Langeland er skuffa over skeivt bilete

Nils Rune Langeland er skuffa over å ha tapt mot staten i Oslo tingrett. Han slepp å betale for rettssaka.

FRI RETTSHJELP: Nils Rune Langeland slepp å betale sakskostnadene til Staten, og er sjølv innvilga fri rettshjelp.

Foto: Marie von Krogh / På Høyden

– Eg er naturlegvis skuffa. Eg meiner fast bestemt at dommen gir eit veldig skeivt bilete av mi gjerning som lærar ved Universitetet i Stavanger i alle desse åra, seier Langeland til På Høyden.

– Det er òg påfallande kor lite som står om jobben eg har gjort i desse åra, alle vekene og åra med normalt arbeid, seier Langeland. Han blei tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger i 2008, og fekk opprykk til professor 31. mai 2011.

Langeland saknar òg ei grundigare vurdering frå retten kring spørsmålet om akan-avtalen (rusmestring), som han nyleg hadde gått med på då han fekk avskjed.

Forfremja til professor trass i fyll

I dommen kjem det fram at Langeland allereie frå 2009 sende sjikanerande meldingar til sin kvinnelege instituttleiar. Han var og full og ufin på fleire sosiale arrangement knytt til jobben.

– Burde du ikkje fått sparken allereie i 2012?

– Det var ikkje eit tema mellom meg og instituttleiaren den gongen. Vi hadde eit heilt ålreit forhold i mange år etterpå. Tvert imot blei eg forfremja til professor i 2011. Det var ingenting som tyda på at eg var i konflikt med nokon, eller at dette var eit stort problem, svarer Langeland.

Han har enno ikkje tatt stilling til om han vil anke saka, og har ein månads frist for å gjere dette. Oslo tingrett fann at Langeland hadde «en viss grunn til å få avskjeden prøvd, da vurderingen av rusavtalen har voldt noe tvil med hensyn til at samarbeidsgruppen og behandlingstilbudet ikke var fullt ut etablert da avskjeden ble gitt. Etter rettens syn er dette et sentralt punkt i saken.»

Får dekka kostnadene

Sjølv om han har tapt saka fullstendig pålegg retten Staten å betale sine eigne sakskostnader.

Langeland er for tida utan jobb og inntekt, og han har difor fått fri rettshjelp. Difor blir hans eigne advokatkostnader og dekka av det offentlege.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk, Etikk Av Dag Hellesund /På Høyden
Publisert 16. jan. 2019 15:08 - Sist endra 16. jan. 2019 15:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere