Mathilde Skoie om IFIKK-underskot: – Eg tar på meg min del av ansvaret

– Eg tar sjølvsagt på meg min del av ansvaret for at IFIKK no er i ein svært alvorleg situasjon, seier tidlegare instituttleiar Mathilde Skoie.

DYSTERT: – Situasjonen begynte for alvor å snu i mitt siste semester – hausten 2016. Det siste langtidsbudsjettet til IFIKK såg då svært dystert ut, fortel tidligera instituttleiar Mathilde Skoie, som no er prodekankandidat for Frode Helland under dekanvalet på HF.

Foto: HF/UiO

Mathilde Skoie meiner likevel at også andre må ta på seg ansvaret for at det over fleire år hopa seg opp eit stort underskot ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie  og klassiske språk (IFIKK).

– Samtidig er det klart at alle større avgjerder som stillingsplan og tilsetjingar blei godkjende av dekanen og har vore gjorde på bakgrunn av talmateriale frå HFs økonomiseksjon, presiserer ho.

Ville dekkja IFIKK-underskot

Det var sist fredag Uniforum kunne fortelja at HF-dekan Arne Bugge Amundsen ville dekkja underskotet ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk med 10 millionar kroner på neste års budsjett, og i tillegg ei løyving på til saman 2,5 millionar kroner som skal dekkja mellomlegget etter at UiO sentralt har bestemt at det likevel ikkje blir ei varig støtte på 2 mill. kroner i året til institutt som er vertar for senter for framifrå forsking. Desse pengane blir fasa heilt ut i løpet av 2020. I ein god del av den tida då meirforbruket  eller eventuelt det akkumulerte underskotet bygde seg opp på IFIKK, var professor Mathilde Skoie instituttleiar. Då ho gjekk av, hadde IFIKK framleis 14 millionar kroner i akkumulert overskot, opplyser ho til Uniforum.

No er ho også aktuell som prodekankandidat for professor Frode Helland.  Ho ser at det er fleire forklaringar på underskotet, og derfor ser ho fram til ein gjennomgang.

– Biletet er veldig samansett. Eg ser fram til ein gjennomgang  - ikkje minst slik at me kan læra av dette. I min åtteårige periode som instituttleiar har økonomien svinga, men generelt har me «slite» med store overskot. Me har søkt å styra ved hjelp av langtidsbudsjettet, men har opplevd at dette har vore eit problematisk styringsverktøy. Med ein SFF og fleire eksterne prosjekt fekk me ei kraftig innsprøyting i økonomien, men spørsmålet har vore i kva grad ein faktisk kunne rekna med dette framover og bruka nettobidraget til tilsetjingar. Det er mogleg eg burde ha visst betre, men eg forsøkte etter beste evne å styra i samsvar med dei tala og råda me fekk frå fakultetet, seier Mathilde Skoie til Uniforum. 

Dystert langtidsbudsjett

Ho peikar på at det forverra seg hausten 2016.

– Situasjonen begynte for alvor å snu i mitt siste semester – hausten 2016. Det siste langtidsbudsjettet til IFIKK såg då svært dystert ut. Det skuldast  ein kombinasjon av fleire faktorar, men særleg ein kombinasjon av sentrale rammekutt (ca. 10 % i året på IFIKK) på toppen av ein nedgang i resultatmidlar og ekspansiv tilsetjingspolitikk, konstaterer ho.

Skoie viser også til at avgjerder frå sentralt hald var medverkande til dette.

– Ettertida skal ikkje eg uttala meg spesielt om, men det er, som det jo blei gjort greie for i Uniforums oppslag, klart at universitetsstyrets vedtak om å fjerna den varige støtta til SFF og ERC-prosjekt forverra situasjonen betrakteleg.

– Fekk råd om ikkje å setja på bremsene

– Var det noko du som instituttleiar kunne ha gjort for å hindra at underskotet blei så stort?

– Eg tar sjølvsagt på meg min del av ansvaret for at IFIKK no er i ein svært alvorleg situasjon. Samtidig er det klart at alle større avgjerder som stillingsplan og tilsetjingar blei godkjende av dekanen og har vore gjorde på bakgrunn av talmateriale frå HFs økonomiseksjon. På HF er økonomifunksjonen samla på fakultetsnivå.  Då me på IFIKK hausten 2016 såg at situasjonen i langtidsbudsjettet endra seg vesentleg i negativ retning og uttrykte uro for dette, fekk me – som ein kan lesa ut av budsjettframlegget  til styret – likevel råd frå fakultetet om ikkje å setja på bremsene enno. Trass i dette gjorde me likevel endringar for å dempa den negative utviklinga allereie denne hausten.

Ikkje gått inn i valkampen for å redda IFIKK

– Du er no prodekankandidat for Frode Helland. Støttar du framlegget frå Arne Bugge Amundsen om å dekkja underskotet på IFIKK med 12,5 millionar, av dei 10 millionar i direkte tilskott på 2019-budsjettet?

– Her synest eg Frode har svart godt på vegner av vårt team, men eg vil nytta høvet til å presisera at eg ikkje på nokon måte har gått inn i valkampen for å redda IFIKK. Eg vil særleg gjera ein innsats på forskingsfeltet der eg meiner eg har mykje å bidra med. Samtidig vil eg gjerne leggja til at ein av grunnane til at eg har tru på Frode og har vald å gå inn som hans kandidat som forskingsdekan, er at han har overtydd meg om at han nettopp vil gå seriøst inn i HFs økonomistyring og læra av denne typen erfaringar slik at me unngår slike svingingar i framtida.

– No blir tilskottet til IFIKK dekt av at andre budsjett på HF må kuttast ned.  Forstår du at nokre institutt ikkje er særleg nøgde med det?

– Det er det sjølvsagt lett å forstå – ikkje minst sidan HF går inn i ein trongare økonomisk situasjon generelt.

– Trur du at forslaget til dekanen blir vedtatt i fakultetsstyret 26. oktober eller at det kjem opp ein annan modell for løysinga av dette problemet?

– Det vil eg ikkje spekulera i, seier professor og prodekankandidat Mathilde Skoie til Uniforum.

 Dekanvalet på Det humanistiske fakultetet ved UiO startar 28. oktober og varer fram til og med 2. november. Valet er elektronisk. Dekankandidatar er sitjande dekan Arne Bugge Amundsen og leiaren for Ibsensenteret, professor Frode Helland. 

 • Les også i Uniforum:  HF-dekan vil dekkja IFIKK-underskot med 12,5 mill.kr

 

 

 

 

Emneord: HF, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 18. okt. 2018 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere