Solbakk og Kierulf diskuterte forskingsetikk med UiO-leiinga

Forskingsombod Peter Kierulf og professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk var rett før helga i møte med UiO-rektor Ole Petter Ottersen, prorektor Ragnhild H. Hennum og universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe. Temaet for møtet var korleis den forskingsetiske beredskapen kan styrkjast ved UiO.

TOPPMØTE: Professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk og forskingsdekan Peter Kierulf hadde fredag formiddag toppmøte om forskingsetikk med UiO-rektor Ole Petter Ottersen, prorektor Ragnhild H. Hennum og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Foto: Ola Sæther

Forskingsombod Peter Kierulf og professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk har begge hatt sentrale roller som vitne i ei konfliktsak i Oslo tingrett. Ein 35 år gammal kvinneleg forskar skulda

Bakgrunn:

- Ein 35 år gammal kvinneleg forskar har gått til rettssak mot Oslo universitetssykehus.

- Ho skuldar OUS for å driva med gjengjelding fordi ho har varsla om dårleg arbeidsmiljø i eit forskingslaboratorium.

- OUS avviser skuldingane, og meiner dette er ei personalsak.

- Forskingsombod Peter Kierulf og professor i medisinsk etikk Jan Helge Solbakk har vore støttespelarar og vitne for forskaren i rettssak.

- Spesielt forskingsombodet har fått hard medfart i retten. Forskingsdekan Hilde Nebb ved Medfak meinte han kom med eit partsinnlegg i staden for å vera heilt objektiv i saka.

- Solbakk og Kierulf meiner at Medfak og OUS ikkje fylgjer opp tilrådingar frå forskingsombodet.

- Fredag formiddag hadde Solbakk og Kierulf møte om forskingsetikk med UiO-leiinga.

der Oslo universitetssykehus for gjengjelding etter at ho varsla om dårleg arbeidsmiljø på eitt av forskingslaboratoria ved sjukehuset. Peter Kierulf er forskingsombod for OUS, Ahus og Medfak. 

Les også: Ung forsker til rettssak mot Oslo universitetssykehus

Fredag formiddag kom Jan Helge Solbakk og Peter Kierulf til niande etasje i Lucy Smiths hus. Der blei dei tatt imot av rektor Ole Petter Ottersen, prorektor Ragnhild Hennum og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Møtet varte i 45 minutt. Då Uniforum etterpå spurde Peter Kierulf og Jan Helge Solbakk om kva som var temaet for møtet, nekta dei å kommentera det. – Me har lovt at det me snakka om på møtet skal vera strengt hemmeleg. Og den lovnaden har me tenkt å halda, sa Jan Helge Solbakk til Uniforum.

Verken han eller Peter Kierulf ville stadfesta at formålet med møtet var å diskutera rolla til forskingsombodet for medisin, og korleis den rolla etter deira meining er blitt underkjent av Det medisinske fakultetet ved UiO og Oslo universitetssykehus.

– Snakka om forskingsetiske problemstillingar

UiO-rektor Ole Petter Ottersen stadfestar at møtet tok opp forskingsetiske problemstillingar ved UiO.

– På møtet snakka me generelt om forskingsetiske problemstillingar og korleis me kan styrkja den forskingsetiske beredskapen ved UiO - ei sak me i leiinga er svært opptekne av. Me diskuterte også den nye lova om forskingsetikk, skriv Ottersen i ein epost til Uniforum. Men mandatet til forskingsombodet var ikkje eit tema på møtet, ifylgje Ottersen.

– Mandatet for forskingsombodet er jo vedtatt, så dette var sjølvsagt ikkje eit møte der ein diskuterte retningslinjer eller liknande - det er andre organ som har ansvaret for desse, understrekar han.

Skulda forskingsombodet for ikkje å vera objektiv

I konfliktsaka i Oslo tingrett for to veker sidan kom det sterke skuldingar mot både Oslo universitetssykehus og Det medisinske fakultetet. Vitnemåla til Peter Kierulf og Jan Helge Solbakk bygde opp under kritikken mot Oslo universitetssykehus. Men etter kvart slo både Oslo universitetssykehus og Det medisinske fakultetet hardt tilbake.

Les også: OUS ut mot støttespillernes rolle

I ein av dei siste dagane under rettsaka kom forskingsdekan Hilde Nebb ved Det medisinske fakultetet med eit vitnemål som var lite fordelaktig for forskingsombod Peter Kierulf. Ho skulda han mellom anna for å ta parti for den eine parten i ei sak, i staden for å halda seg heilt objektiv til begge sidene i ei konfliktsak. Det likte forskingsombod Peter Kierulf dårleg. Det gjorde også professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk. 

 Les også: Advokat Opøien: Kan kranglete mennesker varsle?

– Det einaste han har gjort er å leggja fram dokumentasjon på korleis situasjonen er på det omtalte laboratoriet, seier Solbakk til Uniforum. Han peikar også på FAFO-rapporten som kjem med ei svært negativ skildring av arbeidsmiljøet på Oslo universitetssykehus, mellom anna i det laboratoriet der den 35 år gamle, kvinnelege forskaren arbeidde.

Bad om møte med UiO-leiinga

Etter det Uniforum har grunn til å tru, er desse episodane ein viktig grunn til at Peter Kierulf og Jan Helge Solbakk bad om eit møte med UiO-leiinga. Etter deira meining har Oslo universitetssykehus og Det medisinske fakultetet underkjent forskingsombodets rolle på grunn den manglande viljen frå desse institusjonane til å fylgja tilrådingane frå forskingsombodet. UiO-rektor Ole Petter Ottersen stadfestar at forskingsetiske problemstillingar var eit tema, men at rolla til forskingsombodet altså ikkje var eit tema for møtet.

 

 

Av Martin Toft
Publisert 27. feb. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere