HF-dekan vil dekkja IFIKK-underskot med 12,5 millionar kroner

Dekan Arne Bugge Amundsen har føreslått å gi eit tilskott på 12,5 millionar kroner frå HF-budsjettet for å dekkja underskotet ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK). Tilskottet skal dekkjast med kutt på andre budsjett.

VIL DEKKJA UNDERSKOT: HF-dekan Arne Bugge Amundsen føreslår at IFIKK-underskotet blir dekt med eit samla tilskott på 12,5 millionar kroner.

Foto: Ola Sæther

Det er i forslaget til fordeling av det samla budsjettet til HF på 642,7 millionar kroner, det går fram at IFIKK får ein auke frå 70,2 millionar i 2018 til 85,2 millionar kroner på budsjettforslaget for 2019. Desse pengane skal dekkja det underskotet som har bygt seg opp hos instituttet gjennom fleire år. Samtidig får dei andre institutta på HF ein heller liten auke, Institutt for media og kommunikasjon får til dømes ein auke på rundt 323 000, medan Institutt for musikkvitskap må tola eit kutt på rundt 3,4 millionar kroner. 

Dette er forslaget til budsjett for IFIKK for 2019:

IFIKKs 2018-budsjett:  70, 202 millionar

IFIKKs 2019-budsjett    85,245 millionar Inkludert ekstra støtte på 12,5 millionar for å dekkja akkumulert underskot)

Endeleg budsjettavgjerd 26. oktober

Framlegget til budsjettfordeling var oppe til diskusjon i fakultetsstyret 21. september og kjem opp igjen til endeleg avgjerd i møtet den 26. oktober.  Det vil skje like før dekanvalet tar til den 28. oktober. Eit viktig poeng er også at ein stor del av underskotet på IFIKK blei opparbeidd dei åra Mathilde Skoie var instituttleiar der. No er ho prodekankandidat for Frode Helland, som er sitjande dekan Arne Bugge Amundsens motkandidat under dekanvalet i månadsskiftet oktober/november.

I budsjettdokumentet går det fram at fakultetsleiinga tidlegare har forklart styret om den vanskelege økonomiske situasjonen ved IFIKK. Derfor vedtok instituttet i juni ein spareplan, og det har også sett i gang med dei første tiltaka for å redusera meirforbruket i langtidsperioden fram til 2021. Likevel vil meirforbruket halda fram i høg fart, går det fram av bakgrunnsnotatet frå dekan Arne Bugge Amundsen.  Derfor har han føreslått to mellombels tiltak for å støtta opp under instituttet sitt arbeid med å bringa økonomien i balanse på lang sikt.

Dette er den føreslåtte fordelinga til dei andre institutta:

IAKH:  2018: 63, 473 mill.

            2019: 63,471 mill.

IKOS: 2018: 62,414 mill.

          2019: 62, 537 mill.

ILOS: 2018: 89,082 mill.

          2019:  89,562 mill.

ILN: 2018: 91,524 mill.

       2019: 92,310

IMK: 2018: 34,178

        2019: 34,501

IMV: 2018: 36,860

         2019: 33,379

DNIR: Det norske instituttet i Roma:

2018: 5.331                                                                   2019: 5,240

Felles sum for alle institutta:     2018: 452,9

2019: 468,8

HF felles       2018:  180,810 mill.

                     2019: 174,380 mill.

HF totalt:  2018: 634,3 mill.

                 2019: 642,7 mill

(Tala er henta frå dokument for budsjettfordeling ved HF, frå møtet i fakultetsstyret 21. september 2018)

Mista varig SFF-støtte frå UiO

Som vertsinstitutt for det no tidlegare senteret for framifrå forsking, Senter for studiar av rasjonell, språkleg og moralsk handling (CSMN) fekk instituttet tidlegare ei varig løyving på 2 millionar årleg frå UiO sentralt. Denne støtta slutta å vera varig i 2017 og gjekk over til å bli ei støtte som blir fasa ut etter fire år.

I budsjettforklaringa går det fram at sidan instituttet rekna med at denne støtta ville vera permanent, brukte dei pengane til å oppretta nye faste stillingar. I 2018 blei støtta redusert til 1,5 millionar, medan den vil vera heilt borte i 2021. Dermed foreslår dekanen at HF dekkjer differansen mellom den mellombelse støtta frå UiO og den opphavlege støtta på 2 millionar kroner i utfasingsperioden. I praksis vil det utgjera 1 million i 2019 og 1,5 millionar i 2020.

I tillegg innstiller dekanen på at det blir løyvd eit tilskott på 10 millionar kroner til delvis reduksjon av det akkumulerte underskotet ved slutten av 2018. Utrekninga viser at instituttet sitt meirforbruk vil koma opp i 16 millionar i 2018. Med ti millionar kroner ekstra i tilskott, vil dermed underskotet bli sanert, slik at det kjem på seks millionar kroner. Det vil også hindra at meirforbruket tar seg opp dei neste åra, ifylgje notatet frå dekanen. Der går det også klart fram at meirforbruket til IFIKK i praksis blir dekt av andre kutt i årets fordeling.  IFIKK vil dermed få eit samla ekstra tilskott frå HF sentralt på 12,5 millionar kroner, inkludert kompensasjonen for den manglande dekkinga frå UiO sentralt for å vera vertsinsttutt for eit senter for framifrå forsking.

Den endelege fordelinga vert altså bestemt på møtet i fakultetsstyret 26. oktober.

Urealistisk å klara det utan bistand frå fakultetet

Dekan Arne Bugge- Amundsen viser til at fakultetsstyret heile tida er blitt halde informert om den vanskelege økonomien til IFIKK og korleis instituttet har tenkt å gå fram for å snu utviklinga.


– Fakultetsstyret har blitt fortløpande orientert om den krevjande økonomiske situasjonen på IFIKK og instituttet sitt arbeid med å snu den økonomiske utviklinga. Det blei informert om dette på møte både 2. mars og 8. juni i år. Mi vurdering har vore og er stadig, at situasjonen er av ein slik art at det ikkje er realistisk at IFIKK skal greia dette heilt utan noka form for bistand frå  fakultetet, på same måte som fakultetet også tidlegare på ulike måtar har hjelpt institutt i krevjande økonomiske situasjonar.

– Sakspapira til fakultetsstyret sitt møte 26. oktober er ikkje ferdige enno, men innretninga på assistansen til IFIKK vil bli føreslått på grunnlag av diskusjonar i fakultetsstyret og i instituttleiargruppa. Sakspapira blir  lagde ut 19. oktober.

– Fakultetsstyret tar avgjerda, ikkje dekanen

Nokre meiner at forslag om tilskott kjem akkurat no fordi det er dekanval og du vil gjerne bli attvald. Kva er din kommentar til det? 

– Dette er eit ansvar som kviler på meg som dekan, dekanval eller ikkje. At dette fell saman i tid er tilfeldig. Og det er fakultetsstyret som tar avgjerda,, ikkje dekanen.

– Dei fleste andre institutta får ein liten auke i forslaget til budsjett, medan IMV  får fleire millionar mindre enn det dei har på årets budsjett. Reknar du med at du likevel får fleirtal for dette forslaget i fakultetsstyret? 

– Som allereie nemnt vert det framleis arbeidt med denne saka. Det forslaget som blei lagt fram på fakultetsstyremøtet i september, var eit grunnlag for ein førebuande diskusjon.

– Kva vil skje dersom forslaget ikkje får fleirtal i fakultetsstyret?

– Viss eit vedtaksforslag ikkje får fleirtal, kan det i møtet bli vedtatt eit alternativ, eller saka kan utsetjast til eit seinare møte der det vert utarbeidt  eit nytt vedtaksforslag i samsvar med styret sine signal. Dette er vanleg prosedyre, seier dekan Arne Bugge Amundsen til Uniforum.

Motkandidaten har ikkje tru på modellen

Uniforum har også vore i kontakt med Frode Helland som er leiar for Ibsensenteret og som er motkandidaten til Arne Bugge Amundsen under dekanvalet i månadsskiftet oktober/november for å høyra kva han synest om forslaget til budsjettfordeling. Han er ikkje overtydd om at den første modellen blir den endelege.

IKKJE TRU: – det må vera lov å seia at eg ikkje har veldig stor tru på den modellen som du nemner her – det er mitt inntrykk at det blir jobba med andre modellar ved fakultetet no, seier dekankandidat, Frode Helland, som no er leiar for Ibsensenteret ved Det humanistiske fakultetet (Foto: Ola Sæther)

 

Dette skal og må bestemmast no, og det vil vera feil av meg å forsøka å blanda meg inn i prosessen. Men det må vera lov å seia at eg ikkje har veldig stor tru på den modellen som du nemner her – det er mitt inntrykk at det blir jobba med andre modellar ved fakultetet no.


– Nokre meiner at forslag om tilskott kjem akkurat no fordi det er dekanval og Bugge Amundsen gjerne vil bli attvald. Kva er din kommentar til det?

– Kva som går føre seg i Bugge Amundsens hovud vil ikkje eg ha noka formeining om. Men eg tvilar på at akkurat dette er ei særleg god valkampsak. Handteringa av saka frå dekanen si side er i det heile tatt lite imponerande, ja, at saka først kjem opp i si fulle breidde no, på tampen av 2018, er i seg sjølv oppsiktsvekkjande.

– Kan slå fleire vegar

– Mesteparten av underskotet blei opparbeidt då Mathilde Skoie var instituttleiar ved IFIKK. Er du redd for at denne saka vil skada dykkar kandidatur i dekanvalkampen?

 – Vel, dette underskotet  har også fått akkumulera seg i det stille, medan Arne Bugge Amundsen har vore dekan, så det er i alle fall ei sak som kan slå fleire vegar. Det verkar i dag opplagt at det blei tatt nokre ukloke avgjerder av instituttleiinga ved IFIKK, men det er fleire som bør dela  på ansvaret for dagens vanskar, inkludert tidlegare instituttleiar og den sitjande dekanen, seier Frode Helland.

 Han peikar på at alle tilsetjingar også må bli godkjent  av fakultetsleiinga.

– Det er trass alt slik at alle tilsetjingar ved HF er grunngjevne i ein stillingsplan, som byggjer på prognosar og talmateriale som blir leverte av fakultetet. Stillingsplanar  vert vedtekne av instituttstyret og godkjende  av fakultetet. Ei kvar stillingsutlysing  vert godkjent av HF og dekanen, og tilsetjingar skjer på fakultetsnivået, så det er klart at det er fleire som må dela på ansvaret for at ting kunne gå så gale, seier Frode Helland.  Han ber no om at det blir ein ærleg gjennomgang av saka.

– Denne saka synest altså å vera eit resultat av ein eller fleire systemfeil, og det er noko me må læra av som organisasjon. Då kan me ikkje gå ut og leita etter syndebukkar, men i staden  ha ein ærleg gjennomgang av saka – med det målet å forhindra at noko slikt kan skje igjen.

– Dei fleste andre institutta får ein liten auke i forslaget til budsjett, medan Institutt for musikkvitskap (IMV)  får fleire millionar mindre enn det dei har på årets budsjett. Reknar du med at Bugge Amundsen  likevel får fleirtal for dette forslaget i fakultetsstyret?

– Som sagt trur eg det kjem eit justert forslag til neste møte i fakultetsstyret, og me får sjå kva det inneber.

– Kva vil skje dersom forslaget ikkje får fleirtal i fakultetsstyret?

– Det vil eg ikkje spekulera i.

Lovar ny gjennomgang

– Om du blir vald til dekan, vil du halda oppe denne støtta?

Me går ikkje til val på omkampar, men akkurat denne saka vil nok dessverre koma opp igjen. Og då er det ekstremt viktig at me har gode prognosar og korrekte tal å halda oss til. Eg forstår godt at de andre institutta ikkje ser med blide auge på ein situasjon der dei så å seia må bera  børene  for IFIKK. Om eg blir vald vil det heile bli gjennomgått – med vekt på openheit, og med ei direkte tilnærming, lovar Frode Helland.

Uniforum har også vore i kontakt med Peter Edwards som er instituttleiar for Institutt for musikkvitskap. I utkastet til budsjettfordeling som blei lagt fram på møtet i fakultetsstyret den 21. september, var det sett av 3,4 millionar mindre enn i årets budsjett til instituttet han leier.  Edwards viser til at det  førebels er vanskeleg å kommentera det første utkastet til budsjett for Institutt for musikkvitskap som blei lagt fram i fakultetsstyret 21. september.

– Denne saka har sidan blitt diskutert med instituttleiarane og fakultetsstyret, og forslaget slik det er lagt fram i dokumentet du viser til, blir endra. Det har ikkje kome eit oppdatert forslag førebels og då har eg dessverre  enno ikkje oversyn over korleis tala vil sjå ut, er svaret Peter Edwards gir til Uniforum.

Utan hell har Uniforum også forsøkt å få i tale Marika Lüders som er instituttleiar ved Institutt for media og kommunikasjon, som i førsteutkastet ligg an til å få ein liten auke på 323 000 kroner. Tidlegare instituttleiar ved IFIKK Mathilde Skoie har ikkje fått høve til å koma med ein kommentar no før helga. Men overfor Uniforum gjer ho det klart at ho etter helga gjerne svarar på grunnen til at instituttet fekk eit for stort meirforbruk i hennar periode som instittutleiar frå 2009-2016. Uniforum har også vore i kontakt med ettterfylgjaren hennar, Beate Elvebakk. Ho ventar no på ei oppdatering av budsjettforslaget før ho kan kommentera innhaldet, slik at ho ikkje vurderer det på sviktande grunnlag. Det reviderte forslaget til budsjettfordeling blir lagt fram  av dekanen den 19. oktober. Den endelege avgjerda vert altså tatt i fakultetsstyret den 26. oktober.

(Oppdatert 13.10. med korrekte 2018- og 2019-tal for Institutt for media og kommunikasjon)

 

 

 

 

Emneord: Økonomi, HF Av Martin Toft
Publisert 12. okt. 2018 16:48 - Sist endra 15. okt. 2018 12:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere