SV-fakultetet kan bli med i Honours-programmet frå 2021

Frå hausten 2021 vert truleg også Det samfunnvitskaplege fakultetet med i Honours-programmet saman med HF- og MN-fakulteta.  – Det er ein fin måte å få til meir tverrfagleg samarbeid på, synest studiedekan Trine Waaktaar.

 

Ei kvinne smiler

BRA:  – Det er bra for å få til eit verkeleg samarbeid på tvers av fakulteta, seier studiedekan Trine Waaktaar. I dag kan det bli vedtatt at SV-fakultetet også blir med på Honours-programmet til UiO. 

Foto: Svein Milde/Psykologisk insitutt, UiO

I fjor var Honours-programmet til Universitetet i Oslo eit av dei tre mest populære studia i Noreg under det felles opptaket. Då var programmet eit samarbeid mellom Det humanistiske fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, som hadde 10 studentar kvar, altså 20 studentar til saman. No melder også Det samfunnsvitskaplege fakultetet seg på med 10 studentar på programmet.

• Les meir om Honours-programmet i Uniforum:

UiO startar Noregs først Honours-program: - Unorsk, men verdt å prøva ut

Kan melda seg på frå hausten 2021

I formiddag skal det formelt vedtakast av fakultetsstyret på SV-fakultetet som for første gong i historia skal ha heile møtet digitalt. Det er koronakrisa som fører til det planlagde styreseminaret på Lysebu vert erstatta med eit tre timar langt digitalt møte. 

Framlegget går ut på at fakultetsstyret godkjenner at fakultetet frå hausten 2021 skal delta i UiOs Honours-program på bachelornivå med 10 studieplassar. Inntekter og utgifter skal fordelast likt mellom dei involverte fakulteta.

– Kan gå opp løysingar

No inviterer fakultetet alle institutta til å melda seg på om å få desse studieplassane.  Studiedekan Trine Waaktaar ser svært positivt på dette.

 – Det er bra for å få til eit verkeleg samarbeid på tvers av fakulteta. Og ei satsing på ei mindre gruppe med studentar med interesse for det tverrfaglege kan gå opp løysingar til bruk i andre tverrfakultære program. Og erfaringa viser at det ofte kan vera utfordrande både når det gjeld struktur og samarbeid, seier Trine Waaktaar til Uniforum.

Ber fakultetsstyret om å bli med på spleiselag

Den andre store saka på møtet i fakultetsstyret er forslaget om at fakultetet skal bidra med 30 millionar kroner i spleiselaget for å få finansiert rehabilteringa av Eilert Sundts hus. Universitetsstyret har gått inn for at SV deltar i finansieringa saman med UiO sentralt og eit bidrag frå Kunnskapsdepartementet frå budsjettposten som er øyremerkt vedlikehald av bygningar i universitets- og høgskulesektoren. 

• Les meir  i Uniforum: Truleg oppstart av rehabilitering av Eilert Sundts hus i 2020

Om UiO får 30 millionar frå den posten og 30 millionar frå SV-fakultetet vil UiO sentralt ta resten av kostnadene på rundt 115 millionar kroner.  Ein del av bidraget frå UiO sentralt er ei forskottering av 65 millionar frå 2021-budsjettet. Bidraget til SV-fakultetet skal finansierast ved reduksjon i tildelinga til institutta over ein periode på fem år frå 2021,  går det fram av forslaget til vedtak.  

Budsjettpakken skal opp til endeleg handsaming når universitetsstyret skal vedta det endelege UiO-budsjettet for 2021 i junimøtet. Då vil UiO også ha fått svar om dei får ekstra pengeoverføring til rehabilitering av Eilert Sundts hus frå Kunnskapsdepartementet.

Dette er saklista til møtet i fakultetsstyret på SV: 

Innkalling til møte i fakultetsstyret

Tid og sted: 20. mars 2020 09:1512:00, Møtet avholdes via Zoom grunnet koronaviruset

 

Ordinære saker

V-SAK 1

Godkjenning av dagsorden

Vedtaksforslag:

Fakultetsstyret godkjenner innkalling og dagsorden.

V-SAK 2

Godkjenning av protokoll fra fakultetsstyrets møte 16.01.2020

Vedtaksforslag:

Fakultetsstyret godkjenner protokollen.

Vedlegg:

V-SAK 3

Økonomirapport for 3. tertial 2019

Vedtaksforslag:

Fakultetsstyret godkjenner økonomirapport for 3. tertial 2019.

Vedlegg:

V-SAK 4

Økonomirapport per februar 2020

Vedtaksforslag:

Fakultetsstyret tar økonomirapporten per februar 2020 til etterretning

Vedlegg:

V-SAK 5

Finansiering av rehabilitering av Eilert Sundts hus

Vedtaksforslag:

Fakultetsstyret godkjenner at fakultetet bidrar med en egenandel på inntil 30 millioner kroner. Kostnaden dekkes inn ved hjelp av reduksjoner i tildelingen til enhetene fordelt over fem år, med virkning fra og med 2021.

Vedlegg:

V-SAK 6

Honours-programmet. Deltakelse i Tverrfaglig bachelorpogram.

Vedtaksforslag:

Fakultetsstyret godkjenner at fakultetet fra høsten 2021 deltar i UiOs Honours-program på bachelornivå med 10 studieplasser, basert på grunnprinsippet om at inntekter og utgifter fordeles likt mellom de involverte fakulteter.

Vedlegg:

Diskusjonssaker

D-SAK 1

Saken utgår - Utviklingsplan

Vedlegg:

D-SAK 2

Saken utgår - Innspill til tema til ledersamlingen i 28. mai 2020

Fakultetet arrangerer hver vår en ledersamling med bred deltakelse fra alle grunnenhetene, der dekanen gjennomgår årsrapport for foregående år og aktuelle tema tas opp til diskusjon. Dekanen ber styret om innspill til tema som styret mener bør være særlig aktuelle i 2020.

Orienteringssaker

O-SAK 1

Protokoller fra møter i fakultetets tilsettingsutvalg

Vedtaksforslag:

Fakultetsstyret tar saken til orientering.

Vedlegg:

O-SAK 2

Referat fra informasjons- og drøftingsmøte med tjenestemannsorganisasjonene 10. februar og 18. mars 2020

Vedtaksforslag: 

Fakultetsstyret tar saken til orientering.

Vedlegg:

O-SAK 3

Saken utgår - Arbeidsmiljø- og klimaundersøkelse ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet høsten 2020

Informasjon om arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøkelser (ARK) ved UiO.

Vedtaksforslag: 

Fakultetsstyret tar saken til orientering.

O-SAK 4

Saken utgår - Studiebarometeret 2019

Gjennomgang av resultatene fra Studiebarometeret 2019.

Vedtaksforslag: 

Fakultetsstyret tar saken til orientering.

Vedlegg: 

O-SAK 5

Saken utgår - Årsplaner fra grunnenhetene

Vedtaksforslag: 

Fakultetsstyret tar saken til orientering.

Vedlegg:

Eventuelt

 

 

Emneord: Studiesaker, SV-.fakultetet, Bygninger, byggeprosjekter Av Martin Toft
Publisert 20. mars 2020 04:25 - Sist endra 20. mars 2020 15:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere