Per Morten Sandset: – Å laga nye lover er også ein innovasjon

– Innovasjon er også løysing på konkrete problem. Handlingsregelen til Oljefondet og utviding av kontinentalsokkelen er gode døme på det, fortel viserektor Per Morten Sandset ved UiO. I morgon inviterer UiO til Innovasjonskonferanse på Blindern.

Ein mann held ein tale og slår ut med den eine handa

KONKRETE PROBLEM: – Det er viktig å utvida omgrepet innovasjon og syna fram alle dei områda som har tatt og tar i bruk innovasjon for å løysa konkrete problem, seier viserektor Per Morten Sandsett. Tysdag 7. januar inviterer UiO til innovasjonskonferanse på Blindern.

Foto: Ola Gamst Sæther

Mange ser på innovasjon eller nyskaping som resultat av forsking som fører til oppdagingar som kan gi nye produkt. Det endelege målet kan vera å etablera industri på grunnlag av det produktet. Når Universitetet i Oslo sparkar i gang ein eigen innovasjonskonferanse i morgon 7. januar, er det andre typar nyskaping som står på dagsordenenen.

– Innføring av løysingar

Viserektor for forsking og innovasjon, Per Morten Sandset vil visa fram at nyskaping også kan handla om heilt andre ting.

– På Universitetet i Oslo skjer det mykje innovasjon som handlar om innføring av løysingar. Eit døme er innføringa av handlingsregelen for Oljefondet, som sette ei årleg avgrensing i kor mykje av inntektene frå Oljefondet som regjeringa kunne bruka i statsbudsjettet. Det kom frå fagmiljøet i samfunnsøkonomi. Eit anna døme er  petroleumsretten, særleg standardkontraktane. Dei har gitt industrien stabile rammevilkår, og dei er også brukte i store prosjekt på land. Så å laga nye lover er også ein innovasjon, understrekar han.  

Det er for å få fram slike og andre døme på korleis innovasjon slår inn på alle samfunnsområde, at UiO skipar til morgondagens innovasjonskonferanse. Blant innleiarane er statssekretær Aase Marthe Horrigmo i Kommunal- og moderniseringsdepartementet og forskarane Malcolm Langford og Jon Christian Fløysvik Nordrum frå Det juridiske fakultetet. Også konserndirektør Tove Andersen i Yara deltar på konferansen. Det gjer også forskar Ole Smørdal ved Institutt for pedagogikk, UiO og professor Mette Halskov Hansen frå Det humanistiske fakultetet.

– UiO jobbar heilt systematisk med innovasjon

– Det er viktig å utvida omgrepet innovasjon og syna fram alle dei områda som har tatt og tar i bruk innovasjon for å løysa konkrete problem. For å visa at innovasjon omfattar mykje meir enn å utvikla produkt som kan gi nye arbeidsplassar, sette rektoratet ned ei arbeidsgruppe som arbeidde med sosial innovasjon. Dei la fram ein rapport om sosial innovasjon i universitetsstyret i september 2019. Der blei den tatt godt imot. Den viser at UiO jobbar heilt systematisk med innovasjon, slår han fast.

Denne konferansen er også ei oppfylging av tidlegare konferansar som har tatt opp tema som til dømes helsedata..Sandset viser både til innovasjonsløftet frå 2015 og behandlinga av sosial innovasjon i universitetsstyret i 2019.

Yngre forskarar får hjelp til å realisera ideane sine

Per Morten Sandset viser også til satsinga på innovasjonprogrammet SPARK.

– Der hjelper personar frå næringslivet yngre forskarar med å realisera ideane sine. Så langt har 15 yngre forskarar fått utdeling av pengar til å utvikla prosjekta sine. Nokre av desse ideane er også sosial innovasjon, fortel han.

No meiner Per Morten Sandset det er viktig å få gjennomslag for det utvida innovasjonsomgrepet.

– Alle fagmiljøa ved UiO bring fram kunnskap som fører til innovasjon både i offentleg og privat sektor. Det er målet bak denne innovasjonskonferansen, fortel han.

Konferansen vert avslutta med ein paneldebatt om korleis universitetet og samfunnet samhandlar og korleis næringslivet og universitet kan utveksla erfaringar. Då deltar også direktør Håkon Haugli i Innovasjon Norge og Taran Thune frå Senter for teknologi, innovasjon og kultur, UiO, i tillegg til viserektor Per Morten Sandset, statssekretær Aase Marthe Horrigmo og Yara-direktør Tove Andersen.

 

Emneord: Innovasjon, Jus, HF, SV, UV, Næringsliv, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. jan. 2020 15:57 - Sist endra 6. jan. 2020 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere