Tok første spadestikk for 1500 nye studentbustader på Kringsjå

Byråd Hanne Marcussen fekk hjelp av tre barnehagebarn då ho i dag tok første spadestikk for bygningen i massivt tre som skal husa 330 studentar på Kringsjå.

FØRSTE SPADETAK: Tre barn frå SiOs barnehagar hjelpte til, då byråd Hanne Marcussen  i dag tok det første spadetaket for bygginga av SiOs mest moderne studentbustader på Kringsjå.

Foto: Ola Sæther

Det første spadestikket for reisinga av bygningen i massivt tre, inneber også klarsignalet for utvidinga av Kringsjå med til saman 1500 nye bustader.  Det vil seia at rundt 2020 vil

Fakta:
·    Prosjektets første
      byggjetrinn har Ove Skår AS som hovudentreprenør. Arkitekt er AT Plan & Arkitektur AS.
·   AF Gruppen er entreprenør for ombygginga av  Ole M. Troviks vei 6, 8 og 10. LMR Arkitektur.
    ·  Heile utbygginga vil vera ferdig i 2020. Då vil 4000 studentar bu på Kringsjå, 1500 fleire enn i dag.
(Kjelde: SiO)

4000 studentar bu på Kringsjå. 

- 50 prosent mindre CO2-utslepp

- Den mest moderne bygningen vil bli bygd i massivt tre og sleppa ut 50 prosent mindre CO2 enn det bygningar vanlegvis gjer i dag, sa adm.dir. Lisbeth Dyrberg i Studentsamskipnadnen i Oslo og Akershus, før ho overlet ordet til byråd Hanne Marcussen.  

- Denne utbygginga er me svært glade for. Byrådet vil gjerne utvikla byliv på gateplan med smarte og miljøvennlege løysingar. Lykke til med gjennomføringa av prosjektet, sa byråd Hanne Marcussen. 

Så gjekk ho bort til den nylaga sandkassen og med assistanse frå tre barn frå SiO-barnehagane fekk ho tatt det første spadetaket for den store utbygginga på Kringsjå.

Populært område

I marknadsføringa av prosjektet peikar Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus på at den nære naboskapen både til Marka og til byen, er to ting som gjer Kringsjå populært både hos norske og internasjonale studentar.

NYE KRINGSJÅ: Slik vil Kringsjå studentby sjå ut, når utbygginga av 1500 nye studentbustader er ferdig i 2020. Fremst til venstre på biletet er to bygningar i massivt tre. Dette er vinnarutkastet i arkitektkonkurransen.  (Illustrasjon: AT Plan & Arkitektur AS.)

 

 

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 20. okt. 2016 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere