UiO markerer Oslo Pride
"Fryktlaus kunnskap" er parolen som Universitetet i Oslo og OsloMet-storbyuniversitetet vil gå under når Pride-paraden går frå Grønland laurdag 22. juni.

REGNBOGEFLAGGET: UiO flaggar med regnbogeflagget på Lucy Smiths hus heile veka under Oslo Pride.
Det skjer også ein del Pride-arrangement i tilknyting til Universitetet i Oslo, før den store paraden laurdag 22. juni. Det går fram av oversynet på nettsidene til UiO.
Sidan før helga har Universitetsbiblioteket vist fram ei stor samling av skeiv litteratur, litteratur som støttar UiOs forskingsgsgrupper, forskingsprosjekter og emne som tar opp LHBTQ-tematikk, kjønn og seksualitet. Både ved HumSam-biblioteket, Realfagsbiblioteket og ved Medisinsk bibliotek vert det no stilt ut skeiv litteratur med ulike tema.

Onsdag 19. juni kl 12.00 blir det samtale i Pride-teltet på Youngstorget om dei homofile og media gjennom 80 år. Det er OsloMet-forskar Anders Gjesvik og tidlegare UiO-forskar Hans Wiggo Kristiansen som skal sjå på dette forholdet. Etter presentasjonane leier Turid Eikvam, tidlegare kontorsjef ved UiO og mangeårig medlem av Løvetann-redaksjonen, ein dialog mellom innleiaranen og publikum.
Den 22. juni er det altså klart for den store Pride-paraden. UiO oppfordrar då alle studentar og tilsette som vil delta om å møta opp i Botanisk hage klokka 11.00. Der vil UiO saman med OsloMet gå under parolen Fryktlaus kunnskap og slutta seg til resten av paraden på Grønland som har avgang klokka 13.00. Når paraden er slutt, vert alle inviterte til baren i Frokostkjelleren i Universitetshagen i sentrum.
Dette er programmet til Oslo Pride
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere