Små fag med stor appell

Irsk, norrønt og runologi er alle små fag på UiO. – Ved å visa fram felles røter i mellomalderen, har dei likevel blitt attraktive blant internasjonale studentar, seier professor Jan-Erik Rekdal og førsteamanuensis Terje Spurkland.

POPULÆRE SMÅFAG: Norrønt, runologi og irsk appeller stadig til nye generasjonar studentar både frå Noreg og utlandet. Runologen Terje Spurkland føreles for 60 studentar på innføringskurset denne hausten.

Foto: Ola Sæther

Det har vore ein genistrek å fusjonera norrønt og runologi med irsk og visa fram den felles historia frå vikingtid og mellomalder.  Akkurat det er irskprofessor Jan Erik Rekdal og førsteamanuensis i runologi Terje Spurkland heilt einige om.

– Folk er dritleie av samtidskaoset. No vil dei læra meir om mellomalderen, understrekar Jan Erik Rekdal.

Vikingtida og Ibsen gjer Noreg attraktiv

Det kan også Terje Spurkland skriva under på.

– Ja, det er stor interesse for mellomalderstudiet, ikkje minst fordi me tilbyr det på engelsk. Difor får me også mange internasjonale studentar hit. Dei fylgjer den oppfordringa som eg alltid har kome med. Om du skal studera i Noreg, må det vera på grunn av to ting: Vikingtida og Henrik Ibsen, slår han fast. 

Også han har registrert at mange ristar på hovudet over at Universitetet i Oslo framleis har fag som kan verka små og ubetydelege, slike som norrønt, runologi og irsk. 

– Mange påstår at dei er unyttige og lite relevante.  Faktum er at det me driv på med både er svært internasjonalt og har appell langt utanfor Noregs grenser, konstaterer Spurkland.

Medan Jan Erik Rekdal kan visa til rundt 15 studentar som tar bachelor i irsk, er det rundt 40 som tar norrønt hos Jon Gunnar Jørgensen medan heile 60 studentar har registrert seg på runologi. 

– Grunnen til populariteten trur me har å gjera med at me har klart å frigjera faga norrønt og runologi frå det genuint norske, og heller viser korleis den norske mellomalderkulturen er blitt inspirert av andre kulturar og korleis dei har spreidd seg langt utanfor nærområda sine, seier runologen. 

STOR INTERESSE: Filmar som Harry Potter og Tolkien har vekt interessa for mellomalderen og vikingtida blant eit stort publikum. No strøymer det studentar til både irsk, norrønt og runologi. (Foto: Ola Sæther)

Den kulturelle møtestaden i Irskesjøen

Samtidig har dei tre faga ein felles kulturell smeltedigel som dei gjerne trekkjer fram. 

– Ja, det er sjølvsagt øya Isle of Man midt i Irskesjøen mellom Storbritannia og Irland.  Der møtte vikingkulturen den keltiske kulturen og dei påverka kvarandre, fortel Rekdal og Spurkland.  Begge er einige om at filmar som Harry Potter og Tolkien har vekt interessa for mellomalderen og vikingtida blant eit stort publikum. Dei peikar også på fantasiserien Game of Thrones.  Og dei har stor  tru på at NRK-serien Vikingane vil vera med på å halda oppe den interessa. 

Unikt for UiO

– I det store og det heile set me inn alle desse tre faga i ein felles europeisk kontekst. Og Universitetet i Oslo er den einaste staden i Norden der det er mogleg å studera både irsk, norrønt og runologi samtidig, opplyser dei to til Uniforum.  Medan Terje Spurkland har mange internasjonale studentar på runologi, har Jan Erik Rekdal flest norske mellom dei 15 studentane på irsk.  – Om kort tid tar eg dei med meg til Aran-øyane utanfor Irland, for at dei skal snakka irsk kvar dag dei vekene me er der, fortel han.

Nyleg fekk dei vita at av 60 personar frå heile verda som søkte på tre postdoktorstillingar ved HF, ynskte 10 av dei å forska på irsk, norrønt eller runologi.  Førebels veit dei ikkje kven som er tilsette i desse stillingane. – Uansett så viser det at småfaga våre er attraktive internasjonalt, konstaterer dei.

Håpar erstattarar kan overta

GLER SEG OVER POPULARITETEN: Irskprofessor Jan Erik Rekdal (t.v)  og førsteamanuensis i runologi, Terje Spurkland gler seg over populariteten til småfaga irsk, norrønt og runologi blant norske og utanlandske studentar. (Foto: Martin Toft)

Både Jan Erik Rekdal og Terje Spurkland er farleg nær den endelege pensjonsalderen. Dei håpar likevel at faga deira også overlever dei. – Mange av dei tidlegare studentane våre er i dag tilsette som forskarar ved kjende universitet i Europa og USA. Nokre av dei kan heilt sikkert erstatta oss, er dei overtydde om.

For å få formidla kva dei driv på med, organiserer dei den internasjonale konferansen Epigraphics in an Intermedial Context på UiO frå 16. til 18. november om innskrifter  i ulike alfabet og språk. mellomalderen. – Slik kan me visa korleis slik epigrafikk utgjorde eit forstadium før utviklinga av moderne skriftspråk, fortel Spurkland og Rekdal.

 

 

 

Emneord: Språk, Internasjonalisering, Humaniora, Norrønt Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere