Bad forskarar om idear til satsinga på kunstig intelligens

– No ynskjer eg idear frå dykk ekspertar og forskarar til regjeringas stortingsmelding om kunstig intelligens som kjem på slutten av året. Det var bodskapen frå digitaliseringsminister Nikolai Astrup då startskotet i går gjekk for ei norsk satsing på kunstig intelligens.

DRØFTA KUNSTIG INTELLIGENS:  Digitaliseringsminister Nikolai Astrup ville ha innspel til stortingsmeldinga om kunstig intelligens. Her står han i samtale med styreleiar for NORA, Pinar Heggernes, Universitetet i Bergen (t.h.), Morten Irgens, OsloMet (lengst til venstre) og nytilsett dagleg leiar for Nora, Klas Petersen i midten.

Foto: Martin Toft

Den 21. november i fjor gjekk ni norske forskingsinstitusjonar saman om ei felles satsing på kunstig intelligens. Resultatet av satsinga blei konsortiet NORA – The Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium.

Dette er NORA:

– eit konsortium av ni norske forskingsinstitusjonar som arbeider for å styrkja norsk forsking i kunstig intelligens, maskinlæring og robotikk.

– blei starta 21. november 2018

Desse institusjonane deltar:

Universitetet i Agder

Universitetet i Tromsø

Universitetet i Bergen

Universitetet i Oslo

Universitetet i Stavanger

NMBU

OsloMet

Simula Research Laboratory

Norce, Norwegian Research Centre AS

Administrerande direktør: Klas Pettersen

Konsortiet har lokale på Universitetet i Oslo.

Målet er å styrkja norsk forsking og utdanning i kunstig intelligens, maskinlæring og robotikk. No er den medisinske forskaren Klas Pettersen tilsett som dagleg leiar, samtidig som organisasjonen har fått kontorplass på Universitetet i Oslo.

I går blei satsinga markert med eit stort oppstartsseminar i Forskningsparken på Universitetet i Oslo, der mellom andre digitaliseringsminister Nikolai Astrup var invitert.

– Vil få noko å seia for alle

I talen sin gjorde han dei som var til stades, merksame på at regjeringa ville ha klar ei melding om kunstig intelligens i ei stortingsmelding på slutten av året.

– Me vil gjerne ha innspel til denne meldinga frå de som er her i dag og jobbar med dette, var oppfordringa hans. Han kom også inn på kva fylgjer kunstig intelligens vil få for folk flest.

– Spådommen min er at dei komande åra vil denne evolusjonen få noko å seia for alle, både i arbeidslivet, familielivet, det sosiale livet vårt og for resten av kvardagen vår. Akkurat no ser me berre byrjinga på det, understreka han.

– Effektive og nyskapande

Etter hans meining har kunstig intelligens kapasitet til å skifta måten me løyser problem på, måten me handlar saman på og måten me lever liva våre på.

– For Noreg er det viktig at me er så konkurransedyktige som mogleg. Då må me også vera så effektive og nyskapande som mogleg. Eg ser dette som ein nøkkel til dette. Jobben min er å få lagt forholda til rette for at me kan utnytta alle fordelane av digitaliseringa, både for kvardagslivet til folk flest, men også til å skapa større verdiar for næringslivet og utvikla ein betre og meir effektiv offentleg sektor, sa han.

– Det er mange utfordringar innanfor digitaliseringsrevolusjonen, og verken ei regjering eller teknologiselskapa kan navigera i desse farvatna heilt på eiga hand. Derfor er det naudsynt med samarbeid mellom staten, næringslivet, akademia og frivillige organisasjonar, slo han fast. 

Styret for NORA:

Pinar Heggernes, styreleiar, Universitet i Bergen

Morten Irgens, OsloMet– storbyuniversitetet

Morten Dæhlen, Universitetet i Oslo

Rachel Thomas, Simula Research Laboratory AS

Ole-Christoffer Granmo, Universitetet i Agder

Kenneth Ruud, Universitetet i Tromsø

Anne Cathrine Gjærde, NMBU

Kristin Flornes, NORCE Norwegian Research Centre AS

Tom Ryen, Universitetet i Stavanger

Nyttig lærdom frå Afrika

Nikolai Astrup kom også inn på ei reise til Afrika han var med på, då han var utviklingsminister.

– Der lærte eg eit godt ordtak: – Om du vil vera først, kan du gå åleine. Men om du vil nå langt, må du gå saman med andre, sa Nicolai Astrup. Det meinte han var dekkjande for etableringa av Nora og innsatsen for å satsa på kunstig intellligens i Noreg.

Han peika på at det var grunnen til at han no er godt i gang med å sy saman ei eiga stortingsmelding om kunstig intelligens i Noreg.

– Heldigvis vil me ikkje starta frå null, for me kan nyta godt av regjeringa si satsing på digitalisering i offentleg sektor og målet om å byggja opp kunnskap om digitalisering hos alle i Noreg, trekte han fram.  

«Tinga sitt internett»

Astrup viste til utbygginga av 5G-nettet i her i landet.  

– Det vil gi høve til utvikling av endå fleire nye teknologiar og nyskapinga i digitalisering, og ikkje minst når det gjeld «tinga sitt internett», peika han på. Han minna om at Noreg er eit av landa som har flest digitale brukarar blant dei yngre.

– Dei vil krevja stadig ny teknologi og nye bruksområde, varsla han.

– Kunstig intelligens vil ikkje berre gjera det mogleg for oss å løysa problem på ein betre måte, men også tillata oss å løysa problema på ein heilt ny måte, sa han.

– Å gi folk betre livskvalitet

Nikolai Astrup viste også til at han hadde lært ein del av dei medisinske framstega som var gjort på Oslo universitetssykehus takka vere bruk av kunstig intelligens og maskinlæring.

– Eg såg korleis dei brukte kunstig intelligens for å kunna gi kreftpasientar ein meir nøyaktig diagnose og prognose. Det er imponerande. Mykje av dette vil gjera det mogleg for framtidige kreftpasientar å sleppa å gå gjennom ubehagelege opplevingar, som til dømes cellegiftbehandling. Det er dette teknologi og digitalisering kort sagt handlar om: Å gi folk betre livskvalitet, slo han fast.   

I innleiinga si var rektor Svein Stølen opptatt av å peika på folk som har teknologisk kunnskap og dei som ikkje har det.

– Det er viktig å tenkja på dette samfunnsansvaret når me utviklar dette samarbeidet. Forsking er grunnlaget basert på denne utdanninga somme  vil utvikla vidare, og me vil vera ivrige etter å ta denne kunnskapen i bruk. Det vil sjølvsagt vera grunnlagt på prinsippet om ansvarleg forsking og innovasjon, understreka han.

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 2. apr. 2019 15:23 - Sist endra 3. apr. 2019 14:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere