Medisindekanen er positiv til 230 nye studieplassar

UiO kan få 230 av dei 440 nye studieplassane som skal opprettast i medisin innan 2027. Dekan Ivar Prydz Gladhaug er positiv til forslaget, så lenge Kunnskapsdepartementet stiller med nok pengar.

230 NYE STUDIEPLASSAR: Grimstadutvalet føreslår at UiO får 230 nye studieplassar i medisin innan 2027. Det er eitt av tiltaka for at 80 prosent av norske legar skal ta utdanninga i Noreg. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Ola Sæther

Oppretting av 440 nye studieplassar i medisin ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU i Trondheim og Universitetet i Tromsø er eitt av tiltaka Grimstadutvalet rår til blir gjennomført for at fleire legar skal ta heile utdanninga si i Noreg.

I dag er det 3600 personar på medisinutdanningane i Noreg, medan 3200 tar heile utdanninga i utlandet. Om tiltaket blir sett i verk, vil Universitetet i Oslo få til saman 230 nye studieplassar innan 2027.

– Må stilla med tilstrekkeleg finansiering

Medisindekan Ivar Prydz Gladhaug uttrykkjer overfor Uniforum seg positiv til dette.

– Ja, me er i utgangspunktet positive til å imøtekoma eit slikt krav, men då må ei rekkje føresetnader tilfredsstillast. Departementet må stilla med tilstrekkeleg finansiering som aukar vår basisfinansiering for drift tilsvarande det auka studenttallet. I tillegg vil me trengja auka areal både i UiO og i dei samarbeidande sjukehusa våre, til dømes til  auditorium og lesesalsplassar, praksisplassar og samarbeid med primærhelsetenesta i helseregionen. Dessutan treng me tid til å sikra nytilsetjing, bygningsmessige tiltak og samarbeid med helsetenesta, seier Ivar Prydz Gladhaug.

 – Tiltaket er ein del av planen for å få utdanna fleire legar i Noreg og færre i utlandet. Trur du at dette vil føra til at målet blir oppnådd?

– Viss KD opnar for 440 nye studieplasser på medisinutdanning i Noreg er det rimeleg å rekna med at talet på dei som tar utdanninga i utlandet vil gå ned, trur han.

Skal få 80 prosent av legane til å ta utdanninga i Noreg

No tar rundt 60 prosent av norske legar utdanninga si ved dei fire medisinutdanningane i Noreg. Oppgåva Grimstadutvalet har fått, er å få 80 prosent av norske legar til å ta utdanninga si ved ein norsk lærestad.

Då utvalet, leia av medisinprofessor Hilde Grimstad ved NTNU overrekte rapporten sin til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i går, presenterte dei fleire tilrådingar.:

– Talet på studieplassar på medisin skal auka frå dagens 636 til 1076 innan 2027

– Utdanningane skal tilpassast helsetilstanden, helsetenesta og innbyggjarane i Noreg og det som vert kalla for nye nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane.

– Lånekassen si støtte til medisinutdanning i utlandet skal reduserast parallelt for å oppnå balanse mellom behov og tilgang på legar.

– Det skal greiast ut ei ordning der mellom 5 og 10 prosent av legane vert utdanna ved nærare definerte studiestader i utlandet med finansiering frå LånekassenNår det gjeld studiemodellar, så går heile utvalet inn for eit 6 år langt integrert studieprogram. Samtidig vil dei også ha studiemodellar som inkluderer større delar av helsetenesta med nye studiestader utanfor universitetsbyane.

– Utvalet rår også til at det blir ei fleksibel praktisering av grensene mellom helseregionane om fordeling av praksisplassar mellom studiestadene.

Delte seg i spørsmålet om gradsrettar i medisin

For å få ein del av utanlandsstudentane tilbake ganske raskt,  meiner halve utvalet at det bør opprettast 3 år eller fire år lange mellombelse studium spesielt for dei. Halve utvalet går også inn for å halda på dagens ordning med fire universitet som tildeler gradsutdanning i medisinstudiet. Den andre halvdelen går inn for også å tildela gradsrettar til andre universitet. Heile utvalet går inn for eit 6 år langt integrert studieprogram.

Støttar ein auke i talet på studieplassar i medisin

I hovudsak er dekan Ivar Prydz Gladhaug og Det medisinske fakultetet ved UiO einige i desse tilrådingane frå Grimstadutvalet.

– Me støttar ein auke i talet på plassar på medisinstudiet i Noreg og kan leggja til rette for mange av desse i Oslo. Noreg bør kunna utdanna legane landet treng for å sikra eit berekraftig helsevesen. Det er viktig å understreka at ein auke i talet på plassar må koma med finansiering og ein realistisk tidshorisont. Viss finansiering og tid ikkje er tilstrekkeleg, vil tiltaket verka mot formålet sitt og gjera norsk helsevesen dårlegare rusta til å møta helseutfordringar i framtida, ikkje betre, understrekar Ivar P. Gladhaug.

Om forslaget om å auka talet på studieplassar på medisin med 230 innan 2027 vert gjennomført, vil det då til saman vera 450 plassar på medisnstudiet på Universitetet i Oslo.

Prislapp: 1,2 milliardar kroner

Etter at forskings- og høgare utdaningsminister Iselin Nybø hadde tatt imot rapporten frå utvalsleiar Hildre Grimstad i går, hadde ho ikkje særleg tru på at det var mogleg å få finansiert ei så omfattande reform av medisinstudiet.

– Det vil kosta staten 1,2 milliardar kroner. I pressa økonomiske tider er det ikkje sikkert at me klarer å gjennomføra dette innan 2027, men kanskje ein gong lenger inn i framtida, sa Nybø. I eit intervju med Uniforum gav ho likevel uttrykk for at ho såg at det var naudsynt å gjera noko .– Eg ser behovet for at fleire skal ta medisinutdanninga i Noreg, sa ho.

– Dei ulike trinna heng ikkje saman

Utvalsleiar Hilde Grimstad er svært utolmodig og meinte at det var viktig at noko blei gjort med medisinutdanninga her i landet så raskt som mogleg. Ho vil ikkje lata seg stansa av prislappen på 1,2 millardar kroner som statsråd Iselin Nybø hadde sett på tiltaka.

– Dette er eit prioriteringsspørsmål. Me har blitt hengjande langt bak i Noreg. Me har ikkje hatt ein heilskapleg plan for utdanning av legar her i landet og dei ulike trinna heng ikkje saman. I Danmark har ein lenge hatt ein politikk der dei utdannar dei legane dei sjølve har behov for. Den danske medlemmen i utvalet vårt rista berre på hovudet når diskusjonen gjekk på om me i det heile tatt skulle utdanna legane sjølve, sa Hilde Grimstad til Uniforum.

Nøgd studentleiar

Leiaren for Norsk medisinstudentforeining, Øystein Ohr var svært glad for forslaget frå Hilde Grimstad og utvalet ho har vore leiar for.

 – Utvalet peikar på ein del forslag og løysingar som gjer at Noreg kan utdanna fleire legar sjølve. Noko av det viktigaste er at dei vil heva kvaliteten på studiet gjennom meir praktisk trening i primærhelsetenesta og kommunehelsetenesta enn det som me har i dag, sa han til Uniforum i gå, rett etter at tilrådingane til utvalet var blitt kunngjorde.

OsloMet vurderer medisinutdanning

No er også OsloMet-rektor Curt Rice på bana i Khrono og seier at institusjonen han leier kan koma til å diskutera spørsmålet om å oppretta ei medisinutdanning.

– Til no har me hatt uformelle samtalar om det, men sett i lys av utvalet sine tilrådingar ynskjer eg å ta initiativ til meir omfattande diskusjonar, seier Curt Rice til Khrono.Tilrådingane til Grimstadutvalet skal no ut på høyring, før dei skal handsamast i regjeringa og i Stortinget. 

Emneord: Medisin, Utdanning, Universitetspolitikk, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 26. sep. 2019 14:26 - Sist endra 26. sep. 2019 14:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere