Eivind Østbye, den viktigaste pådrivaren og iverksetjaren, fekk dessutan eit portrettrelieff av seg avduka i allrommet i sitt eige hus, Eivind Østbyes hus. Professor Nils Chr. Stenseth avduka relieffet og sa gode og velvalde ord om ein idé- og initiativrik fagmann i zoologien, med både vyer (ikkje berre Vy) og gjennomføringskraft og stayerevne for eit tiltak han trudde på og ville fullføra. Det fekk han.
Naturlege namneval
Østbye var styrar ved forskingsstasjonen frå dei tok i bruk provisoriet Garpen, ein gammal kraftstasjon i stein ved vassdraget Ustekveikja, i 1965 til han takka av i 1996, då den nye bygningen som ber hans namn, stod ferdig og verket hans var fullført. Han gjekk av som professor i 2002 og døydde i 2014.
Høgfjellsøkologisk forskingsstasjon på Finse vart bygd i åra 1970-72; det huset har no fått namnet Arne Semb-Johanssons hus og hyser mest forskingsfasilitetar som laboratorium og anna. Den andre bygningen kom til i 1994-96, etter langvarig og iherdig innsats frå Eivind Østbye, som har fått sitt namn på det huset, der det er undevisningsrom, overnattingsrom, allrom, kantine, eit husvære med meir.
Visestyrar Erika Anita Leslie, som har halde til og arbeidt på stasjonen i ein god mannsalder, leia både avdukingsseremonien og ei minne- og mimresamling etterpå, der ho også synte ei perlerad av sine praktfulle fjellfoto, av både plante- og dyreliv og natur i stort. Dagens styrar, Torbjørn Ergon, viste også ein bildeserie og fortalde om drifta av stasjonen, som no heiter Finse alpine forskingssenter.
• Les også i Uniforum: UiOs forskningsstasjon på Finse: Undervisning på høyt nivå
Allsidig fagmann
Både Stenseth og andre trekte fram og la vekt på at Øivind Østbye var ein svært allsidig fagmann, flink til å inkludera og tilskunda kollegaer, studentar og stipendiatar til eige, sjølvstendig arbeid. Han var ein samarbeidets mann, som såg og levde etter visdomsordet «virkeligheten er tverrfaglig» – som Sigmund Hågvar frå NMBU sa det. Men han kunne også vera fåmælt og svært bestemt i sitt syn.
Og han var meir enn ein kollega for dei som kjende han best og samarbeidde mest med han; han vart ein kamerat, m.a. god jaktkamerat, turfylgje og triveleg lag i godt selskap. Kona Ingrid Margrethe Østbye (Vesla), dottera Tårån Østbye Røed, sonen Kjartan Østbye og tre barneborn var også til stades ved høgtida, og Kjartan takka på vegner av familien for den fine merksemda Eivind vart til del.
Logg inn for å kommentere