IFIKK har 10 for mange tilsette

HFs probleminstitutt IFIKK har våren 2020 10 personar for mange i staben enn økonomien kan klara. Det viser rapporten frå ei arbeidsgruppe.

Bygningen Georg Morgenstiernes hus på Blindern med blå himmel

IFIKK MÅ SPARA: Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske fag må no laga ein  økonomisk berekraftig stillingsplan. Instituttet har ti tilsette for mange enn økonomien kan bera, viser rapport.  Biletet viser Georg Morgenstiernes hus som er hovudkvarteret til IFIKK. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det skal ikkje kuttast i studietilbodet i  exphil, sjølv om IFIKK er i store økonomiske problem. Det kom fram då assisterande fakultetsdirektør Thorbjørn  Nordbø og prodekan Gunn Enli presenterte tilrådingane til arbeidsgruppa i fakultetsstyret på HF i dag.  

Mandatet til arbeidsgruppa IFIKK:

-skal arbeida fram konkrete, kort- og langsiktige løysingsalternativ for å sikra IFIKKs økonomi, og ivareta forskningsfag og studier.

- forslaga skal halda seg til dagens gitte rammer; kjente inntekter og utgifter og den vedtatte fordelingsmodellen.

- IFIKK skal ikkje oppløysast og fag skal ikkje leggjast ned eller flyttast til andre institutt. I

- FIKK treng ikkje å planleggja med å oppnå akkumulert økonomisk balanse innan 2024, men gruppa sine forslag skal bidra til at instituttet kjem  i isolert balanse så snart som mogleg.

(Kjelde: Rapport fra Arbeidsgruppen IFIKK)

Kan bli kritisk frå hausten 2021

Dei teikna eit økonomisk kart som viser at ressurssituasjonen på IFIKK blir kritisk før 2024. Men den kan bli kritisk allereie frå hausten 2021 dersom ingen av dei fire som har permisjon frå filosofi kjem tilbake og instituttet får avgangar frå tilsette før dei fyller 70 år. 

Medlemar i arbeidsgruppa:

Gunn Enli, prodekan (HF) leiar

Christine Amadou, professor IFIKK,

Astrid Lied, seniorrådgjevar, IFIKK

Øystein Linnebo, professor, IFIKK

Thorbjørn Nordbø, assisterande fakultetsdirektør

Ingvild Thorsen, førsteamanuensis, IFIKK,

Tor Egil Førland, insittutleiar, IAKH (frå og med 27.01.20)

Einar Lie, professor, IAKH, (frå og med 8. mai 2020)

(Kjelde: Rapport fra Arbeidgruppen IFIKK)

Kartlegginga til arbeidsgruppa viser altså at Institutt for filosofi,, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) i dag har 10 tilsette fleire enn det bør ha, for at økonomien skal tola det. Dei har også rekna ut at det er 17 000 timar plusstid i arbeidsplikta.

Må laga ein økonomisk berekraftig stillingsplan

Arbeidsrgruppa, som har vore leia av prodekan Gunn Enli, rår til at IFIKK no lagar ein økonomisk berekraftig stillingsplan. Samtidig tilrår dei instituttet til å gå gjennom studieprogramma slik at undervisningstilbodet vert dimensjonert i samsvar med stillingsplanen.  Prinsippet skal vera at faga med størst misforhold mellom inntektsgenerering og lønnskostnader må kutta relativt mest,  fordi det er der det er mogleg å få størst økonomisk gevinst, står det i rapporten frå arbeidsgruppa. 

Må sikra drifta av alle studieprogramma

Gruppa rår også instittuttet til å sikra drifta av alle studieprogramma sine og ta omsyn til forskingssterke fag som får inn inntekter frå forsking og publisering. Dessutan får instituttet råd om å kutta ned talet på emne. Derfor må alle studieprogramma ved instituttet gjennomgåast for å redusera emneporteføljen og ressursar brukt til undervisning.

Ynskjer at tilsette kan undervisa på tvers av fag

Arbeidsgruppa rår også til at instituttet reduserer ressursbruken tilsvarande det reduserte undervisningstilbodet, også sjølv om avgangar kjem seinare. Det vert også rådd til at plusstida kan avspaserast og at det blir gitt rom for at tilsette kan undervisa på tvers av fag.

I rapporten går det fram at sidan IFIKK i ein periode vil ha fleire tilsette enn det som det er økonomisk dekning for, må det vurderast om nokre undervisnngsressursar kan tilbydast brukt ved andre institutt på HF. Då vil IFIKK også kunna godtgjerast økonomisk dersom ressursar blir brukte av andre institutt, heiter det.

Det viser også fram eit scenario der dei tilsette går av for aldergrensa når dei er 68, og ikkje held på til dei er 70 år. Det vil gi ein isolert balanse for IFIKK i 2022. Det akkumelerte underskotet (meirforbruket) i eit slikt bilete, vil vera på sitt aller høgaste i 2021 med 20,5 millionar kroner, står det i rapporten.   

Exphil og klassisk har kutta mest

Der vert det også vist til kor mykje faga på IFIKK har kutta i ressursbruken sidan 2017 og fram til 2019:
 

•  Exphil: 21 % reduksjon i ressursbruk (grunna oppstart av vedtatt ny studieordning)

• Exfac: 9 % reduksjon

• Filosofi: 9 % reduksjon

• Idehistorie: 2 % reduksjon (reduksjon er i gang)

• Klassisk: 19 % reduksjon

• Kunsthistorie: 9 % reduksjon

Så langt viser tabellen altså at exphil og klassisk er dei einaste faga som har kutta med meir enn 15 prosent.

Det er også lagt inn eit eige krav til instituttstyret ved IFIKK. For det går fram av rapporten at dersom instituttstyret våren 2021 ser at det er eit snarleg behov for tilsetjingar ved exphil, så skal saka til fakultetsstyret.

IFIKK i konstant  krise sidan 2017

Økonomien til Institutt for filosofi,  idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) har vore i konstant krise sidan 2017. I fakultetsstyret oktober 2018 blei instituttet innvilga eit lån på 10 millionar kroner for at det skulle få orden på økonomien. 

Dåverande dekan Arne Bugge Amundsen hadde først innstilt på at det skulle bli gitt som eit tilskot til instituttet. Sterk motstand frå dei andre institutta og andre medlemar i fakultetsstyret gjorde at det blei omgjort til eit lån.

• Les meir i Uniforum: IFIKK-tilskott på 10 millionar blir truleg omgjort til lån

Hovudårsaka til det store meirforbruket på instituttet,  var den gongen instituttet fekk ekstra overføringar fordi det hadde  eit senter for framifrå forsking. Desse pengane blei brukte til å tilsetja folk i faste stillingar ved andre delar av instittuttet, fordi leiinga den gongen rekna med at støtta ville vera permanent. Då tida som framifrå senter var over, kom ikkje desse pengane lenger. Då fekk instituttet økonomiske problem. 

• Les i Uniforum: HF-dekan vil dekkja IFIKK-underskot med 12,5 millionar kroner

Derfor blei det sett ned ei ekstern arbeidsgruppe som skulle gå gå gjennom den økonomiske situasjonen på IFIKK. Deretter skulle arbeidsgruppa koma tilbake med tilrådingar. 

7. mai i fjor var IFIKKs vanskelege økonomi også oppe som ei eiga orienteringssak i Universitetsitetsstyret. Av grunnlagsdokumentet som blei lagt fram, viste det seg at i tillegg til dei ekstrautgiftene instituttet fekk etter at tida som vert for eit senter for framifrå forsking var avslutta, var det kome til nye grunnar. 

Omgjeringa av lektorstillingar til betre lønna stillingar som førsteamanuensis- og professorstillingar hadde også medverka til den vanskelege økonomien, saman med reduserte resultat og nedgang i prosjektinntekter,  gjekk det fram av dokumentet. 

Intern arbeidsgruppe

Den 19. januar i år  blei det sett opp ei ny arbeidsgruppe med tilsette frå Det humanistiske fakuletet. Det blei leia av prodekan for studium, Gunn Enli. Det var den gruppa som orienterte fakultetsstyret om arbeidet sitt i dag.  

– IFIKK har hatt problem nokre år, og målet vårt var å arbeida fram så konkrete tiltak som mogleg, sa Gunn Enli før ho og assisterande fakultetsdirektør Thorbjørn Nordbø orienterte fakultetsstyret om arbeidet.

Gunn Enli var full av lovord om arbeidet som gruppa har utført. 

– Arbeidsinnsatsen har vore eineståande. Og det har vore både tungt og ei kjenslevar bør for dei å jobba med denne saka, sa ho.  Og Gunn Enli var nøgd med rapporten.

– Resultatet me har fått no er ein grundig gjennomgang, og me står alle saman om forslaga våre, understreka ho.

Rapporten frå arbeidsgruppa blei først presentert som ei orienteringssak for instituttstyret på IFIKK den 11. juni.  Saka kjem opp som ei eiga orienteringssak i møtet i fakultetsstyret i september.

 

• Dette er rapporten frå Arbeidsgruppen IFIKK

 

Emneord: IFIKK, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 12. juni 2020 15:06 - Sist endra 15. juni 2020 14:00

Artikkelen skriv om situasjonen da CSMN slutta og økonomien til IFIKK i 2017:

'Hovudårsaka til det store meirforbruket på instituttet,  var den gongen at mange av dei som var tilsette ved  eit senter for framifrå forsking,  var blitt tilsette i faste stillingar. Den avtalen gjaldt også etter at senteret si tid som senter for framifrå forsking, var ute.'  

Dette er 100% usant, og det går fram av den nye rapporten. Hovudproblemet var aldri dette, og var heller ikke slik identifisert i førre rapporten. Filosofidelen ved instituttet, inklusive tilsette ved CSMN, er den eine delen ved IFIKK som ikke er overdimensjonert, og som finansierer seg sjølv og som ikke skaper underskot. Hovedproblemet var at andre fag ved instituttet hadde vokse for mykje og at fakultetet hadde teke bort mykje av finansieringa til ExPhil, dvs det HF for å drive ExPhil fra UiO sentralt, og brukt dette til andre tiltak ved fakultetet.

Den svake økonomien som skuldast dette siste var ikkje godt erkjent ved IFIKK, blant anna av di dei ikke skjøna at dei store inntektene IFIKK hadde fra CSMN i mange år ikke ville vare evig. Dette er eit hovedproblem. Mens inntektene fra CSMN eigenleg skulle brukast til etter-livet til CSMN, vart dei brukte på andre fag, i strid med heile intensjonene ved SFF-ordninga. Dette er fag som voks og som skaper underskotet ein no har. Enkelt sak: Ein tok inntektene fra CSMN og brukte dei til å bygge store underskot ved at andre fag vart for altfor store når dei ikke lenger kunne finansierast av ExPHil når Exphil sine inntekter var overført til andre ved HF.

Olav Gjelsvik - 13. juni 2020 06:16

Hei Olav Gjelsvik! Takk for korreksjonen!  No er det retta opp.  

Martin Toft

 

Martin Toft - 15. juni 2020 14:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere