IFIKK-tilskot på 10 millionar blir truleg omgjort til lån

Institutt for filosofi- , idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) får likevel ikkje eit tilskot på 10 millionar kroner frå  Det humanistiske fakultetet.  Kritiske innspel frå fleire instituttleiarar har fått dekanen til å snu. Men IFIKKs instituttleiar er ikkje nøgd.

FORESLO LÅN: Dekan Arne Bugge Amundsen har i samråd med instituttleiarar kome fram til at IFIKK får eit lån på 10 millionar kroner i staden for eit øyremerkt tilskot på same sum.

Foto: Ola Sæther

Det var i det første framlegget til budsjettfordeling før møtet i fakultetsstyret den 21. september, HF- dekan Arne Bugge Amundsen kom med eit framlegg om å løysa det store meirforbruket på IFIKK-budsjettet med eit eingongstilskot på 10 millionar kroner frå fakultetet. I tillegg skulle fakultetet betala eit mellomlegg på til saman 2,5 millionar kroner som skulle kompensera for at UiOs varige støtte til  fagmiljø som tidlegare hadde vore senter for framifrå forsking, gradvis ville falla bort og vera heilt vekke i 2021.

 • Les også i Uniforum:  HF-dekan vil dekkja IFIKK-underskot på 12,5 millionar kroner

 • Les også i Uniforum: HF-dekan om IFIKK-underskudd: – Alle sidene ved saken må belyses

                                        

Reagerte negativt

Fleire instituttleiarar reagerte negativt og var skeptiske til forslaget om eit øyremerkt tilskot, ein av dei var instituttleiar Tor Egil Førland ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH).  Ein epost  med kritiske merknader frå han var også lagt ved orienteringssaka frå fakultetsdirektør Monica Bakken då saka kom opp i møtet i fakultetsstyret fredag 26. oktober. Dei  viste til at forslaget ville føra til ein dei andre institutta ville få redusert sine budsjettrammer. Samtidig  uttrykte dei at det var  behov for ei grundigare utgreiing for tidslinje- og årsaksforhold.  Dei rådde også til at det ikkje skulle takast noka avgjerd  om det skulle gjevast støtte til IFIKK, før etter at resultatet av ei kartlegging vil liggja på bordet.  

La fram ny løysing

Argumenta frå instituttleiar Tor Egil Førland  og dei andre instituttleiarane er blitt lagde så stor vekt på at dekan Arne Bugge Amundsen og fakultetsleiinga har kome fram til ei ny løysing. Den går ut på at framlegget om ei øyremerkt tildeling til IFIKK på 10 millionar frå fordelingar for 2019, blir tatt ut,  går det fram av sakspapira.  Det nye forslaget går ut på at inndekninga av 10 millionar av det samla meirforbruket skal gå føre seg gjennom ei omdisponering i rekneskapen for 2018 og skal reknast som eit lån til Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK). Lånet skal betalast tilbake og det skal ha bestemte vilkår, står det i saksdokumentet. 

Skal setja i gang ei kartlegging

Etter at  instituttleiar Beate Elvebakk ved IFIKK har sagt frå om at det ikkje er avgjerande om eit lån blir utbetalt før eller etter årsskiftet 2018/2019, har dekan Arne Bugge Amundsen bestemt at det skal setjast i gang ei kartlegging av tidslinje og årsaksforhold før det blir sett i gang ein diskusjon om  støtteordning til IFIKK.  Dermed vil dekanen i samråd med instituttleiaren på IFIKK starta ei kartlegging av den økonomiske situasjonen på instituttet.  «Hensikten med en ny og mer detaljert kartlegging er å sikre læring og forhindre lignende hendelser i fremtiden» står det i saksdokumentet. 

Arbeidsgruppe utan HF

Dekan Arne Bugge Amundsen gjorde det klart at ingen frå Det humanistiske fakultetet skulle vera med i arbeidsgruppa. Han såg føre seg at han på fullmakt kunne velja ut ein representant frå UiO sentralt, ein representant på direktørnivå frå eit anna fakultet og ein sekretær frå eit anna fakultet. Men det er altså enno ikkje endeleg avgjort kven som skal sitja i den arbeidsgruppa som skal opprettast.  Mandatet til gruppa er heller ikkje bestemt. Det vil  fakultetsstyret bli orientert om i møtet i november, går det fram av saksdokumenta.

GLAD: – Eg er glad for at det blir sett ned ei gruppe på denne måten.  Me må ha ei grunnlagsoppfølging der folk snakkar fritt, sa Bjørn Ramberg, representant for dei fast vitskaplege i fakultetsstyret på HF. (Foto: Ola Sæther)

Representant for dei faste vitskaplege tilsette i fakultetsstyret, Bjørn Ramberg, var  på møtet positiv til  forslaget til løysing. – Eg er glad for at det blir sett ned ei gruppe på denne måten.  Me må ha ei grunnlagsoppfølging der folk snakkar fritt. Det er ein viktig psykologisk motivasjon. No er det krisestemning på IFIKK der dei tilsette må leva under eit hardt press. Det blir kutta både i kvalitet og i overtidstimar. Samtidig er det viktig at me ikkje gløymer  den menneskelege dimensjonen, understreka han.

Også den andre representanten for dei vitskaplege tilsette, Gjertrud F. Stenbrenden var opptatt av den saka. – Årsakssamanhengen må sjekkast, sa ho.

Eksternt styrerepresentant Svein Skarheim meinte det var bra at epost-diskusjonen med instituttleiar Tor Egil Førland var lagt ved i denne saka.

– Ville vore betre med gjeldssanering

Instituttleiar Beate Elvebakk ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk er ikkje udelt positiv til den nye løysinga som dekanen og fakultetsstyret no går inn for.

– Frå  IFIKKs perspektiv ville det openbert vore gunstigare med gjeldssanering enn lån. Det er ein risiko for at det opparbeidde underskotet blir svært stort før situasjonen snur, og med låneløysinga  kan det vera vanskeleg å sjå føre seg at instituttet kjem  i økonomisk balanse i overskodeleg framtid, seier Beate Elvebakk til Uniforum, som også peikar på at det heng saman med korleis løysinga blir sjåande ut.

HELLER GJELDSSANERING: – Frå  IFIKKs perspektiv ville det openbert vore gunstigare med gjeldssanering enn lån, synest instituttleiar Beate Elvebakk. (Foto: Annica Thomsson /HF/UiO)

 – Når det er sagt, vil dette naturleg nok i stor grad avhenga av den konkrete utforminga av denne løysinga.  I utgangspunktet kan det vera vanskeleg å sjå at det i det heile avhjelper IFIKKs situasjon, sidan det å ha eit meirforbruk reint økonomisk ikkje ser ut til å skilja seg nemneverdig frå å motta eit lån frå HF, så me er naturlig nok interesserte i at det blir gjort  klart kva denne skilnaden skal bestå i.

–Trur du at det vil hjelpa til med å få økonomien dykkar på fote igjen?

– I utgangspunktet har eg problem med å sjå at dette medfører en særleg skilnad frå no-situasjonen, men me er opne for at den endelege utforminga av tiltaket vil gjere dette klarare.

Nøgde med kompensasjon

– HF har også lovt å betala ein kompensasjon på 2,5 mill. kroner for dei pengane som de ikkje lenger vil få frå UiO etter 2021 som tidlegare vertsinstitutt for ein SFF. Er du nøgd med at de får kompensasjon frå HF for bortfallet av den varige støtta frå UiO sentralt til vertsinstitutt for SFF-ane?

– Denne delen av løysinga er me svært nøgde med. Ideelt sett ville me sjølvsagt gjerne hatt ei løysing som strekte seg lengre framover i tid, sidan den opphavlege støtta  altså var «varig». Men me er glade for at fakultetet på denne måten anerkjenner både det store arbeidet som er nedlagt i SFF-en, og at dette var eit kutt som ikkje kunne føresjåast av instituttet, seier Beate Elvebakk.

  • Les også protokollen frå møtet i fakultetsstyret ved HF frå den 26. oktober

 

 

 

Emneord: HF, Økonomi. Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2018 04:00 - Sist endra 31. okt. 2018 09:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere