Tannlegestudentar skal få meir undervisning i munnhelsa til eldre

No skal tannlegeutdanninga rettast meir mot behandling av eldre pasientar med nesten heile tanngarden intakt. Derfor har Det odontologiske fakultetet allereie eit godt samarbeid med Oslo kommune som inkluderer studentpraksis på Cathinka Guldberg-senteret på Lovisenberg.

UNDERSØKING: - Derfor vil me setja i gang ei undersøking blant eit representativt utval av 65-åringar i Oslo for å sjå korleis stoda er, fortel Lene Hystad Hove, som er ansvarleg for undervisninga av tannlegar ved OD. Dekan Pål Barkvoll meiner det er viktig at alle ser at munnen er ein del av kroppen. 

Foto: Ola Sæther

Studentane på Det odontologiske fakultetet hospiterer i tillegg på tannklinikken til den offentlege tannhelsetenesta på St. Hanshaugen omsorgsenter. – Denne praksisen er heilt naudsynt for at framtidas tannlegar skal bli betre rusta til å møta utfordringane framover når det gjeld denne gruppa, seier førsteamanuensis Lene Hystad Hove ,som er fagansvarleg for undervisning i munnhelse hos eldre.

- Oral helse blant eldre viktigare enn før

Dagens og framtidas studentar på tannlegestudiet ved Det odontologiske fakultetet får praksis i øvingsklinikkane på fakultetet, men fakultetet ynskjer også at dei også får meir undervisning i praksisklinikken på Cathinka Guldberg-senteret like i nabolaget. – I dag har dei aller fleste eldre tennene intakt og nettopp derfor er oral helse hos eldre eit endå viktigare tema enn det som var tilfelle før, fortel Lene Hystad Hove.

Dekan Pål Barkvoll fylgjer opp. – Sjølv om eldre som bur på institusjon eller har heimesjukepleie har krav på gratis tannbehandling, er det altfor få eldre som får den behandlinga dei treng i dag. I gamle dagar hadde mange eldre ikkje tenner i det heile tatt. Den situasjonen er blitt heilt annleis dei siste tiåra, slår han fast.

Vil setja i gang undersøking blant 65-åringar i Oslo

Førebels veit ein for lite om tannhelsa til dei som er over 65 år.

Det ynskjer me å gjera noko med. Derfor vil me setja i gang ei undersøking blant eit representativt utval av 65-åringar i Oslo for å sjå korleis stoda er. Då vil me sjå på ting som sunn aldring, oral helse og livskvalitet. Korleis det står til me tennene, får fylgjer både for ernæring og det å ha ei sunn helse, understrekar Lene Hystad Hove.

Pål Barkvoll som har ein lang karriere som lærar bak seg og som dei siste 6-7 åra har vore dekan, sluttar seg til det synspunktet. – Den orale helsa heng saman med den generelle helsa. Dei påverkar kvarandre. Munnen er ein del av kroppen. Studiar har vist at sjukdom i munnhola kan føra til generelle helseproblem . I tillegg kan dårleg munnhygiene hos eldre med nedsett immunforsvar føra til lungebetennelse, og som igjen hos svekka eldre, kan føra til at pasienten døyr. Nokre sjukdomar kan også manifestera seg i munnhola, slik som blodsjukdomar og alvorlege sjukdomar som HIV og Aids. Det er viktig at både tannlegar og legar ser sjukdomar i munnhola i samanheng med resten av kroppen, oppfordrar han.

Har lenge samarbeidd med medisin

Han viser til korleis tannlegeutdanninga på odontologi har samarbeidd med medisin heilt sidan introduksjonen av den problembaserte læringa i Oslo 96. – Odontologi må fremja kunnskap om munnhola og sjukdomar som kan oppstå der, som eit viktig tema i den felles undervisninga studentane våre har med medisinstudentane, legg han vekt på.

Lene Hystad Hove viser til ei undersøking som nyleg blei gjort blant pasientar som hadde kort tid igjen å leva. – Det å redusera smerter og plager i munnen var viktig for pasientane. Medikamentbruk kan føra til nedsett spyttproduksjon og dette kan blant anna føra til sjukdomar i munnhola. Dette er ein av grunnane til at det er så viktig at desse pasientane blir fylgde opp av tannhelsepersonell, seier ho.

Vil utvida tilbodet studentane har på sjukeheim

For odontologi vil det også få konsekvensar for den framtidige undervisninga.

– Me underviser studentane til å setja funn i munnhola inn i ein samanheng og framover vil dette bli meir komplekst i og med at me får ei aldrande befolkning som har sine eigne tenner, seier Barkvoll. Ei undersøking Hystad Hove skal i gang med, skal satsa på å gi meir kunnskap om oral helse hos eldre, også kalla for gerodontologi.

– Me vil også planleggja for å ha meir teori og meir klinisk praksis og å utvida tilbodet som studentane har på Cathinka Guldberg-senterets tannklinikk der dei får praksis under kyndig rettleiing, fortel Lene Hystad Hove til Uniforum.

Dekan Pål Barkvoll er også opptatt av det som skjer i heile helsenæringa. – Det er ei vanvittig utvikling som går så fort at me må tenkja nytt heile tida. Oppgåva vår er å utdanna tannlegar for framtida. Samtidig må me også vera i dialog med innovasjonsmiljøa, peikar han på.

- Må tenkja nytt

Eit av dei viktigaste emna i åra framover, blir altså å få studentar til å bli endå meir budde på å behandla nye pasientgrupper.

Dei unge i dag har færre hol, medan fleire og fleire eldre har eigne tenner. Me lærer opp studentane våre til å behandla desse eldre pasientane, men framover må me tenkja nytt. Derfor kan me ikkje halda fram med akkurat det same undervisningsopplegget som før, poengterer Hystad Hove.

- Høg teknologisk og digital kompetanse

Pål Barkvoll legg også vekt på å visa fram den teknologiske utviklinga som også fører til at ting blir mindre komplisert enn det var før.

– Tidlegare blei alle kroner og bruer laga på tanntekniske laboratorium. I dag har tannlegane høve til å laga ei krone ved hjelp av en 3D-skannar. Det har me faktisk begynt med, fortel han.

Han ser også føre seg andre gjennombrot i odontologifaget.

– Kunstig intelligens fører til spennande teknologiske nyvinningar i kirurgi. Dette er teknologisk forsking som er forankra i biologien. Studentane har no svært høg teknologisk og digital kompetanse. Derfor er det viktig at me ikkje underviser dei i gårsdagens teknologi, framhevar han.

SKAL UNDERVISA ELDRE: Dekan Pål Barkvoll og førsteamanuensis Lene Hystad Hove fortel  at fakultetet satsar endå meir på at tannlegestudentane er endå betre budde på munnhelse blant eldre før dei går ut i arbeidslivet. (Foto: Ola Sæther)

Fire fakultet samarbeider om praksis

Det odontologiske fakultetet har mellom anna samarbeid med andre fagmiljø på Universitetet i Oslo.

– Eit av samarbeidstiltaka skjer gjennom prosjektet Saman i praksis (SamPraks) Det går ut på at me samarbeider tverrfagleg. SamPraks har som formål å gi studentar frå ulike helseprofesjonar høve til å læra saman i klinisk praksis på ein sjukeheim. Prosjektet er eit samarbeid mellom fire UiO-fakultet: Det odontologiske, Det matematisk-naturvitskaplege, Det samfunnsvitskaplege og Det medisinske fakultetet. Samarbeidet inkluderer også Sjukeheimsetaten i Oslo kommune Praksisen omfattar faga: avansert geriatrisk sjukepleie, farmasi, klinisk ernæring, medisin, odontologi og psykologi. Saman er me i gang med eit prosjekt der me undersøkjer og skal gjera ei utgreiing av dei som bur på sjukeheimar, opplyser Hystad Hove.

- Eit stort løft

Både dekan Pål Barkvoll og førsteamanuensis Lene Hystad Hove trekkjer fram kor viktig det har vore å ha drive nettverksbygging med andre odontologiske fag- og undervisningsmiljø gjennom den store fagkonferansen Association for Dental Education in Europe (ADEE) som dei skipa til på seinsommaren. – Det var eit stort løft for oss, men heile fakultetet frå tannpleiarar til forskarar, reingjeringspersonalet og fakultetsleiinga drog lasset saman og derfor blei det vellykka, seier Pål Barkvoll . No ser både han og Lene Hystad Hove fram til 2019. – Då skal me markera 60-årsjubileet for fakultetet. – Me tjuvstartar feiringa allereie i haust med 125-årsjubileet for starten på det heile: tannlegeutdanninga i Noreg, fortel Pål Barkvoll og Lene Hystad Hove.

 

 

 

 

Emneord: Odontologi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. nov. 2018 00:43 - Sist endra 1. nov. 2018 09:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere