Innovasjon og arbeidsrelevans skal opp i universitetsstyret

Innovasjonsløft og arbeidsrelevans er to av dei sakene som skal opp i universitetsstyret i dag. Men det er diskusjonen om foreldrepermisjon  for forskarar  det har vore mest interesse for så langt.

Medlemane i universitetsstyret samla rundt eit bort med rektor som møteleiar

ARBEIDSRELEVANS: Universitetsstyret skal i dag blant anna koma med innspel til stortingsmeldinga om arbeidsrelevans i høgare utdanning. Dette biletet er frå universitetsstyret sitt møte på Lysebu i juni. 

Foto: Ola Sæther

Universitetsstyret er denne veka samla for første gong i haust. Medan gårsdagen gjekk med til seminar om Strategi 2030 i eit felles møte med dekanane, blir det eit ordinært styremøte frå i dag klokka 09.00 til 13.00.  

Sosial innovasjon

Det er i hovudsak diskusjonssaker som kjem opp i møtet. Det første temaet styret skal drøfta er innhaldet i ein rapport med tittelen « Et inkluderende innovasjonsløft – sosial innovasjon ved Universitetet i Oslo».  Etter handsaming i Universitetsstyret skal det utarbeidast ein handlingsplan for sosial innovasjon. Det arbeidet vil vera plassert hos Innovasjonsrådet som vert leia av viserektor Per Morten Sandset. 

Neste diskusjonssak handlar også om innovasjon, nærare bestemt om status for innovasjonsarbeidet ved UiO. Der vil universitetsleiinga melda om status for fleire pågåande saker innanfor dette området, mellom anna oppretting av ei eiga eining for innovasjon, næringsliv- og samfunnskontakt i tilknyting til satsinga på livsvitskap. Sidegjeremål og habiltet/interessekonfliktar i samarbeid med næringslivet er eit anna område som det skal bli presentert ein status på.

Universitetsstyret skal også drøfta seg fram til eit innspel til stortingsmeldinga om arbeidsrelevans i høgare utdanning. 

Diskusjon om foreldrepermisjon

Den siste diskusjonssaka er den det har vore størst interesse for på førehand. Den handlar om praksis rundt foreldrepermisjon for tilsette i forskarstillingar. Den saka har Uniforum skrive ei eiga sak om.

I ei orienteringssak skal det bli informert om UiOs klimarekneskap for 2018. Den blei offentleggjort i vår og viste at UiO hadde eit samla klimaavtrykk på t 67 952 tonn CO₂e, fordelt på transport og energi på den eine halvparten og på varer og tenester på den andre halvparten.

 • Les meir i Uniforum: Flyreiser utgjer 20 prosent av klimagassutsleppa til UiO

I diskusjonsnotatet står det vidare “ I det videre arbeidet tar vi som utgangspunkt at Universitetet skal møte klimautfordringene gjennom forskning, utdanning, ved å bidra til at kunnskap tas i bruk og ved bærekraftig drift av Universitetet. Inntil nærmere diskutert tar vi som gitt at UiO skal jobbe etter 1,5 gradersmålet i Parisavtalen”.  Klimarekneskapen for 2018 var den første som omfatta heile universitetet, går det fram av sakspapira.

Dette er saklista:

Møte nr. 6/2019 i universitetsstyret

Tid og sted: Professorboligen, Karl Johansgate 47,
tirsdag 10. september  kl. 10.00-17.00 og onsdag 11. september kl. 09.00-13.00.

 

Seminar for styrets medlemmer og dekaner 10. september


Ordinært styremøte 11. september


Saker til behandling i lukket møte (Seminardel)

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


V-SAK 2 Godkjenning av protokoll fra møte nr. 5/2019

Saksdokumenter:


Diskusjonssaker


D-SAK 1 «Et inkluderende innovasjonsløft – sosial innovasjon ved Universitetet i Oslo». Rapport fra arbeidsgruppe

Saksnr. 2015/15279

Saksdokumenter:


D-SAK 2 Kunnskap i bruk: Status innovasjonsarbeidet ved UiO

Saknr. 2015/15279

Saksdokumenter:


D-SAK 3 Innspill til stortingsmeldingen om arbeidsrelevans i høyere utdanning

Saknr. 2019/4852

Saksdokumenter:


Saker til behandling i åpent møte

Diskusjonssaker


D-SAK 4 Praksis rundt foreldrepermisjon for ansatte i forskerstillinger

Saksnr. 2019/10265

Saksdokumenter:


Ordinære saker


V-SAK 3 Vedtektsendringer for Frischsenteret

Saksnr. 2019/8092-3

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar endring av vedtektene for Frischsenteret, som vedtatt i Frischsenterets råd den 20.6.2019.

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 1 UiOs klimaregnskap 2018

Saksnr. 2017/8559

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 3 Årshjul for styresaker høsten 2019

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 4 Eventuelt

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2019 04:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere