Det første du møter på utstillinga, er ein svær monter med fint danderte anheng, halskjeder, gullsmykke og perler. Seinare går du forbi bilete av tatoverte menneske, ei drakt frå eldre jernalder (300 e.Kr.) i Noreg, og svært forseggjorde sverd frå vikingtida. I eit anna rom kan du sjå korleis menneskefeitt og morsmjølk er blitt til smykke, samtidig som du kan sjå på ulike og svært vakre kammar frå både Midtausten, Japan og Noreg.
Bakgrunnen for utstillinga er boka «Smykker. Personlig pynt i kulturhistorisk lys» av forskarane Marianne Vedeler og Ingunn Marit Røstad (red.). Boka inneheld ei samling med vitskaplege artiklar av andre forskarar som arbeider på museet. Les meir om boka i artikkelen: Smykke som kapital, makt og magi. Utstillinga skal stå til 1. juni 2016. Les meir om utstillinga.
.
Logg inn for å kommentere