– Ein ressurs å vera minoritetsjurist

– For oss er det viktig å visa at det kan vera ein fordel for jusstudentar å ha minoritetsbakgrunn. Me er etterspurde blant arbeidsgjevarane, seier leiar Sargi Singh og nestleiar Isa Rama i Minoritetsjuristar ved Det juridiske fakultetet.

POSITIVT MED SLIK BAKGRUNN: – Me er svært opptatt av å visa minoritetsstudentar at det er ein ekstra ressurs å ha den bakgrunnen som dei har, seier Sargi Singh og Isa Rama  i foreininga Minoritetsjuristar ved Det juridiske fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Det bør innførast ei mentorordning for jusstudentar med minoritetsbakgrunn og auka bruk av rollemodellar. Denne tilrådinga kjem Likestillings- og mangfaldsutvalet på Det juridiske fakultetet med etter å ha studert nøye svara i ei spørjeundersøking blant masterstudentane på juss hausten 2015. 567 studentar svarte på undersøkinga, blant dei 60 med minoritetsbakgrunn, om lag 12 prosent av dei som deltok.

– Jamn auke av minoritetsstudentar

– I 2007 var berre seks av hundre jusstudentar definerte som minoritet. No har 12 av 100 denne bakgrunnen. Det viser at det har vore ein jamn auke, konstaterer leiar for utvalet, direktør Inga Bostad ved Norsk senter for menneskerettar. Ho har registrert at minoritetsstudentane har det bra. – Stort sett trivst dei godt, men dei er endå meir opptekne enn dei andre studentane av om dei vil få jobb etterpå. Eit annan interessant poeng er at dei gjerne vil vita kva dei kan gjera for samfunnet etter at dei er ferdige med jussutdanninga, fortel ho.

Færre har foreldre med høgare utdanning

Minoritetsundersøkinga viser at det er fleire majoritetsstudentar som har mor eller far med høgare utdanning enn det som er tilfellet blant minoritetsstudentar. I gjennomsnitt har 82 prosent av majoritetsstudentane ein far med høgare utdanning, medan 72 prosent av dei også har ei mor med høgare utdanning. Mellom minoritetsstudentane har 57 prosent ein far med høgare utdannning og 62 prosent ei mor med høgare utdanning. Mange har inntrykk av at minoritetsstudentar er meir kritiske til den sentrale plassen alkoholbruk har i fadderveka, enn studentar med etnisk norsk bakgrunn. Ifylgje svara i denne undersøkinga er begge desse studentgruppene om lag like kritiske til dette.

Ynskjer mentorar og rollemodellar

Inga Bostad vil som leiar for Likestillings- og mangfaldsutvalet likevel be fakultetsleiinga om å setja i gang to nye tiltak: – Me foreslår at det blir etablert ei mentorordning for minoritetsstudentar, og at det også blir auka bruk av rollemodellar. Ei slik ordning kan bidra til å kompensera for mangelen på familie eller anna nettverk med juristbakgrunn. Samtidig ser me det som viktig at det blir rekruttert fleire personar med minoritetsbakgrunn til vitskaplege stillingar, seier Inga Bostad til Uniforum.

Utvalet tilrår Det juridiske fakultetet å greia ut behovet for eit formalisert samarbeid mellom MinoJur (Minoritetsjuristar på Det juridiske fakultetet) og studie-, eksamens- og kommunikasjonsseksjonen.

Har motivasjonsseminar

Foreininga Minoritetsjuristar på Det juridiske fakultetet synest det er bra at det er blitt gjort ei kartlegging av situasjonen til minoritetsstudentane på juss. Det gjer både leiar Sargi Singh og nestleiar Isa Rama klart uttrykk for.

– Me er svært opptatt av å visa minoritetsstudentar at det er ein ekstra ressurs å ha den bakgrunnen som dei har. Difor har me hatt motivasjonsseminar der kjende og godt profilerte minoritetsjuristar kjem og fortel korleis dei fekk jobb i Ernst & Young eller i advokatfirmaet BAHR. Advokatfirmaet Wiersholm er hovudsamarbeidspartnaren vår, difor har me tilgang til svært dyktige advokatar som moglege foredragshaldarar og til fine lokale for arrangementa våre, fortel Sargi Singh og Isa Rama til Uniforum.

Eiga mentorordning

På eige initiativ har også foreininga sett i gang ei mentorordning. – Ja, me brukar tidlegare styremedlemar som mentorar for nye minoritetsstudentar. Også medlemane i det rådgjevande organet kan gi studentane verdifulle tips om arbeidslivet. Det har fungert veldig bra. Funna i minoritetsundersøkinga er midt i kjernen av det som me gjer.

– Undersøkinga viser at minoritetsstudentar gjerne vil gjera noko for samfunnet med juristutdanninga. Kvifor trur de at det er slik?

– Mange av oss har foreldre frå land som er svært forskjellige frå og langt fattigare enn det Noreg er. Samtidig har me god kontakt med syskenbarn og andre familiemedlemar i foreldra våre sine heimland. Det kunne også ha vore våre liv. Difor ser me at ved å koma til Noreg med foreldra våre har vore som å vinna i lotteriet, seier Isa Rama. Sargi Singh er heilt einig.

– Det skal me også greia

– Me lever framleis nær dei forholda som foreldra vår kom frå, seier ho. For dei er det viktig å ha motivasjonsseminar med juristar med minoritetsbakgrunn.

–Det får minoritetsstudentane til å tenkja at om dei klarte det, skal me greia å få det til også, seier Isa Rama og Sargi Singh.

Når det gjeld språkproblem, så skil ikkje minoritetstudentar seg ut frå dei andre studentane.

– 43 prosent av alle jusstudentane synest det juridiske språket i lærebøkene er vanskeleg, men no har fakultetet heldigvis sett i gang Klart språk-prosjektet. Det vil vera til stor hjelp for alle, trur Sargi Singh.

– Open for alle

Så langt har mellom 40 og 100 personar dukka opp på arrangementa til foreininga, der dei også har diskutert tema som religiøse hovudplagg og radikalisering av ungdom. – Foreininga vår er open for absolutt alle, understrekar Isa Rama. – Ein minoritet er ikkje ein minoritet utan at majoriteten er til stades, peikar Sargi Singh på.

Spørjeundersøkinga blei gjennomført av førstekonsulent og universitetslektor Linda Gulli ved Det juridiske fakultetet hausten 2015. Studiedekan Erling Hjelmeng er svært nøgd med at det er blitt gjennomført ei slik kartlegging. – Me synest det er flott at undersøkinga er gjennomført, sidan det er eit område der kunnskap er heilt essensiell for å vurdera eventuelle tiltak. Resultata opplever me som stort sett positive når det gjeld minoritetsstudentar som er inne på studiet, skriv han i ein epost til Uniforum.

Men han lovar at fakultetet må gjera noko med drikkepresset mange opplever på jusstudiet, anten dei har minoritets- eller majoritetsbakgrunn. – Her må me openbert gjera meir, sjølv om me allereie gjennom fleire år har arbeidt mot drikkepress gjennom kursing av fadderar og alkoholfrie arrangement, meiner studiedekan Erling Hjelmeng.

 

Emneord: Studentforhold, Juss, Arbeidsmiljø, Studentsaker, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 12. okt. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere