Innovasjon Noreg-direktør: – Forsking og innovasjon er ikkje tvillingar

– Myten blant forskarar er at innovasjon er lineært. Forsking og innovasjon er ikkje tvillingar. Det sa Innovasjon Noreg-direktør Håkon Haugli i ein panelsamtale på Blindern i formiddag.

Fire kvinner og to menn sit i ein sofa og samtalar om innovasjon og forholdet mellom universitet og samfunnet

EIN SAMTALE OM INNOVASJON: Frå venstre: statssekretær Aase Marthe Horrigmo, viserektor Per Morten Sandset, konserndirektør Tove Andersen i Yara, adm.dir. Håkon Haugli i Innovasjon Noreg, professor Taran Marie Thune i TIK, UiO og møteleiaren, teologidekan Aud Tønnessen.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var i den avsluttande panelsamtalen på Innnovasjoskonferansen 2020 i dag administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg ynskte å korrigera alle dei som lever i villfaringa om at det er eit nært samband mellom forsking og innovasjon.

– Forsking og innovasjon er ikkje tvillingar. Ja, det skjer mange ting som handlar om innovasjon ved UiO. Men det er jammen meg mange ting som kan gjerast betre, slo han fast i panelsamtalen, som handla mellom anna om korleis universitetet og samfunnet samhandlar.  

– Me har levd i ei akademisk boble

Samtalen blei leia av teologidekan Aud Tønnessen.  Ho sende utfordringa frå Håkon Haugli direkte vidare til viserektor Per Morten Sandset. Han blei slett ikkje provosert av orda til Håkon Haugli.

 – Eg kunne ikkje ha vore meir einig. Me har levd i ei akademisk boble. Derfor arbeider me med dette for å få delta i dette samfunnsoppdraget, sa han.

Professor Taran Mari Thune ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur, UiO  trekte fram kva område det var mest sannsynleg at det ville skje nyskaping.

– Grenseflata mellom utdanning og innovasjon er viktigare enn andre ting, tyder ting på, peika ho på i debatten.

Etter hennar oppfatning var den viktigaste rolla til forskarane i innovasjon å peika på moglege nye vegar eller løysingar.

– Universiteta kan få i gang ein kritisk diskusjon der ein kan diskutera tinga i fellesskap, meinte ho.

– Må tola kaos

 Statssekretær Aase Marthe Horrigmo i Kommunal- og moderniseringsdepartementet etterlyste meir uorden i forsking i offentleg sektor.

– Ja, me må rigga til ein prosess som toler kaos utan at det går utover enkeltmenneske, tykte ho.

Innovasjon Noreg-sjef Håkon Haugli vedgjekk at organisasjonen han leier har vore altfor fokusert på næringslivet.

– Me har nesten ikkje vore til stades på universitetet. Studentar burde kanskje ha vore i praksis hos oss. Me vil gjerne sjølve spela ei større rolle hos studentane, lova han.

Haldninga til innovasjon har endra seg

Konserndirektør Tove Andersen i Yara var oppteken av at selskapet ho leier ikkje lenger er oppteken av å halda nye produkt skjulte for andre.

– Eg har tenkt over korleis haldninga til innovasjon har endra seg i løpet av dei siste 20 åra. Då var det viktig at alle nye produkt måtte haldast hemmelege for andre. I dag har me ein systematisk innovasjon som er sosial og som har store sjansar til å driva med systemutvikling. Det har også universiteta store sjansar til å gjera, trudde ho.

Taran Mari Thune avviste at det har vore dårleg kontakt mellom akademia, politikarane og næringslivet

– Ting tyder på at det er nær kontakt mellom desse partane, men ikkje så mykje når det gjeld innovasjon. Det viktigaste er uansett å løysa grunnleggjande problem, konstaterte ho.

Håkon Haugli meinte at det ikkje var mangel på idear i akademia.

 – Forskingsbaserte idear blir ikkje tatt i bruk. Det kan vera god kontakt på ein del nivå. Men det må skapast høve til deling og overføring på eit teknologisk plan også, sa han.

– Langt unna målet

Statssekretær Aase Marthe Horrigmo kom også inn på utfordringane kommunane har fått når det gjeld klimaendringar.

– Me er ikkje i mål om å finna klimaløysingar. Mange av dei har også møtt stor motstand. Det er no viktig å få innovasjon i offentleg sektor på dagsordenen, slo ho fast.

For viserektor Per Morten Sandset var det viktig å få fram at Universitetet i Oslo er i ferd med å byggja opp eit forskingssenter som mange håpar skal verta eit lokomotiv i arbeidet med å skapa innovasjon på Universitetet i Oslo.

– Livsvitskapssenteret til seks milliardar kroner er i ferd med å reisa seg i Gaustadbekkdalen. Mange har store forventningar til kva det kan føra til. For oss er det viktig med konvergens eller samansmelting. Derfor involverter me samfunnsfaga i alle løysingane. Og alle fakulteta deltar. Så treng me kapital og anna støtte frå næringslivet, var sluttbøna frå viserektor Per Morten Sandset.

Til saman deltok 375 personar på Innovasjonskonferansen 2020.

EINIGE: Viserektor Per Morten Sandset (nr. 2 frå venstre) var einig med Innovasjon Noreg-direktør Håkon Haugli i at mykje kan gjerast betre når det gjeld innovasjon på Universitetet i Oslo.  Dei andre som deltok i samtalen var statssekretær Aase Marthe Horrigmo, Kommunal og moderniseringsdepartementet (lengst til venstre), konserndirektør Tove Andersen, Yara (nr. 3 frå venstre) og professor Taran Mari Thune frå TIK-senteret, UiO. Lengst til høgre sit teologidekan Aud Tønnessen som var møteleiar (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Innovasjon, Næringsliv, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. jan. 2020 16:21 - Sist endra 8. jan. 2020 13:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere