Nikolai Astrup: – Kunstig intelligens bør bli ein integrert del av høgare utdanning

– Universiteta og høgskulane bør vurdera korleis dei skal tilpassa studietilboda sine slik at me kan sikra at me får meir kompetanse i kunstig intelligens. Det var oppfordringa frå digitaliseringsminister Nikolai Astrup då han la fram regjeringa sin strategi for kunstig intelligens i formiddag.

Ein mann står og held ein tale medan han peikar på eit lerret som viser ein sjølvkjørande buss.

SJØLVKJØRANDE BUSS: Den sjølvkjørande bussen, digitaliseringsminister Nikolai Astrup viser fram, er eit døme på kva løysingar kunstig intelligens kan medverka til. Astrup la i dag fram regjeringa sin nasjonale strategi for kunstig intelligens.

Foto: Ola Gamst Sæther

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup gav universiteta og høgskulane ein viktig del av oppgåva med å utvikla nye løysingar innanfor kunstig intelligens.

Dei sju etiske prinsippa for kunstig intelligens:

1.KI-baserte løysingar skal respektera menneska sin kontroll og sine avgjerder om seg sjølve

2.KI-baserte system skal vera sikre og teknisk robuste

3.KI skal ta omsyn til personvernet

4. KI-baserte system må vera gjennomsiktige

5. KI-system skal leggja til rette for inkludering, mangfald og likebehandling

6. KI skal vera nyttig for samfunn og miljø

7. Å ta ansvar

(Kjelde: Nasjonal strategi for kunstig intelligens)

Det er løysingar som skal brukast både i offentleg forvaltning og i privat sektor. Ikkje minst satsing på studietilbod der kunstig intelligens er med.

– Det bestemmer sjølvsagt universiteta og høgskulane sjølve, men regjeringa kan i alle fall koma med ei oppfordring, understreka han. Astrup meinte også at private kan koma inn for å hjelpa til med å forska fram nye område der kunstig intelligens kan takast i bruk.

– I Sverige finansierer Wallenberg-stiftinga doktorgradsstudium i kunstig intelligens, trekte han fram.

– Regjeringa vil leggja til rette for at Noreg skal ha ein infrastruktur i kunstig intelligens i verdsklasse. Det skal skje gjennom deling av data innanfor og på tvers av sektorar, lova han. Nikolai Astrup peika også på behovet for at Noreg får eit digitaliseringsvennleg regelverk.

– Helsevesenet har sjølvsagt andre problem på det området enn det andre sektorar har. Det er også behov for eit regelverk for utveksling av data frå offentlege register. Derfor vil me setja ned ei ekspertgruppe som skal gi oss råd, opplyste han.

Kunstig intelligens i bruk:

Datasyn/identifisering av objekt i bilete. Kan nyttast til ansiktsgjenkjenning eller identifisering av kreftsvulstar

Gjenkjenning av mønster eller avvik. Kan nyttast til å avsløra bank- og forsikringssvindel

Behandling av naturleg språk. Kan nyttast til å trekkja ut vikige element i store informasjonsmengder

Robotikk-  kan brukast til å utvikla sjølvstyrande fartøy som bilar, skip og dronar.

(Kjelde: Nasjonal strategi for kunstig intelligens)

Frå helse og hav til offentleg forvaltning og energi

I strategien går det fram at Noreg skal satsa på kunstig intelligens på område der dei meiner Noreg har spesielle fordelar. Det handlar om helse, hav, offentleg forvaltning, energi og mobilitet. Det skal også satsast på kunstig intelligens ved senter for framifrå forsking og senter for forskingsdriven innovasjon, går det fram av strategien. Derfor skal Noreg halda fram med satsinga på grunnleggjande og bruksretta IKT-forsking.

Det blir også peika på at kunstig intelligens kjem til å få ein omfattande plass i EUs nye rammeprogram for forsking Horisont Europa. Dessutan har EU føreslått å etablera eit program for eit digitalt Europa (DEP) for åra 2021-2027. Medan Noreg har gitt ein ikkje-bindande lovnad om å delta i Horisont Europa, vil regjeringa også vurdera om Noreg skal delta i DEP frå 2021, står det i strategidokumentet.

1,3 milliardar brukt sidan 2015

Utrekningar viser at 40 prosent av løyvingane til IKT frå Forskingsrådet går til prosjekt i kunstig intelligens, robotikk, og informasjonshandtering. I 2019 utgjorde det rundt 400 millionar kroner, står det i strategidokumentet. Mellom 2015 og 2019 er det tildelt 1,3 milliardar kroner til desse forskingsområda, viser tala som digitaliseringsminister Nikolai Astrup viser fram i regjeringa sin strategi for kunstig intelligens.

Det blir også understreka at Noreg skal ha avansert kompetanse, både i tradisjonell IKT-forsking og i forsking i kunstig intelligens for å kunna forstå og ha nytte av endringar i teknologiutviklinga. Strategien understrekar at det blir kravd gode studietilbod som samsvarar med dei ulike sektorane sine behov for både høg kompetanse i kunstig intelligens og kompetanse i grunnleggjande fag som statistikk, matematikk og informatikk.

Sidan kunstig intelligens også fører med seg problem knytt til etikk og personvern, vil det verka inn på fag som jus og andre profesjonsutdanningar. Derfor vert utdanningsinstitusjonane bedne om å vurdera korleis tema med relevans for kunstig intelligens kan bli ein integrert del av utdanningane på alle område som vert påverka av kunstig intelligens i tida framover, står det i strategidokumentet.

400 masterstudentar med KI-kunnskap uteksaminerte årleg

Tal frå strategien syner at frå 2016 og fram til 2019 er det kvart år blitt uteksaminsiert 400 mastergradskandidatar som har fått kompetanse i kunstig intellligens. Hovudelen av dei kjem frå Universitetet i Oslo og NTNU. På bachelornivået vert det uteksaminert 300 studentar årleg som har hatt kunstig intelligens integrert i utdanninga. I 2020 er det planlagt 350 nye studieplassar for kunstig intelligens, robotikk og datavitskap i høve til 2017.

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup vil også tilby gratis nettkurs i kunstig intelligens til alle.

– Målet mitt er at Noreg skal slå Sverige også på det området og ikkje berre i langrenn. Me ber alle oppfordra kollegaene sine til å ta dette kurset «Elements of AI» som er på 30 timar, sa han.

Tar vare på begge norske målformer og samisk

Mange er uroa over at norsk språk skal gå med i dragsuget under utviklinga av løysingar som byggjer på kunstig intelligens. Nikolai Astrup kunne roa dei ned.

– Alle språkdata skal fungera på begge dei norske målformene og på samisk, lova han.

I strategien går det desssutan fram at regjeringa vil leggja til rette for at språkressursar vert samla inn og gjort tilgjengeleg. På den måten kan norske innnbyggjarar få stadig meir avanserte tenester på sitt eige språk, heiter det.

Regjeringa vil halda fram samarbeidet med Universitetet i Oslo om klart og digitaliseringsvennleg lovspråk. Den lovar også å leggja fram ei melding til Stortinget om samisk språk, kultur og samfunn, med vekt på digitalisering. Regjeringa ynskjer også at det skal opnast for at all offentleg produsert tekst, skal gjerast tilgjengeleg for gjenbruk til språkteknologiske formål og skal kunna leverast til Språkbanken og Felles omgrepskatalog.

Det skal utformast standardformuleringar i offentlege kontraktar som vil gjera det mogleg å gi offentleg sektor rettar til språkressursane som kjem ut av omsetjingstenester og andre språktenester.

Satsar på 5G og tungrekning

Satsinga på kunstig intelligens inneber også god infrastruktur for kommunikasjon. Ein viktig del av satsinga til regjeringa er utbygginga av 5G-nettet. For å få sikra nok reknekraft, skal det brukast nasjonale og internasjonale ressursar for tungrekning, vert det understreka i det 68 sider lange strategidokumentet.

Regjeringa håpar også å få til endå meir nyskaping med kunstig intelligens. Område som Noreg har høg internasjonal kvalitet på frå før som helse, olje, gass, energi, maritim og marin næring og offentleg sektor, vert viste fram som døme.

Ein mann står og held eit foredrag framfor eit bord
SJU ETISKE PRINSIPP: Digitaliseringsminister Nikolai Astrup la også fram sju etiske prinsipp for kunstig intelligens då han presenterte regjeringa sin nasjonale strategi for kunstig intelligens (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Har lagt inn sju etiske prinsipp

Både regjeringa og digitaliseringsminister Nikolai Astrup er opptatt av at kunstig intelligens som blir utvikla og brukt i Noreg skal byggjast på etiske prinsipp, og respektera menneskerettane og demokratiet.

– Derfor har me også lagt inn sju etiske prinsipp for bruk av kunstig intelligens. Me oppfordrar næringslivet til å oppretta ordningar som gjer at det dei utviklar innanfor kunstig intelligens også skal overhalda desse sju etiske prinsippa, sa Nikolai Astrup.

Han viste til at regjeringa har bestemt at det skal opprettast ein regulatorisk sandkasse for utprøving av kunstig intelligens. Den skal leggjast til Datatilsynet, fortalde han, før han gav ordet til direktør for Datatilsynet Bjørn Erik Thon. Han gjekk god for strategien for kunstig intelligens frå regjeringa.

– Innsatsfaktoren i kunstig intelligens er ofte personlege opplysningar om oss, om familie, barn og jobb. Fordelen med kunstig intelligens er at me kan få tilgang til gode, før me veit at me har rett til det. Feil bruk av kunstig intelligens kan bryta med viktige paragrafar i grunnlova som handlar om retten til privatliv, konstaterte han. Men han gav velsigninga si til regjeringa sine mål for kunstig intelligens.

– Datatilsynet er positive til denne strategien, Etikken som ligg som eit skal rundt lovgjevinga, er svært viktig, slo Bjørn Erik Thon fast.

Emneord: Kunstig intelligens, Informatikk, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. jan. 2020 14:36 - Sist endra 14. jan. 2020 14:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere