Smykke som kapital, makt og magi

– Ideen om å laga ei bok og eit utstilling om smykke dukka opp for to år sidan, fortel Ingunn Marit Røstad. Saman med Marianne Vedeler er ho redaktør for boka «Smykker. Personlig pynt i kulturhistorisk lys».

SMYKKEBOK: Ingunn Marit Røstad og Marianne Vedeler er redaktørar for boka som set smykke inn i ein kulturhistorisk samanheng. Begge brukar også ringar sjølve. (Foto: Martin Toft)

Foto: Martin Toft

I praktboka har forskar Ingunn Marit Røstad og førsteamanuensis Marianne Vedeler samla inn forskingsartiklar om smykke og personleg pynt frå andre forskarar på Kulturhistorisk museum ved UiO.

Nye funn

Ingunn Marit Røstad er stolt over at ho og kollegaene også presenterer nye forskingsfunn.

 – Me har avslørt nye samanhengar mellom smykke, minne og identitet frå fleire stader og tidsperiodar. Store spenner blei brukte som minnepinnar i jernalderen. Me har funne smykke som blei manipulerte og endra allereie i vikingtida og i mellomalderen, seier dei to redaktørane i ei pressemelding.

Gjennom nye vitskaplege undersøkingar har forskarane undersøkt mellom anna metall-legeringar og smykkesteinar. – Difor er dette i høgste grad også grunnforsking, understrekar Ingunn Marit Røstad overfor Uniforum. Ho viser til at i yngre jernalder (ca. 600–1050 e.Kr.) bar kvinner frå dei rikaste slektene store praktspenner, såkalla ryggknappspenner. Tidlegare rekna forskarane med at desse spennene fungerte som statusmarkørar.

Handfast bevis

I artikkelen «Mot en ny tid? Merovingertidens ryggknappspenner som uttrykk for endring og erindring» viser Ingunn Marit Røstad og Zanette T. Glørstad heilt nye, vitskaplege funn.

– Funna syner at spennene også kan ha fungert som eit handfast bevis på opphavet til slekta. Truleg var spennene klenodium som gjekk i arv frå slektsledd til slektsledd, fortel dei i pressemeldinga.

Enkelte av spennene kan ha vore så gamle som 200 år på det tidspunktet dei hamna i grava saman med den siste eigaren. Spenna fylgde slektshistoria og mytane om korleis dei mektigaste slektene oppstod. I informasjonen frå Kulturhistorisk museum går det fram at dei mektige slektene førte anane sine tilbake til gudane.

Britiske spenner overtok

I vikingtida 800-1050) overtok britiske spenner, då sambandet til Storbritannia gav større status. – Dette er tverrfagleg forsking, så difor trur eg at det vil vera stor interesse både for boka og utstillinga både på og utanfor Universitetet i Oslo, seier Røstad til Uniforum. – Og boka i coffee table-format vil også bli seld i vanlege, kommersielle bokhandlar, smiler ho nøgd. Boka har også artiklar om smykkedesign i Noreg og India, og om hår og kam i gamle tider.

Kulturhistorisk museums eigen fotograf, Ellen C. Holthe har vore biletredaktør for boka, som er gitt ut på Museumsforlaget.

Utstillinga «Ta det personlig» opnar den 12. juni i Historisk museum. Praktboka er grunnlaget for utstillinga. Utstillinga skal visa fram Noregs eldste smykke, eit heilt «nytt» praktsverd frå vikingtida og smykke frå heile verda. Dei er alle henta frå magasina til museet. På utstillinga vil dei også visa fram korleis dei gamle egyptarane sminka seg, og dei vil syna fram barbervanar frå bronsealderen.

 

Emneord: Kulturhistorisk museum, Museene, Utstillinger Av Martin Toft
Publisert 28. mai 2015 15:37 - Sist endra 28. mai 2015 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere