Noreg har fått i hamn endå ein avtale om open publisering

Noreg har inngått avtale om open tilgang og publisering med tidsskriftsforlaget Taylor & Francis. Avtalen er forhandla fram av Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking i samarbeid med norske forskingsinstitusjonar.

Iselin Nybø står på ein talarstol med ein storskjerm ved sida av seg

EIT KVANTESPRANG:  Avtalane med dei fire store betyr at vi gjer eit kvantesprang når det gjeld ope tilgang til offentleg finansiert forsking, seier Iselin Nybø. I dag landa Noreg ein avtale med det siste av dei fire store forlaga, Taylor & Francis. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Dermed har Unit nådd målet om å gi norske forskarar høve til å publisere ope hos dei fire største utgivarane av forskingslitteratur, går det fram av ei pressemelding. Frå før har Noreg inngått ein liknande avtale med forlaga Elsevier, Wiley og Springer Nature.

Noreg er eit føregangsland i forhandlingar om open tilgang der målet er at enklare og betre tilgang til forsking vil skape verdi i forskingsmiljøa og for samfunnet elles, heiter det i ei pressemelding frå Unit.

Byggjer på prinsippa om open tilgang

Også avtalen med Taylor & Francis bygger på prinsippa for avtalar med open tilgang. Det innebærer mellom anna at forskarar kan publisere ope utan ekstra kostnad, samstundes som full lesetilgang ved forskingsinstitusjonen blir ivaretatt. Dei same prinsippa ligg til grunn for avtalane som er inngått med dei tre andre tidsskriftsforlaga.

Open tilgang vil gjere kvardagen enklare for norske forskarar

Dei fire avtalane som no er forhandla fram vil bidra til ein enklare kvardag for norske forskarar. Avtalane gir høve til å publisere ope i et stort tal tidsskrift frå anerkjente utgivarar. Det gjer òg at ein stadig aukande del av norsk forsking blir internasjonalt ope tilgjengeleg og kan lesast av eit stort publikum.

- Vi er veldig glade for å ha fått i havn avtalar med dei fire største utgivarane. Dette er ein viktig milestolpe i arbeidet for å nå målet om full open tilgang til norsk forsking, seier Roar Olsen, direktør i Unit, i pressemeldinga.

– Eit kvantesprang

Også forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø er godt nøgd med at den siste avtalen er i hamn.

– Avtalane med dei fire store betyr at vi gjer eit kvantesprang når det gjeld ope tilgang til offentleg finansiert forsking, seier Iselin Nybø i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.  Ho omtalar forhandlingane som tunge. 

– Det har ikkje vore enkelt, men no har vi landa avtalar som få trudde var moglege då forhandlingane starta. Vi har ikkje vunne  kampen om open publisering enno, men vi har fått den drivkrafta vi treng for å få på plass liknande avtalar med alle forlag i løpet av neste år, seier Nybø. 

7400 tidsskrift klare for open publisering

Med avtalen med Taylor & Francis i boks, vil det seia at norske forskningsresultat kan publiserast ope i over 7400 tidsskrift. Det utgjer om lag 40 prosent av tidsskrifta som norske forskarar rangerer som dei beste, står det i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet. Der går det også fram at avtalen med dei fire store forlaga, er i samsvar med intensjonane i Plan S, det felleseuropeiske initiativet for å sikra open tilgang til offentleg finansiert forsking.   

Avtalane inneber at ein i staden for å betala for å få tilgang til å lesa forskingsartiklar betaler for publiseringa av dei. Då blir offentleg finansiert forsking tilgjengeleg for alle. Regjeringa sitt nasjonale mål og retningslinjer seier at det skal skje innan 2024, står det i pressemeldinga.

 

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2019 12:48 - Sist endra 4. okt. 2019 12:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere