– Satsinga på å skaffa forskingspengar frå EU har gitt resultat, seier rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum. Universitetet i Oslo gjer det også best når det gjeld innmelding av idear og registrering av patentar, har Ottersen merka seg i rapporten.
UiO har flest vitskaplege artiklar med næringslivet
I talet på artiklar som har medforfattarar frå næringslivet er UiO også størst i Noreg. I Forskingsbarometeret blir det trekt fram at NTNU er best av dei norske universiteta til å samarbeida med næringslivet, og det blir vist til at sju prosent av dei vitskaplege artiklane har medforfattarar frå næringslivet.Sjølv om prosentdelen er høgare ved NTNU, er talet på vitskaplege artiklar med medforfattarar frå næringslivet høgare ved UiO.
– Det tilbakeviser myten om at UiO ikkje har samarbeid med næringslivet. For oss er det fint med slike tal, som tilstandsrapporten gir oss, og dei viser at me kan bli endå betre, meiner Ole Petter Ottersen.
Også i det samla talet på vitskaplege artiklar er det UiO som tar førsteplassen i Noreg, med NTNU eit stykke bak, slik Universitetsavisa melde før helga. Ottersen meiner oppskrifta er å halda fram med det gode arbeidet som no blir gjort ved UiO.
– Me kan heilt sikkert bli endå meir presise i kvalitetsarbeidet vårt, trur han.
UiO størst i Noreg på FoU i medisin og helsefag
Når det er snakk om utgifter til forsking og utviklingsarbeid i medisin og helsefag, er Universitetet i Oslo klart størst i Noreg og på sjetteplass av dei nordiske universiteta. Karolinska Institutet i Sverige tronar åleine på toppen.
– Vanskeleg å finna årsakene til at studentar fell frå
Når det gjeld innhaldet i Tilstandsrapporten for høgare utdanning, så trur han det ikkje er lett å få slutt på at mange studentar fell frå før dei har blitt ferdige med ein grad.
– Me må vita meir om årsakene til fråfallet. Å finna ut kva tiltak som hjelper, er ikkje lett, sjølv om Det humanistiske fakultetet ved UiO utførte omfattande analysar for ei stund sidan. Det er viktig å arbeida vidare med dette, meiner Ottersen.
– Handlar om verdiar
Han er svært opptatt av å få fram at dei viktigaste tinga ved eit universitet er det ikkje mogleg å måla verken i ein tilstandsrapport eller i eit forskingsbarometer.
– Eit universitet er mykje meir enn det som kan målast. Det handlar om dei verdiane som kan leggjast til grunn for forskinga og utdanninga vår, og det handlar om samfunnsengasjement og inkludering. Tala i Tilstandsrapporten og Forskingsbarometeret er difor viktige utgangspunkt for å bli endå betre, men me må ikkje sjå oss blinde på det som kan målast, seier han.
Logg inn for å kommentere