No skal Khrono bli ei nasjonal avis for universiteta og høgskulane

OsloMets nettavis Khrono skal bli ei nasjonal avis for universiteta og høgskulane i Noreg. Det er ambisjonen til dei åtte universiteta og den eine høgskulen som skreiv under ein avtale i dag. 

NASJONAL AVIS: Nettavisa Khrono skal bli nasjonal avis for heile universitets- og høgskulesektoren. Den ambisjonen  deler ansvarleg redaktør Tove Lie og rektor Curt Rice ved OsloMet. Biletet er frå det første informasjonsmøtet om planane, 22. juni 2017. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Representantar for dei ni institusjonane skreiv under avtalen om eit felles avissamarbeid med Khrono-redaktør Tove Lie til stades. Ho vil halda fram som ansvarleg redaktør for Khrono, også når avisa blir nasjonal, medan ho får med seg Tore Tungodden som ny styreleiar. Han er til dagleg assisterande universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen, og dermed oppfyller dei punktet i avtalen som seier at dersom ansvarleg redaktør har sete i Oslo, skal styreleiaren koma frå Universitetet i Bergen.

Direktør Hanna Ekeli i avdeling for studieadministrasjon skreiv under avtalen på vegner av Universitetet i Oslo.  

Desse institusjonane har skrive under på avtalen:

Høgskulen på Vestlandet

Universitetet i Bergen

OsloMet

Universitetet i Oslo

NTNU

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Agder

Universitetet i Søraust-Noreg

Universitetet i Tromsø / Noregs arktiske universitet

 • Les også i Uniforum: Khrono kan bli ei reell nasjonal avis

Skal bli fristilt frå institusjonane

Avtalen er førebels inngått for tre år, altså frå 2019 og ut 2021. Khrono blir formelt ført vidare som ei eining ved OsloMet i avtaleperioden. Seinare skal Khrono etter planen etablerast som ei eiga juridisk eining heilt fristilt frå universiteta og høgskulane. Det er partane blitt einige om.

Derfor skal OsloMet ta ansvaret for å setja saman ei arbeidsgruppe som skal greia ut ein framtidig organisasjons- og finansieringsmodell. Den skal sikra at Khrono vert heilt uavhengig, men den skal også vera open for å ha med fleire aktørar i samarbeidet.  Framlegget om ein framtidig modell skal presenterast for partane seinast 1. november 2019, går det fram av paragraf 8 i avtalen. 

I denne månaden skal det haldast eit eige stiftingsmøte, med ein representant for kvar av dei institusjonane som har skrive under på avtalen. Møtet skal velja eit styre sett saman av ni personar, inkludert styreleiar. Eit krav er at fire av styremedlemane skal ha god kunnskap om mediebedrifter eller redaksjonell kompetanse. Ein av medlemane skal vera student.

Akkurat som i dag skal Khrono også i framtida redigerast i samsvar med Redaktørplakaten, Lov om redaksjonell fridom og pressa sin Ver Varsam-plakat. Det inneber at avisa skal driva med kritisk, seriøs og informativ journalistikk. Det blir også understreka at Khrono ikkje skal driva med forskingsformidling.

Institusjonane gir pengar til Khrono

Den største økonomiske bidragsytaren blir OsloMet, som skal løyva eit årleg driftstilskot på 4,5 millionar kroner. Universitetet i Bergen blir den nest største bidragsytaren ved at det forpliktar seg til å finansiera lønns- og driftskostnader for minimum tre årsverk med kontor i Bergen. På tredjeplass av bidragsytarane kjem Universitetet i Oslo som skal løyva 1 million kroner i året i driftstilskot i løpet av dei tre åra avtalen dekkjer. Dei andre samarbeidspartnarane skal bidra med anten 300 000 kroner i driftstilskot eller eitt årsverk kvar. NTNU skal i tillegg også dekkja årlege kostnader knytte til eit kontor i Brussel. 

 • Les også i Uniforum:  Khrono kan bli nasjonal avis for universiteta og høgskulane

 • Les også i Uniforum: UiB kan bli medeier i Khrono

 • Les også i Uniforum:  UiO starter forhandlinger med OsloMet om involvering i Khrono

Skal ha allmenn interesse

Målgruppa til Khrono er alle tilsette og studentar i universitets- og høgskulesektoren, forskingsmiljø, departement, næringsliv, offentleg forvaltning og interesseorganisasjonar.   Men også alle andre som er interesserte i stoff frå denne sektoren, er i målgruppa til avisa.  For sjølv om Khrono er ei nisjeavis, skal den også ha allmenn interesse, går det fram av avtalen. Så langt har institusjonane  arbeidsgjevaransvaret for dei  lokalt tilsette som arbeider for Khrono. Redaktøren skal ha det daglege ansvaret for personaloppfylginga og det redaksjonelle ansvaret, står det i avtalen.  

– Viktig for utvikling av demokratia

Rektor Curt Rice ved OsloMet gratulerer Khrono med den nye avtalen og trekkjer i eit intervju med Khrono fram at dette er viktig for meiningsutvekslinga i sektoren.

— Avisprosjektet er også ikkje minst viktig for utvikling av demokratia på universiteta og høgskulane. At tilsette og studentar kan koma ut med meiningane og tankane sine offentleg, er svært viktig. Utvikling av universitetsdemokratiet er svært viktig for meg, understrekar Rice overfor OsloMets avis Khrono.  

– Sjumilssteg

Også redaktør Tove Lie er svært nøgd med at avtalen endeleg er i hamn.

– Khrono tar eit sjumilssteg, ikkje berre med å styrkja posisjonen som ei riksdekkjande avis for kunnskapssektoren, men også eit første steg på vegen til å bli ei internasjonal avis, seier Khrono-redaktøren til si eiga avis.  

Det var i mai 2017 det først var klart at rektor Curt Rice ved OsloMet og Khrono-redaktør Tove Lie først inviterte andre universitet og høgskular til å delta i målet om å gjera Khrono til nasjonal avis. Eitt og eit halvt år seinare har ni institusjonar altså skrive under på ein avtale  som har som ambisjon å gjera det målet til røyndom.

 

 

 

Emneord: Media, Kommunikasjon, Universitetspolitikk, Universitetssamarbeid Av Martin Toft
Publisert 25. jan. 2019 16:20 - Sist endra 25. jan. 2019 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere