UiO feira 150-årsjubileet for den første tabellen over grunnstoffa

I dag er det 150 år sidan den russiske kjemiprofessoren Dmitrij Ivanovitsj Mendelejev grunnla det periodiske systemet for alle grunnstoffa. UiO markerte det med marsipankake og med lansering av dei nye nettsidene til periodesystemet.no

VISTE FRAM: Førstelektor Karoline Fægri viste fram kva nye ting det er mogleg å finna ut ved å bruka dei relanserte nettsidene til periodesystemet.no. I dag markerte UiO 150-årsdagen for dette systemet som er ein tabell over alle grunnstoffa.

Foto: Ola Sæther

Over 100 grunnstoffinteresserte personar frå Kjemisk institutt og andre delar av UiO var på plass då 150-årsjubileet for Det periodiske systemet blei feira i Realfagsbiblioteket i formiddag.

Det var altså i 1869 den russiske kjemiprofessoren Dmitrij Ivanovitsj Mendelejev klarte å laga det første utkastet til periodesystemet ved å organisera grunnstoffa etter atomvekt og kjemiske eigenskapar.

– Ein dugnad

UiO-rektor og kjemiprofessor Svein Stølen markerte 150-årsjubileet for Det periodiske systemet ved å opna relanseringa av undervisningsverktøyet periodesystemet.no  

Det var han som var ein av initiativtakarane til å laga periodesystemet.no. Det skjedde i februar 2008.

– Då trur eg at eg hadde brukt eit årsverk på å jobba med systemet dag og natt, avslørte han. Stølen gav også honnør til overingeniør Jon Vedde ved Kjemisk institutt og til senioringeniør Ole Bjørn Karlsen på Fysisk institutt og andre kollegaer. Men han takka også for assistansen frå Naturhistorisk museum.

 – Det var ein dugnad på Kjemisk institutt, som enda opp med at me fekk UiOs formidlingspris, fortalde han.

 • Les meir i Uniforum: Grunnstoffer som morsomt leketøy

• Les meir i Uniforum: Alt handler om kjemi

Oppslag i Nationen og Reiseradioen

Svein Stølen kom også inn på korleis dei fekk ideen om å etablera periodesystemet.no  

PRESENTERTE HISTORIA: UiO-rektor og kjemiprofessor Svein Stølen fortalde om korleis han og andre kollegaer fekk ideen til å oppretta undervisningsressursen periodesystemet.no. (Foto: Svein Stølen)

– Det handla om omdømmet til kjemi. I stor grad var det på den tida snakk om forureining når det blei tala om kjemi. Så var det nokon som kom på tanken om at me kunne laga ein nettstad som skulle handla om det periodiske systemet. Då periodesystemet.no blei lansert på UiO, kom både Aftenposten, Nationen og Verdt å vite for å dekkja hendinga, hugsa han.

Seinare balla det på seg.

– Me fekk sju oppslag i Nationen og kanskje rundt 40 korte innslag i Reiseradioen sommaren 2008, minnest han med stor glede.

Kan finna ut kva grunnstoff eit menneske inneheld

Førstelektor Karoline Fægri ved Skolelaboratoriet på Kjemisk institutt er i dag ansvarleg for periodesystemet.no. Ho demonstrerte dei relanserte nettsidene, og viste kva nye opplysningar det er mogleg å få ut. Folk kan gå inn og sjå alle grunnstoffa eit menneske inneheld, eller kva grunnstoff som finst i ein mobiltelefon. I tillegg gir periodesystemet informasjon om ved kva temperatur dei ulike grunnstoffa smeltar, samtidig som folk kan få vita når dei ulike grunnstoffa blei oppdaga.

Det er Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) som har utvikla dei nye nettsidene til periodesystemet.no på oppdrag frå Skolelaboratoriet ved Kjemisk institutt.

Favorittgrunnstoffa til fire forskarar

Fire forskarar fortalde også om sine favorittgrunnstoff. Biologiprofesssor Dag O. Hessen fortalde om karbon, direktør Carl Henrik Gørbitz ved UiO:Livsvitskap om oksygen, fysikkforskar Anja Røyne om fosfor, medan kjemiprofessor Mats Tilset fortalde om gull.

(Kjelder: UiO og Wikpedia)

 

 

 

 

 

Emneord: Kjemi, Formidling, Undervisning, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 6. mars 2019 15:15 - Sist endra 6. mars 2019 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere