Khrono kan bli ei reell nasjonal avis frå neste år

Litt ut på nyåret 2019 skal samarbeidet om å gjera Khrono til ei nasjonal avis for heile universitets- og høgskulesektoren vera på plass. Det trur Tore Hansen, som er direktør for organisasjon og verksemdsstyring ved OsloMet etter møtet med åtte interesserte institusjonar i formiddag.

GLAD: – Eg er veldig glad for at me har kome så langt at me nærmar oss mål. OsloMet får eit forslag til avtale om nasjonal avis for sektoren på sitt bord på styremøtet den 14. desember, seier Tore Hansen, direktør for organisasjon og verksemdsstyring ved OsloMet.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo var den einaste av dei ni interesserte institusjonane som ikkje deltok på møtet i formiddag. Men i morgon formiddag vil UiO-rektor Svein Stølen ha eit eige møte med organisasjonsdirektør Tore Hansen for å koma med innspel frå UiO om samarbeidet om ei nasjonal avis for universitets- og høgskulesektoren. Det opplyser Tore Hansen til Uniforum.  I går diskuterte NTNU-styret eit mogleg samarbeid om nasjonal avis, og i dag var institusjonen for første gong representert på eit møte om dette avissamarbeidet.  

  • Les også: Nasjonal avis: Alle skal med - utanom  Nord og NMBU

– Dominoeffekt

Sjølv er Tore Hansen svært optimistisk når det gjeld utsiktene til å få verkeleggjort dette  samarbeidet.   – Etter at me i lengre tid hadde samtalar med Universitetet i Bergen om eit avissamarbeid, har dette gitt ein dominoeffekt. Det har blitt vanskelegare å stå utanfor. Fleire institusjonar har no meldt seg på, heilt til sist NTNU og Universitetet i Agder, fortel han.   

– I dag går intensjonsavtalen mellom OsloMet og Universitetet i Bergen ut på at OsloMet skal eiga Khrono 51 prosent medan UiB skal ha ein eigarskap på 49 prosent i avisa. Det går ikkje opp, dersom andre også skal inn i avissamarbeidet.  Kva vil de gjera med det?

– Omgrepet «eigarskap» er lite presist, sidan me så langt har diskutert ein avtalekonstruksjon, og ikkje ein eigen organisasjon. Det har òg heile vegen vore ein føresetnad at me skulle sleppa inn fleire. I utkast til avtalen ligg det at me skal ha ei form for evaluering av samarbeidet, og jobba oss fram til ein eigen organisasjon seinast innan tre år. Då kan me vurdera om verksemda skal organiserast som eit selskap eller som ein foreining, slik som til dømes forskning.no er organisert. På den måten kan eigarskapen bli meir likeverdig, seier Tore Hansen.  – Me skal laga ei sektoravis, og ikkje ei avis berre for fire-fem institusjonar, slår han fast.

 • Les også i Uniforum: Khrono kan bli nasjonal avis for universiteta og høgskulane

 • Les også i Uniforum:  UiB kan bli medeier i Khrono

• Les også i Uniforum: UiO starter forhandlinger med OsloMet om involvering i Khrono

 – Viktige saker i sektoren blir synleggjorde

Tore Hansen er viss på at det vil bli ei avis som vil vera til stor nytte for heile universitetets- og høgskulesektoren.

– Då håpar me å få til ein arena der viktige saker i sektoren blir synleggjorde i større grad enn i tradisjonelle media. Og me er viss på at me vil nå langt fleire lesarar gjennom Khrono enn det me klarer å få til gjennom Aftenposten og Dagens Næringsliv, seier han. 

– Nord og NMBU er velkomne

Om avtalen mellom dei interesserte institusjonane kjem i hamn, vil avisa kunne vera eit organ for universitet og høgskular der tre firedelar av studentane ved offentlege institusjonar, går.  Etter hans meining har heller ikkje toget gått frå stasjonen for dei store institusjonane som Nord Universitet og NMBU, som førebels ikkje er med. – Dei er velkomne til å vera med, er oppfordringa hans. 

– Nærmar oss mål

No står det igjen ein del formalitetar før avtalen blir landa. – Eg er veldig glad for at me har kome så langt at me nærmar oss mål. OsloMet får eit forslag til avtale om nasjonal avis for sektoren på sitt bord på styremøtet den 14. desember. Truleg vil andre institusjonar også ha behov for slike formelle prosessar før dei kan ta ei endeleg avgjerd, presiserer han.

– Kva håpar de ei slik nasjonal avis kan dekkja og som ikkje blir dekt godt nok i dag?

– Forholdet mellom sektoren og næringslivet, og forholdet til instituttsektoren og Innovasjon Noreg.  I dag har Khrono for få ressursar til å kunna skriva om dette området.  Og ein grunn til at me ynskjer samarbeid med Universitetet i Bergen, er at me kan skriva meir om dei verdiane som blir skapte på den andre sida av Langfjella, understrekar Tore Hansen.

I morgon er han klar til å ta imot UiO-rektor Svein Stølen.

– Sidan UiO ikkje fann det naturleg å vera med på møtet i formiddag, vil det derfor vera interessant å få høyra innspela frå Universitetet i Oslo på det møtet, seier Tore Hansen. 

VANSKELEGARE: – Etter at me i lengre tid hadde samtalar med Universitetet i Bergen om eit avissamarbeid, har dette gitt ein dominoeffekt. Det har blitt vanskelegare å stå utanfor, seier Tore Hansen, direktør for organisasjon og verksemdsstyring ved OsloMet.  (Foto: Ola Sæther)

– Gode nyhende

I fylgje Khrono synest ansvarleg redaktør Tove Lie at dette er gode nyhende. – Khrono har hatt ambisjonar om å vera ei nasjonal avis for sektoren sidan 2015. At det i dag er åtte universitet og ein høgskule som er med i sluttspurten på forhandlingane, er gode nyhende. Me er utolmodige etter å koma  i gang med satsinga og videreutviklinga av avisa, seier Lie til Khrono.

Ikkje vore til behandling hos NMBU

Uniforum har tatt kontakt med rektor Mari Sundli Tveit for å høyra kvifor Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) ikkje er med i samarbeidet om å gjera Khrono til ei nasjonal avis for sektoren. Det viser seg at det ikkje ligg noko dramatisk bak det.

– Det er etter mi meining ei veldig positiv utvikling med ei nasjonal sektoravis. Det ville også vore gunstig å få meir internasjonalt perspektiv på saker som vedgår sektoren vår.
Når NMBU så langt ikkje er med, er det rett og slett fordi me ikkje har behandla saka enno, svarer Mari Sundli Tveit Uniforum frå Sør-Afrika.  Der er ho på besøk saman med forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og andre folk frå universitets- og høgskulesektoren.

 

Emneord: Media, Universitetssamarbeid, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. nov. 2018 16:49 - Sist endra 1. nov. 2018 18:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere