Tidlegare UiO-rektor Kaare R. Norum er død

Tidlegare UiO-rektor Kaare R. Norum døydde fredag etter eit kort sjukeleie.  Han blei 86 år gammal. 

Tildegare UiO-.rektor Kaare R. Norum står og viser inn til auditorium Kaare R.Norum

DØD: Tidlegare rektor ved Universitetet i Oslo, Kaare R. Norum er død. Her deltar han i opninga av eit nytt innovasjonssenter for kreft ved Oslo Cancer Cluster i august 2015.  Eit av auditoria ber namnet hans. 

Foto: Ola Sæther

Det er sonen Lars Fredrik Norum som opplyser dette  til NTB fredag kveld.

Kaare R. Norum var rektor ved Universitetet i Oslo frå 1999 til 2001. Han overtok rektorvervet etter Lucy Smith. Norum var professor i ernæring og blei kjent i Noreg som ernæringsekspert i Fjernsynskjøkkenet i godt samspel med programleiar Ingrid Espelid Hovig. 

Han var rektor då den nye bibliotekbygningen,Georg Sverdrups hus blei opna i 1999. Ifylgje NTB blei han utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1992 og til kommandør i 1999. I 2002 blei han også kommandør av den svenske Nordstjärneorden. Norum har skrive 300 vitskaplege artiklar og var også kjent  internasjonalt som ein forkjempar for at mødrer skal amma barna sine.  Norum skreiv også fleire populærvitskaplege bøker om helse og ernæring.

• Les i Uniforum:

Norge deltar i WHOs internasjonale studie: Lager ny gullstandard for barns vekst

Han har vore hovudredaktør for Medisinsk leksikon og har skrive lærebøker både for den vidaregåande skulen og for medisinstudentar.  I 1972 fekk han tildelt Anders Jahres medisinske pris for yngre forskarar,og i 1995 fekk han UiOs formidlingspris. I over 20 år var han leiar for Statens ernæringsråd.

Dette er avskjedsintervjuet Kaare R. Norum hadde med Uniforum i desember 2001: 

Verdens morsomste jobb - simpelthen

Dette er Uniforums første intervju med Kaare R. Norum etter at han var blitt valt til rektor:

Påtroppende rektor Kaare R. Norum: - Jeg er ingen vasallfyrste

 

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 23. nov. 2019 01:05 - Sist endra 25. nov. 2019 12:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere