Uniforum:

" – Å lede IFIKK er en stor utfordring, i og med de økonomiske problemene instituttet har havnet i. Samtidig er det et institutt med enormt potensial, og jeg vil gjerne bidra", sa Førland til Uniforum.

"– Å lede IFIKK er den mest spennende jobben man kan ha på HF akkurat nå. Om ikke på hele UiO", vurderte han. 

Christine Amadou fungerer som instituttleiar for IFIKK, fram til Tor Egil Førland kan overta stillinga i januar etter åtte år som instituttleiar for IAKH.

Dette er alle dei nye instituttleiarane på HF:

Jon Vidar Sigurdsson, 61, professor i historieInstitutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH);

Tor Egil Førland, 60, instituttleiar og professor i historie, Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK):

Rune Svarverud, 61, professor i Kina-studiar, Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS):

Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy, 42, professor i nordisk litteratur, Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN):

Christine Meklenborg Nilsen, 48, professor i fransk språk, Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS):

Zafer Özgen, 56, instituttleiar, Institutt for musikkvitskap (IMV)

 

Alle instituttleiarane er tilsette i eit fire år langt åremål, og dei vil ta til i jobben rett etter nyttår.

Det einaste instituttet som ikkje har tilsett ny instituttleiar i denne omgang, er Institutt for media og kommunikasjon (IMK). Der blei Eiri Elvestad tilsett som ny instituttleiar i 2019. 

 

Emneord: IFIKK, IAKH, ILN, IKOS, IMV, ILOS, HF, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 29. sep. 2020 16:37 - Sist endra 1. okt. 2020 17:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere