Vil ha internasjonalt senter på Svalbard

– Det må etablerast eit internasjonalt forskings- og seminarsenter på Svalbard som alle norske universitet og høgskular står bak. Forslaget kjem frå UiO-professorane Geir Ulfstein og Andreas Føllesdal.

NYTT SENTER PÅ SVALBARD: Filosofiprofessor Andreas Føllesdal og jussprofessor Geir Ulfstein (t.h.) meiner etablering av eit nytt, internasjonalt senter kan gi Svalbard endå fleire bein å stå på etter kvart som utvinninga av kol blir trappa ned.

Foto: Ola Sæther

I dag er Universitetsstudia på Svalbard (UNIS) etablerte for både norske og internasjonale studentar. No meiner jussprofessor Geir Ulfstein og filosofiprofessor Andreas Føllesdal ved PluriCourts – Senter for forsking om legitimiteten til internasjonale domstolar, UiO at det er på tide å laga eit korttidstilbod for norske og internasjonale forskarar på Svalbard.

– Me tenkjer oss at modellen skal vera skoren etter same lest som Det norske universitetssenteret i Paris.  Det skal bli eit senter der alle forskarar som har eit tema som er relatert til Svalbard eller nordområda, kan opphalda seg i opptil tre månader. Samtidig kan det også bli ein seminarstad for forskarar frå andre fag som ynskjer å ha ei felles samling på Svalbard, fortel Føllesdal og Ulfstein.

Eit viktig laboratorium

 Dei er svært opptekne av at alle norske utdanningsinstitusjonar må få eit eigarforhold både til Universitetsstudia på Svalbard (UNIS) og til det internasjonale senteret som dei håpar å få realisert i det gamle gruvesamfunnet i Longyearbyen på Svalbard.

– Med den internasjonale debatten om klimaendringane, er Arktis og nordområda eit svært viktig laboratorium som me er overtydd om at forskarar frå mange land er svært interesserte i å utforska endå nærare.  Eit slikt internasjonalt senter kan også gi Svalbard endå fleire bein å stå på etter kvart som utvinninga av kol blir trappa ned,  peikar dei på.

Får støtte frå UiO-rektor

Dei får støtte for forslaget sitt frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen:

Me har jo allereie ei god forankring på Svalbard, gjennom UNIS, og me ynskjer å utvikla dette senteret vidare. Og me kan godt diskutera moglegheitene for ei ytterlegare utviding av vårt engasjement, langs dei linjene Føllesdal og Ulfstein foreslår. Då må ikkje denne utvidinga koma i konkurranse med UNIS. Ei eventuell utviding må vera tufta på reelle faglege behov og moglegheiter. Og me må sjølvsagt få ein meir detaljert plan før me kan ta stilling til den, seier Ole Petter Ottersen. 

Han viser til at han sjølv var på Svalbard i september i fjor saman med rektorkollegaer frå Tyskland. – Under opphaldet vårt der vedtok  styret i gruveselskapet Store Norske at bemanninga måtte reduserast for å sikra vidare drift. Me fekk utfordringane i dette samfunnet tett inn på livet. Som Føllesdal og Ulfstein foreslår: Ein auka aktivitet rundt forsking og utdanning kan bli ei utmerkt erstatning for den minkande aktiviteten knytt til utvinning av kol, trur Ottersen. 

– UNIS er eit senter i seg sjølv

Forslaget om å etablera eit internasjonalt senter på Svalbard får derimot ikkje støtte frå rektor Anne Husebekk ved UiT Noregs arktiske universitet.

– Min første reaksjon på forslaget er at den aktiviteten som blir skildra, kan gjerast innanfor rammene av UNIS. Det er riktig og viktig at det blir etablert alternativ verksemd til koldrifta på Svalbard, men UNIS bør kunne brukast til dei aktivitetane som blir føreslegne. UNIS er eit universitetssenter i seg sjølv og det er neppe nødvendig å laga eit nytt universitetssenter i Longyearbyen.

– Betre å utvida UNIS

Heller ikkje vestpå får forslaget støtte. Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen ser ikkje formålet med eit nytt internasjonalt senter på Svalbard.

– Eg har litt vanskeleg for å sjå kva eit nytt senter skal tilføra. Det er fullt mogleg å lata UNIS ta denne oppgåva. Eg har sjølv vore ein talsperson for at UNIS bør få utvida oppgåver og ikkje berre vera prioritert for fag som gjer nytte av Svalbard som eit arktisk laboratorium. Nordområde- og tryggingspolitikk kunne ha vore eit slikt døme – både for forsking og utdanning. Å utvida og styrkja UNIS vil vera viktig for Svalbardsamfunnet i ei tid der gruveverksemda vil bli redusert..

Emneord: Internasjonalisering, Svalbard, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere