- Overraska og overvelda

Professor Sigrid Blömeke ved forskingssenteret CEMO er tildelt UiOs forskingspris for 2019. –Eg er overraska og overvelda, seier ho til Uniforum.

Sigrid Blömeke står på trappa til Nemkobygningen med Ole-Johan Dahls hus i bakgrunnen

FORSKINGSPRIS: Pedagogikkprofessor Sigrid Blömeke er tildelt UiOs forskingspris for 2019.

Foto: Martin Toft
Årets forskingsprisvinnar Sigrid Blömeke arbeider til dagleg som senterleiar ved Centre for Educational Measurement (CEMO) ved Det utdanningvitskaplege fakultetet. Uniforum møter ein rørt og glad prisvinnar.

– Pris til heile forskingssenteret

– Eg er både overraska og overvelda. For meg er dette ikkje berre ein pris til meg, men til heile forskingssenteret som eg er leiar for, seier Sigrid Blömeke til Uniforum.  Det var universitetsstyret som i går bestemte at Sigrid Blömeke skulle få tildelt UiOs forskingspris.
Senteret  ho leier målar mellom anna kvailteten i eksamensoppgåver og karakterar.
 
Universitetstyret bestemte også at Karin Kukkonen skulle tildelast den nyoppretta prisen for yngre forskarar. Ho er professor ved  Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk, Det humanistiske fakultetet.
Formidlingssprisen går til økonomiprofessor Steinar Holden ved Det samfunnnsvitskaplege fakultetet, medan jussprofessor Malcolm Langford på Institututt for offentleg rett ved Det juridiske fakultetet er tildelt utdanningsprisen.

Den siste prisen som skal delast ut er innovasjonprisen. Den går til Ørjan Grøttem Martinsen som er professor ved Fysisk institutt på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

– Glade

– Me  er svært glade for den store innsatsen våre  tilsette legg ned til det beste for samfunnet og for UiO. Desse prisane er velfortente, og eg  gler meg til å gratulera vinnarane personleg, seier rektor Svein Stølen i ei pressemelding frå UiO.

Prorektor Gro Bjørnerud Mo trekkjer fram den nyoppretta prisen for yngre forskarar, som går til litteratturprofessor Kari Kukkonen ved Det humanistiske fakultetet. 

 – Det er ei stor glede å kunna  gi denne prisen til professor Karin Kukkonen. Ho er ein svært spennande ung forskar, leverer forsking på svært høgt nivå og har bygt opp eit internasjonalt respektert og unikt tverrfagleg miljø, seier prorektor Gro Bjørnerud Mo. som også er leiar  for nominasjonskomiteen.

Alle prisane er på 250 000 kroner og dei blir delte ut på Universitetet i Oslos årsfest i september.

 

 

 
Emneord: UiOs priser, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2019 11:21 - Sist endra 20. juni 2019 13:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere