Unifor-leiinga: - Me har eit etisk regelverk

- Unifor har hatt eit etisk regelverk sidan november 2004. Det er ein blåkopi av det etiske regelverket til Petroleumsfondet, seier direktør Tor Bredo Godtfredsen og avtrappande styreleiar Gunnar Nicolaysen. Begge føler at Unifor er blitt urettferdig uthengt av Norwatch og Uniforum dei siste vekene. Unifor forvaltar pengar som går både til forsking og til studentstipend.

FYLGJER RÅD: - Unifor fylgjer Petroleumsfondets tilrådingar når det gjeld investeringar i utanlandske selskap, seier Tor Bredo Godfredsen og Gunnar Nicolaysen.
Foto: Grethe Tidemann

Det var på nettsidene til Norwatch og til Uniforum nett no at det blei kjent at Unifor - forvaltingsfondet for stipend og legat ved UiO - hadde kjøpt aksjar i det franske oljeselskapet Total. Dette selskapet er svartelista av vinnaren av Nobels fredspris, Aung San Su Kiu fordi det deltar i oljeutvinning i Burma. Dette tener militærregimet i landet fleire hundre millionar kroner årleg på.

Direktør Tor Bredo Godtfredsen og styreleiar Gunnar Nicolaysen oppplyser til Uniforum at dei vil be forvaltarane sine om å trekkja aksjane ut av oljeselskapet Total dersom Statens Petroleumsfond eventuelt vedtar å gjera det. Dei ser heller ikkje bort frå at det kan vera aktuelt for Unifor å skifta forvaltar. I 2003 blei Unifor kritisert fordi det hadde aksjar i det norske selskapet TGS-Nopec som dreiv seismikkundersøkingar for to oljeselskap i det omstridde området Vest-Sahara.

- Me fekk for eit par år sidan kritikk fordi me hadde vore investor i TGS-Nopec. Forvaltarane våre hadde selt seg ut av aksjen, medan Storebrands etiske aksjefond hadde det som ei godkjent investering. TGS-Nopec blei nyleg innlemma i lista over etiske forsvarlege selskap av det britiske investeringsselskapet Kempen Capital Management og det nederlandske analyseselskapet SNS Asset Management, seier Godtfredsen og Nicolaysen.

Oppdragsgjevaren til det norske selskapet TGS-Nopec var den gongen det amerikanske oljeselskapet Kerry-McGee Corporation. Det var også det første selskapet Petroleumsfondets etiske råd tilrådde at Petroleumsfondet burde trekkja aksjane sine ut av. Grunngjevinga var at selskapet dreiv oljeleiting i Vest-Sahara.

Både Folketrygdfondet og Unifor har framleis aksjar i TGS-Nopec.

- Jau, det har me, stadfestar direktør Rune Selmar i Folketrygdfondet overfor Uniforum.

- Og presset frå Folketrygdfondet og andre aktørar var nok ein viktig grunn til at TGS-Nopec trekte seg heilt ut av Vest-Sahara etter at det hadde sluttført kontrakten sin der, legg Selmer til.

Etisk debatt i Unifor

Både direktør Tor Bredo Godtfredsen og styreleiar Gunnar Nicolaysen i Unifor ynskjer å understreka at det er feil å påstå at det ikkje har vore debatt om etiske retningslinjer i styret til Unifor.

- I november 2003 inviterte styret forskar Alexander Cappelen ved UiO til å gå gjennom hovudtrekka i forslaget til etiske retningslinjer for Statens petroleumsfond. Då vedtok styret å ta saka til etterretning og ba administrasjonen om å arbeida vidare med problemstillinga når reglane for Statens petroleumsfond var blitt vedtatt. Samtidig skulle administrasjonen undersøkja regelverket for Folketrygdfondet, fortel Gunnar Nicolaysen.

- Det var Graver-utvalet som la fram dei etiske retningslinjene for Petroleumsfondet. Og det var først i november 2004 at styret for dette fondet vedtok desse retningslinjene. Sidan me hadde vedtatt å fylgja dei same reglane, kunne ikkje Unifor koma Petroleumsfondet i forkjøpet, påpeikar Godtfredsen og Nicolaysen.

Fylgjer råd frå norske investorar

Både Godtfredsen og Nicolaysen i Unifor ser at det er eit problem at Petroleumsfondet berre investerer i utanlandske selskap medan 20 prosent av aksjeporteføljen til Unifor er i norske selskap.

- I desse tilfella prøver me å fylgja Folketrygdfondet og andre institusjonelle investorar sine tilrådingar. For det finst jo norske selskap som det blir påstått heller ikkje alltid er etisk stovereint å investera i. Men det er litt meir oversikteleg i Noreg enn i utlandet, konstaterer dei.

Dei vil samtidig be om forståing for at det ikkje er mogleg å ha full kontroll over kva selskap fondsforvaltaren deira kjøper aksjer i før i ettertid.

- Me ber fondsforvaltaren om å halda seg til dei etiske retningslinjene til Petroleumsfondet når det gjeld kjøp av aksjar i utanlandske selskap samtidig som me prøver å fylgja med i norske aviser når det gjeld det etiske omdømmet til norske selskap. Det er berre eitt selskap som er blitt svartelista sidan Petroleumsfondet vedtok dei etiske retningslinjene sine i november i fjor. Årsaka var at selskapet kartla petroleumsforekomstar utanfor Vest-Sahara. Kva som er etisk og utetisk kan vera svært vanskeleg å vurdera. Om ein investerer i amerikanske statsobligasjonar, risikerer ein jo at også at pengane kan gå til ein krig som FN var imot, påpeikar dei.

- Rettferdig behandling

Dei ser det heller ikkje som problemfritt å gå ut av eit selskap som får stempelet uetisk.

- Desse selskapa skal jo også ha ei rettferdig behandling og me må gi ei god grunngjeving for kvifor me meiner selskapet er så tvilsamt at me må trekkja ut investeringane våre, understrekar Godtfredsen.

- Men er det ikkje litt seint å leggja ut dei etiske retningslinjene til Unifor på nettet 22. juni 2005, like etter at Norwatch og Uniforum har skrive om aksjekjøpet i Total?

- Jau, det kan du ha rett i, men det er dessutan også eit spørsmål om kva me skal bruka dei få ressursane våre til. Me synest også at oppslaget om investeringa i Total er heilt ute av proporsonar sidan me berre har investert tre promille av kapitalen vår i dette selskapet som har 111 000 tilsette fordelte på 30 land. Denne investeringa er etisk til den eventuelt blir utelukka frå Statens Petroleumsfond. Me har ingen problem med å selja aksjane våre i selskap som Petroleumsfondet trekkjer seg ut av fordi me veit at det ligg ein grundig prosess bak ei slik vurdering, meiner Godtfredsen og Nicolaysen.

Tener godt på aksjar

Begge meiner at Unifor har vore flink til å auka verdien av dei fonda og legata som dei forvaltar. Dei viser til at Unifor hadde eit overskot på 80 millionar kroner eller 13 prosent av avkastinga i fjor og eit overskot på 22 prosent av avkastinga i 2003.

- Dette viser at det var rett av oss å ha is i magen og halda fram slik me hadde byrja, sjølv om Unifor fekk mykje kritikk fordi me hadde tapt 54 millionar kroner på aksjemarknaden i 2001. Sidan den gongen har me tent inn igjen det tapet og meir til. Det hadde me ikkje gjort om me hadde sett pengane i banken eller i statsobligasjonar, slår Nicolaysen og Godtfredsen fast.

Dette er det etiske regelverket til Unifor:
ETISKE RETNINGSLINJER

Styret i Unifor vedtok i november 2003 å følge de etiske retningslinjene som ville bli vedtatt for Statens Petroleumsfond

De etiske retningslinjene for Statens Petroleumsfond ble fastsatt 19. november 2004. De etiske retningslinjene innebærer blant annet at selskaper som produserer særlige inhumane våpen skal utelukkes fra porteføljen. Videre skal selskaper utelukkes hvis det er uakseptabel risiko for at Unifor gjennom sine investeringer medvirker til:

- Grove eller systematiske krenkelser av menneskerettighetene, som for eksempel drap, tortur, frihetsberøvelse, tvangsarbeid, de verste former for barnearbeid og annen utbytting av barn
- Alvorlige krenkelser av individers rettigheter i krig eller konfliktsituasjoner
- Alvorlig miljøskade
- Grov korrupsjon
- Andre særlig grove brudd på grunnleggende etiske normer

Emneord: UNIFOR, Menneskerettar, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 28. juni 2005 15:19 - Sist endra 10. des. 2008 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere