Svein Stølen om digitalt eller ope UiO til hausten: – Me skal vera klare uansett scenario

– Uvissa er ganske stor, men eg håpar og trur at me får møta studentar på campus til hausten. Det seier UiO-rektor Svein Stølen som saman med UiB-rektor Dag Rune Olsen møter studentleiar og forskarar i nettdebatt i dag.

Fleire personar står under ei høyring inne på Stortinget.

DIGITALT SEMESTER: UiO-rektor Svein Stølen og UiB-rektor Dag Rune Olsen deltar i ein nettdebatt om planlegginga for eit mogleg digitalt haustsemester ved dei to universiteta dei leier. Biletet er frå ei høyring i Stortinget i mars.(Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Digitalt haustsemester for studentane i Oslo og Bergen vekkjer sterke reaksjonar. Det blir det meiningsutvekslingar av.

Og klokka 12.00 i dag stiller UiO-rektor Svein Stølen opp i debatt saman med leiaren for Studentparlamentet ved UiO, Christen Andreas Wroldsen, rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen, professor Lise Rakner ved UiB, senterleiar Øystein Widding frå NTNU og førstelektor Kristine Korsnes frå Universitetet i Tromsø. Debattleiar er jussprofessor Malcolm Langford. Til liks med UiO-rektor Svein Stølen har også rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen varsla om at det truleg blir digital undervisning for studentane til hausten.

Altfor lettskremt finger på avtrekkjaren

I førre veke fekk både UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen masse kritikk i Uniforum frå undervisningsleiar Kristian Bjørkdahl frå Senter for utvikling og miljø og frå Forskarforbundet då han hadde gått ut med ei melding både i Uniforum og på UiOs nettsider om at fakulteta måtte planleggja for digital undervisning  til hausten. Kristian Bjørkdahl meinte at dei hadde ein altfor lettskremt finger på avtrekkjaren og samanlikna rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen med skyteglade westernheltar og gav dei kallenamna Svein «Itchy-Trigger» Stølen og Arne «The Kid» Benjaminsen. Dei forsvarte seg med at “Vi må planlegge for et worst case-scenario og jobbe med undervisningsformer, evalueringsformer, læringsmiljø og få tid til å finne løsninger på både store og små problemer”

Forskarforbundet var mest kritisk til at avgjerda var tatt utan at det var blitt tatt opp med fagforeiningane på UiO på førehand. Hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad og styreleiar Katerini Storeng spurte derfor rektor Svein Stølen kvar medverknaden var blitt av. . Når det gjaldt kritikken frå Forskarforbundet forsvarte Svein Stølen avgjerda om ein digital haust med at den har brei støtte hos dekanar og studiedekanar. “Å ikke planlegge og informere om dette ville vært uansvarlig”, svarte han.

– Me skal uansett vera førebudde

Rektor Svein Stølen ser fram til at han no får høve til å utdjupa synspunkta sine.

– Me skal vera klare uansett scenario. Uvissa er ganske stor, men eg håpar og trur at me får møta studentar på campus til hausten, understrekar han. Men han peikar på at Universitetet i Oslo også må ta omsyn til eit worst case-scenario.

– Me baserer oss på dei til ei kvar tid gjeldande framskrivingar av smitte komande haust frå FHI (Folkehelsinstituttet). Me forventar ein smittetopp, og storleiken på den og tidspunktet for den er dei store spørsmåla. Me skal uansett vera førebudde. Mange studieprogram er svært komplekse med laboratorium, pasientkontakt med meir. Planlegging er ansvarlegdom, slår Svein Stølen fast.

– Må setja helse først

Mellom dei Svein Stølen skal møta i debatten er altså Christen Andreas Wroldsen som er leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo. Han er i stor grad på linje med synspunkta til UiO-rektoren.

– I utgangspunktet er me einige i at me må setja helse først. Derfor vil det vera uansvarleg ikkje å planleggja for eit digitalt haustsemester. Det er lurt å planleggja for det, sjølv om me studentar håpar på at det blir opne førelesingar på vanleg måte, seier Christen Andreas Wroldsen til Uniforum.

 Han peikar på at det også er ulike haldningar blant studentane. Derfor meiner han at det grovt forenkla kan vera mogleg å dela studentane inn i to grupper.

– Nokre studenter vil ha ei godt planlagt framtid. Dei seier at dersom haustsemesteret skal bli digitalt, då kan dei like godt sitja heime. Då treng dei ikkje tenkja på å skaffa seg hybel i Oslo til hausten. Andre studentar ynskjer seg tilbake til campus så fort som mogleg og orkar ikkje lenger å sitja heime. Det er vanskeleg å skapa eit godt læringsmiljø ved å sitja i same rom der dei gjer alt mogleg anna. Det er heller ikkje lett å skapa eit godt læringsmiljø, så lenge studentar og førelesarar ikkje møter kvarandre fysisk.

– Bra at han er ærleg

–Så du synest det var ok av Svein Stølen å be fakulteta om å planleggja for ein digital haust?

– Ja, det er bra at han er ærleg. Det er greitt at Kristian Bjørkdahl synest det er for tidleg å gå ut med det, men eg tykkjer det er viktig at studentane får signal så tidleg som mogleg. Det er dumt om det kjem forskjellige signal. Det er ikkje sikkert at det går an å gi full avklaring så tidleg likevel. Derfor er det viktig å planleggja for eit worst case-scenario, men eg håpar det ikkje blir realisert, seier Wroldsen.

– Svein Stølen har altså ein støttespelar i deg?

– Ja, det er positivt at det blir lagt planar for det. Men me forventar at dersom situasjonen endrar seg, må det vera mogleg å få opna opp heile universitetet så fort som mogleg.

Debatten går sjølvsagt digitalt, og dei som vil fylgja den, vil finna meir informasjon om  den på denne nettsida på Facebook. Sjølve debatten går føre seg på Zoom.

 

Emneord: Koronavirus, Undervisning, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 29. apr. 2020 00:05 - Sist endra 30. apr. 2020 10:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere