Wallström: – Sverige blir respektert for å kritisera land som bryt menneskerettane

– Me blir respekterte fordi me står fast på kvinnerettane og kritiserer land som bryt menneskerettane. Det sa Sveriges utanriksminister Margot Wallström då ho besøkte UiO i formiddag.

KRITISERTE SAUDI-ARABIA: – Det er viktig å understreka at det var metodane som blei brukte i landet eg kritiserte og ikkje islam. I dag har me framleis diplomatisk samband med både Saudi-Arabia og dei andre landa, fortalde Sveriges utanriksminister Margot Wallström på UiO i dag. 

Foto: Ola Sæther

– Då Sverige hadde ein ikkje-permanent plass i Tryggingsrådet i FN fekk alle diplomatane våre streng beskjed om å spørja om kvar kvinnene er på alle møta som dei hadde med dei ulike landa. Under eit besøk i Mali, kom det kvinner bort til meg og sa at dei var svært takksame for at Sverige hadde stått fast på det kravet.

Det fortalde Sveriges utanriksminister Margot Walstróm eit fullsett auditorium 1 i Eilert Sundts hus då ho besøkte Universitetet i Oslo i formiddag.  Ho blei tatt imot og helsa velkomen av rektor Svein Stølen som gav honnør til  Programutvalget for internasjonale studier ved SV-fakultetet som hadde invitert til møtet der Margot Walström skulle fortelja om kva som låg i omgrepet feministisk utanrikspolitikk. Medarrangørar var Institutt  for statsvitskap og Sveriges ambassade.

I diplomatisk krise med Saudi-Arabia

I 2015 hamna Sveriges regjering og utanriksminister Margot Wallström i ein diplomatisk konflikt med Saudi-Arabia fordi ho hadde kritisert landet for både å bryta menneskerettane og kvinnerettane. Regjeringa hadde også sagt opp ein avtale om sal av svenske våpen til  Saudi-Arabia . På spørsmål frå Uniforum om korleis det var å stå midt i stormen den gongen, kom ho med eit langt og grundig svar.

 – Det var tøft å stå midt i det, det vedgår eg. Men det var verdt det. Saudi-Arabia truga ikkje berre med å bryta det diplomatiske sambandet med Sverige, men landet oppfordra også andre land i Midtausten til å gjera det same. Det er viktig å understreka at det var metodane som blei brukte i landet eg kritiserte og ikkje islam. I dag har me framleis diplomatisk samband med både Saudi-Arabia og dei andre landa, fortalde ho.  

– Finst mange ulike måtar å helsa på

Margot Wallström peika også på at det er viktig for Sverige å ha kontakt med land som har dei er heilt ueinige med.

– Derfor har me også hatt kontakt med Iran. Debatten etter det møtet handla stort sett om at Irans utanriksminister ikkje ville handhelsa på kvinnelege politikarar. Av og til gjer folk i Sverige seg dummare enn dei er. For det finst jo mange ulike måtar å helsa på, slo ho fast.

–For meg var det viktigare å kunna ta opp situasjonen til ei av dei mange fengsla kvinnene i Iran med den iranske utanriksministeren.  Det er heilt feil ikkje å ha kontakt med dei landa me er ueinige med. Det er nettopp det terroristane vil at me ikkje skal ha, konstaterte ho.

 – Me blir respekterte fordi me står fast på kvinnerettane og kritiserer land som bryt menneskerettane, la ho til.

Noreg og Sverige som førebilete

Sveriges utanriksminister Margot Wallström trekte også fram korleis både Noreg og Sverige vert sette på som førebilete når det gjeld å fremja demokrati og fred.

– Derfor spelar Noreg og Sverige ei rolle i Venezuela, men Sverige er også med i samtalar med Nord-Korea og med dei stridande partane i Yemen. – Me må heile tida stå på verdiar som demokrati og universelle menneskerettar, understreka ho.

Ein internasjonal trend Wallstrøm meinte å sjå var utholinga av demokratiet i verda. Fleire og fleire land vert styrte av autoritære leiarar.

– I 2019 var det for første gong eit fleirtal av verdas folk som budde i autoritære enn i demokratiske land. Ungarn er det aller første EU-landet som er karakterisert som berre delvis fritt og demokratisk. I Polen går også utviklinga feil veg. EU-landa skulle eigentleg vera gode førebilete, sa ho.

– Blir tilbakegang i tilkjempa kvinnerettar

 Wallström viste desssutan til at etter kvart som land og politiske rørsler vert meir og meir autoritære er det alltid ei gruppe som taper på det.

 – Då blir det tilbakegang i tilkjempa kvinnerettar, auka abortmotstand og krav om at kvinner skal tilbake til heimen, hadde ho lagt merke til.

Den svenske regjeringa hadde også innført ein medviten politikk overfor utviklingsland.

– Me har auka all bistand til utviklinga av demokrati. Og når det gjeld kvinnerettar spør me kvart land om kva rettar kvinner har: Får dei sjølve bestemma kven dei skal gifta seg med og har dei fridom til å starta eigne bedrifter. Me spør dessutan om dei har nok ressursar. For kvinner er viktige, ikkje minst i fredsprosessar. Det har me sett i Colombia. Med kvinnene kjem det inn fleire gode idear til korleis det skal vera mogleg å halda  freden ved like.

–Set sitt eige land først

Ein annan trend Margot Wallstrøm såg er at dei politiske leiarane set sitt eige land først., og då tenkte ho ikkje berre på USAs president Donald Trump, men også på den brasilianske presidenten Bolsonaro og diskusjonen om Brexit i Storbritannia.

– Når dei trur endå mindre på internasjonalt samarbeid vil andre gjera det same. Eigeninteresse er farleg. Menneskeslekta sitt høve til å løysa globale problem vert forverra, meinte ho.

 – Klimaendringar, antibiotikaresistens og terrorisme er tre døme på problem som berre kan løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Derfor må me kunna stola på kvarandre, understreka ho.

 Så trekte ho fram eit gamalt anglosaksisk visdomsord: «If education is expensive, try ignorance!» og skreiv det om: «If democracy is expensive, try war!»

– Det tragiske er at mange poltiiske leiarar bryt nedrustingsavtalar som skal avgrensa produksjon av kjernevåpen, og ser det faktisk som mogleg å kunna bruka slike våpen. Det leier til tragedie.

– Går rett i hjartet til folk

Når det gjeld klimakrisa såg ho håp gjennom engasjementet som er skapt av ei svensk jente på 15 år.

– Greta Thunberg seier ting som går rett i hjarta til folk. Og her i dei arktiske områda vil me merka klimaendringane endå meir. Og er det eit spørsmål forskarane er einige om, så er det nettopp det at det skjer klimaendringar. Noreg og Sverige kan bli endå nærare venner gjennom samarbeid om slike spørsmål. Engasjementet hos ungdomen gir håp for heile verda. Det er den unge generasjonen som må rydda opp etter problema som generasjonen min har skapt, slo ho fast.

No har ho eit brennande ynske:

– Eg håpar Noreg får ein ikkje-permanent plass i Tryggingsrådet i FN, sa ho.

KOM TIL UiO: Sveriges utanriksminister Margot Wallström blei tatt imot av UiO-rektor Svein Stølen (t.h:) og forskingsdekan Tim Brennen ved SV-fakultetet då ho kom til Eilert Sundts hus i formiddag. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Sverige, EU, FN, Likestilling, Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2019 18:08 - Sist endra 5. sep. 2019 18:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere