– Det er utruleg bra, synest zoolog Petter Bøckman og kommunikasjonsleiar Karenina Kriszat. Dei tar med Uniforum i utstillinga som har vore den aller største suksessen i 2018, «Livets tre» i Zoologisk museum. Det er eit utstilling om evolusjonen.
– Denne utstillinga har hatt eit høgt besøkstal heilt sidan den blei opna for eitt år sidan, og det har ikkje vore noko teikn på at talet på besøkjande har gått ned etterpå. Andre museum opplever at besøket dabbar ned nokre månader etter opninga, men det har ikkje skjedd her, fortel zoolog Petter Bøckman.
Slår besøksrekorden frå 2009
Då fossilet Ida kom til Naturhistorisk museum i 2009, midt under 100-årsjubileet for boka «Artenes opprinnelse» og 150-årsjubileet for Charles Darwins fødsel, viser oppdaterte tal at 132 000 personar kom inn gjennom museumsdørene på Tøyen. I 2018 kom det nesten tusen fleire med 133 000 personar. Det gler kommunikasjonsleiar Karenina Kriszat seg stort over.
• Les også i Uniforum: Ida gav rekordbesøk på Naturhistorisk museum
– Flinke formidlarar
– Det skuldast også at me har flinke formidlarar som til dømes Petter Bøckman. På Dino-dagen i fjor kom det 3000 personar i løpet av ein dag, fortel ho. – Ja, alle ting som sluttar på –saurus trekkjer folk til museet, smiler Petter Bøckman.
– Å vera ein god formidlar handlar om å snakka entusiastisk på vegner av faget. Det er svært viktig. Og så må eg også skryta litt tilbake til Karenina Kriszat som er ein kommunikasjonsleiar som har forstått kor viktig det er å gjera seg synleg i sosiale media for å bli lagt merke til, understrekar han.
Står på Lonely Planet-liste
For Karenina Kriszat har merka at det kan vera tøft å få markert seg i media.
– I Oslo er det ein kamp mellom musea å vera mest mogleg synlege. Difor er me nøgde med at Lonely Planet har lista opp Naturhistorisk museum som 1 av 10 ting turistar må få med seg i Oslo, seier ho.
Norske dyr mest eksotiske
Mange av utstillingane er godt forseggjorde og laga litt trendy. Likevel er det ikkje alltid dei som imponerer mest.
– I sommar hadde me besøk av direktøren ved Naturhistorisk museum i Sydney i Australia. Det ho var mest begeistra for var den faste utstillinga av norske dyr, som til dømes isbjørn og lemen. For henne var den mest eksotisk, fortel Petter Bøckman.
Når Naturhistorisk museum inkluderer alle som har vore innom portane i Botanisk hage, har 800 000 personar besøkt museet i 2018.
Våren 2020 skal det nye Klimahuset i Naturhistorisk museum opna, rundt tre månader etter planen. – Naturhistoriske museum blir meir og meir aktuelle nettopp på grunn av klimaendringane, seier Kriszat. Ho ser også fram til at Nationaltheatret flyttar inn i nabobygningen når Munch-museet flyttar ut i 2019. – Det gler me oss til, seier ho.
• Les også i Uniforum: Oslo kommune gir 24,5 millionar kroner til Klimahuset på Tøyen
Utvidar opningstidene
No gjer Naturhistorisk museum nokre små endringar for å få endå fleire til å koma.
– Opningstidene på laurdagar og sundagar blir utvida med to timar slik at det vil vera mogleg å koma til museet mellom klokka 10 og 17. Alle torsdagar vil det framleis vera gratis inngang for alle. Og alle studentar og UiO-tilsette har gratis inngang alle dagar, minner Karenina Kriszat om.
Då Uniforum var der, kom med ein gjeng med over 50 skuleelevar på besøk. Dei var på veg for å høyra zoolog Peter Bøckman formidla mellom anna om utstillinga "Livets tre."
Logg inn for å kommentere