Nasjonalmuseet får gode råd frå studentar

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vil nå endå fleire familiar enn i dag når den nye bygningen står ferdig i 2020. Oppskrifta håpar dei å få frå 15 norske og 12 amerikanske studentar.

SAMAN FOR MUSEET: Norske og amerikanske studentar er godt nøgde med å laga felles oppgåver for Nasjonalmuseet. Studentane er Helene Samuelsen, Kjerstin Søreide Kvaavik, Hanna Theele, Quentin Eastridge, Haley Threlkeld, Alex Raykowitz, Erik Vass og Thomas Foltz.

Foto: Ola Sæther

Studentane på Kommunikasjon, design og læring ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved UiO gir Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design råd om korleis det kan nå ut til langt fleire grupper enn i dag. Dei samarbeider nært med studentar i grafisk design frå University of Tennessee-Knoxville. 

I vår har 12 kunststudentar frå USA sett seg saman med dei 15 UiO-studentane på kommunikasjon og design for å presentera heilt nye og ferske løysingar for korleis Nasjonalmuseet kan nå ut til familiar og andre grupper som ikkje brukar museet i dag. Museet er ute etter nye og meir nyskapande former for bruk av digitale media, mobiltelefonar og internaktiv teknologi.

Kartlegg museumspublikummet

Det blei sett ned fem ulike arbeidsgrupper med fem personar i kvar som skulle sjå på spelbaserte aktivitetar, verkstadsaktivitetar og familiearrangement. Oppgåva deira var å finna ut korleis Nasjonalmuseet identifiserer seg og kva behov og interesse familiar har som museumsbesøkjande. Til slutt skulle dei visa fram ein konklusjon på alle funna sine, og gi ei vurdering av kva det vil ha å seia for museet og publikum.

Førre veke presenterte gruppene dei første ideane og forslaga sine for fleire av dei tilsette ved Nasjonalmuseet. – Desse ideane bringar oss mange steg vidare, meiner avdelingsdirektør Per Odd Bakke i Nasjonalmuseet. – Ja, det er tydeleg at dei amerikanske musea har lengre tradisjonar på å leggja til rette aktivitetar for publikum enn dei norske musea, seier spesialrådgjevar Anne Qvale i Nasjonalmuseet. Bakke er også oppteken av at Nasjonalmuseet har fått finansiering til å etablera eit stort nytt digitalt laboratorium. – Ideane som studentane presenterer her, kan me ta vare på i det digitale laboratoriet for seinare bruk, meiner han.

Skilnader mellom studentane

Professor Palmyre Pierroux ved Institutt for pedagogikk på UiO er også svært nøgd. – Det er morosamt å sjå korleis norske studentar tenkjer på pedagogikken, medan dei amerikanske studentane tenkjer design, seier ho.  – I byrjinga var fleire av dei norske studentane opptekne av å utføra ei akademisk oppgåve så effektivt som mogleg.  Dei amerikanske studentane, derimot, er vande til å bruka lengre tid på ei designoppgåve. Men heldigvis klarte dei å forhandla fram løysingar, og resultatet blei gruppekreativitet, seier Palmire Pierroux.

I kvar gruppe får kvar av dei fem medlemane ei hovudoppgåve. Ein blir lagleiar, ein blir forskar, ein blir historieforteljar, ein blir designar, medan den siste blir arkivar eller skrivar for gruppa.  I gruppene må dei læra å arbeida saman, respektera kvarandre sine meiningar og delegera oppgåver mellom alle medlemane.  

– Har lært av kvarandre

Studentane er svært glade for høvet til å koma saman i seks veker og jobba fram felles prosjekt, som kanskje ein dag blir tatt i bruk av Nasjonalmuseet.

 – Me norske studentar har lært masse om korleis det er mogleg å skapa eit museum for læring, seier Helene Samuelsen, Kjerstin Søreide Kvaavik og Hannah Theele. Og dei amerikanske studentane er einige med henne. – Det har vore ein spennande måte å læra av kvarandre på. Dessutan har det vore morosamt å sjå kor viktig design er for eit museum, seier Haley Threlkeld og Quentin Eastridge.

– Ja, det har hendt at me har opplevd litt kulturkollisjonar mellom kvarandre, men det har me lært av. Alle elskar me jo å læra korleis me kan undervisa best mogleg. Då er det viktig å kunna arbeida saman i eit team, seier Thomas Foltz.

Frå USA har dei også tatt med seg faglæraren sin, førsteamanuensis Sara Lowe. For henne er opphaldet i Oslo både ei god og nyttig erfaring. – Det er heilt unikt å få så god tilgang til eit viktig museum, slik som me gjer her. Me har blitt ein godt samansveisa gjeng. Dessutan klarte me tidleg å koma oss ut av komfortsona. Dei ferdige presentasjonane viser at dei har klart å få til noko saman, konstaterer ho.

Ordninga er komen i stand som ein del av den strategiske satsinga på samarbeid mellom universitet i Noreg og i USA.  Prosjektet er finansiert av Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU).

 

Emneord: Studentsaker, Studentforhold, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Kunst, Kultur Av Martin Toft
Publisert 14. juni 2016 05:00 - Sist endret 14. juni 2016 09:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere