UNIFOR forvaltar ein pengebinge få i akademia veit om

Medan andre er opptekne av å spara pengar, er UNIFORs hovudoppgåve å dela ut midlar. I fjor delte dei ut 48 millionar kroner til søkjarar blant andre frå UiO, NTNU og NMBU.

4,5 MILLIONAR: – Me lyser ut i overkant av 4,5 millionar kroner 1. september som me håpar mange forskarar og studentar ved UiO vil søkja om å få tildelt, seier administrerande direktør Hans Jørgen Stang i UNIFOR. Han og rådgjevar Cecilie Lydersen er dei to einaste tilsette i stiftinga. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I eit kontorbygg i Bogstadveien på Majorstua held UNIFOR til. Det er ei stifting som forvaltar over 200 stiftingar, fond og legat. Oppgåva deira er å få mest mogleg avkasting for pengane i dei stiftingane og legata som dei forvaltar. Dei siste ti åra har dei til saman delt ut 400 millionar kroner til mellom andre forskarar og studentar ved UiO og NTNU i Trondheim. I  2019 var summen på 48 millionar kroner. Det opplyser administrerande direktør Hans Jørgen Stang og rådgjevar Cecilie Lydersen til Uniforum.

– HF og SV bør kunne vore flinkare til å informera

Medan Det medisinske fakuletet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er flinke til å opplysa om korleis studentar og forskarar kan skaffa seg ekstra støtta gjennom stiftingar og legat i UNIFORU, er ikkje det tilfellet på andre fakultet. 

– Det humanistiske fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet på UiO kunne begge ha vore flinkare til å informera om korleis studentar og forskarar kan få reisestipend,  eller støtte til konferansar. Ja, me vil ha fleire søkjarar til pengane som er øyremerkte dei fakuleteta, seier Cecilie Lydersen.  

Kan få 70 000 kroner til gjesteforskar frå Norden

Akkurat i sommar har dei jobba med å  få søkjarar til pengar som skal delast ut frå Torgny Segersteds stiftelse.

– Der er det mogleg å få opptil 70 000 kroner i støtte for at ein forskar frå eit anna nordisk universitet, kan koma og halda eit innlegg på ein konferanse ved UiO.  Dette er eit godt tiltak for nordisk forskarsamarbeid, så me håpar verkeleg mange vil søkja før fristen går ut den 1. september, seier ho. 

Lyser ut 4,5 millionar kroner

Men den potten er ein liten del av den samla summen av pengar det går an til å søkja om frå UNIFOR innan fristen 15. oktober.

– Me lyser ut i overkant av 4,5 millionar kroner 1. september som me håpar mange forskarar og studentar ved UiO vil søkja om å få tildelt, seier Hans Jørgen Stang. 

– Berekraftige og fossilfrie

Grunnkapitalen i dei til saman 220 stiftingane og legata som UNIFOR  har ansvaret for, blir investerte i aksjemarknaden på same måten som kapitalen i Oljefondet.

– Alle pengane som kjem inn til UiO frå desse stiftingane er både berekraftige og fossilfrie. Det har me gjennomført over heile linja. Me er derfor endå strengare enn Oljefondet for å sikra at UiO skal halda fram som eit grønt universitet, garanterer Hans Jørgen Stang. 

Dei har også digitalisert heile søknadsprosessen.

– Alle søknader kjem inn elektronisk og dei får også svar elektronisk, legg han til.

Får ikkje betalt ut pengar frå alle stiftingane

Og styra for alle stiftingane er opptekne av at det blir delt ut pengar.

 – Likevel er det fleire stiftingar som ikkje har klart å få betalt ut pengar på mange år, vedgår han. Og Stang er einig i at det ofte kan vera vanskeleg fordi det er knytte heilt bestemte vilkår til fleire av desse stiftingane. – Det skal mykje til for å få Lotteri- og stiftingstilsynet i Noreg til å godta ei endring i vilkåra til ei stifting, men dersom me klarer å visa at ei stifting ikkje får delt ut pengar på grunn av strenge vilkår, vil det vera mogleg å utvida vilkåra, slik at det skal bli lettare å få betalt ut pengar til søkjarar, fortel Stang.

– Uansett, er det viktig å ta vare på intensjonane til dei som oppretta stiftinga, understrekar Cecilie Lydersen. Det hender at stiftinga si opphavlege intensjon “går ut på dato”.  

– Dessutan er det heller ikkje så vanleg å berre å gi pengar til einslege kvinner utan bustøtte lenger. Mange av desse formåla er fanga opp av velferdssystemet, så derfor er det mogleg å forandra slike statuttar, sjølv om det er ein omstendeleg prosess å få det til, seier Stang, og viser til døme på openbert utdaterte formål.

Relevant for Norden-senter

Cecile Lydersen viser til Torgny Segersteds stiftelse frå 1950 som har pengar som skal delast ut til vitskap i Norden.

– Der har det ikkje vore utdeling av midlar på fleire år. Formålet er å finansiera besøk av gjesteprofessorar frå andre nordiske land.  Det kan vera både for dei tekniske-administrative tilsette, forskarar eller for studentar, kort sagt for heile universitetet. Og det er rektor på fullmakt frå Universitetsstyret som rår til korleis pengane skal delast ut, fortel ho. 

Ei forskingssatsing som UiO: Norden meiner ho må vera veldig relevant til å søkja om pengar frå den stiftinga.

– Ja, absolutt. Og den utlysinga kan me faktisk senda direkte til UiO:Norden, slår ho fast.

Kan gi støtte til framtidige reiser

Koronatiltaka får også konsekvensar for talet på søknader til  UNIFOR.

– Det trur me. For styresmaktene sine restriksjonar på reiser og aktivitetar, har også ført til at alle universitet har stansa internasjonal studentutveksling. Derfor er me spente på om det blir mykje mindre pengar som vert delte ut denne hausten samanlikna med tidlegare år. Framtidige reiser og opphald som det er mogleg å gjennomføra, kan framleis få støtte, er gladmeldinga frå Cecilie Lydersen.

Det er ikkje alltid store summar som kan skaffast frå kvar enkel stifting.

– Nei, derfor kan den støtta folk får, ofte berre vera ein del av finansieringa av større prosjekt. Det finst derimot unntak og det er avhengig av kvaliteten på søknaden. Reiser er ofte unntak også. Der kan me fort få dekt heile reisa, fortel ho.

I dag har UNIFOR mange stiftingar som blei danna for mange tiår sidan. Men det er også oppretta nokre nye  i løpet av dei siste åra.

– Ja, eit døme på det er Kavliinstiuttet som blei oppretta av den norskamerikanske gründaren Fred Kavli. Det må ikkje forvekslast med Kavlistiftelsen, som er noko heilt anna.  Nokre av dei stiftingane som nyleg er komne til oss, er gamle stiftingar som gjerne vil koma under ei forvaltning med litt administrasjon og struktur, seier han. 

220 stiftingar

I heile Noreg er det i dag til saman om lag 7000 stiftingar.

– Og i UNIFOR har me 220 av dei. Og majoriteten av dei, rundt 150, er knytte til Universitetet i Oslo. Resten av dei tilhøyrer i hovudsak NTNU eller NMBU. Alle stiftingane i vår portefølje står primært i eit nært forhold til universitet eller høgskular, fortel Hans Jørgen Stang.

Til slutt kjem dei begge med eit godt råd til søkjarane.

– Det er mogleg å søkja om pengar frå fleire stiftingar på ein gong. Slik kan det vera mogleg å få skaffa ei endå betre finansiering av eit prosjekt eller ei studiereise, tipsar dei om.

Emneord: Økonomi, UNIFOR Av Martin Toft
Publisert 3. aug. 2020 05:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere