Skal gå gjennom avviklinga av Norsk Ordbok

Styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium har vedtatt at det skal gå gjennom framdrifta og avviklinga av Norsk Ordbok 2014 på eit styremøte før 28. februar neste år.

FEKK STØTTE: Styrerepresentant Klaus Johan Myrvoll fekk støtte for forslaget om å ha ein gjennomgang av prosessen rundt avviklinga av Norsk Ordbok 2014 og dei samla økonomiske konsekvensane av å leggja ned språksamlingane.

Det var representanten for dei mellombels vitskapleg tilsette, Klaus Johan Myrvoll, som måndag la fram dette framlegget i styret for Institutt for lingvistiske og nordiske studium. 

Helst ville han ha saka opp i eit møte i november, før styreleiar Kristian Emil Kristoffersen begynner i den nye jobben sin. Det viste seg å vera vanskeleg å få til. Derimot sa eit samla styre ja til å ta opp prosessen rundt avviklinga av Norsk Ordbok i eit møte før 28. februar. 

I framlegget tok Klaus Johan Myrvoll opp trådane frå møtet i styret 8. juni i år, der det står at det skal vera ein gjennomgang av «framdrift og avvikling av Norsk Ordbok 2014 (…) med sikte på hva organisasjonen kan lære». 

Skal ta opp Norsk Ordbok og språksamlingane

På det styremøtet der saka blir tatt opp, skal det vera ein full gjennomgang av kostnadene ved avslutningsprosessen for Norsk Ordbok frå 2014 og fram til og med 2015. Desse kostnadene skal så haldast opp mot budsjett og plan frå prosjektleiinga for den same perioden.

Styrerepresentant Klaus Johan Myrvoll fekk også gjennomslag for at instituttleiinga på det same styremøtet må leggja fram eit oversyn over dei samla økonomiske konsekvensane av vedtaket frå 10. juni 2014 om å leggja ned språksamlingane.

Nøgd med støtta

Sjølv er han ganske nøgd med at styret støtta framlegget hans, sjølv om han ikkje fekk fullt gjennomslag.

– Eg ville gjerne at  instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen kunne vera til stades på eit slikt møte. Difor ville eg gjerne ha møtet i løpet av november. No tilbyr Kristian Emil Kristoffersen seg likevel å vera til stades når saka blir handsama i styret før februar 2016.. Det er bra, synest Klaus Johan Myrvoll.

Les også artikkelen UiO legg ned språksamlingane frå nyttår.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Norsk Ordbok Av Martin Toft
Publisert 29. okt. 2015 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere