Rømde frå rasismen, blei stjerner i Noreg

I 1865 blei slaveriet avskaffa i USA. Samtidig oppstod Ku Klux Klan og lynsjingane av dei frigjorde slavane tok til. For mange afroamerikanske musikarar blei Europa redninga.

SPIRITUALS: På 1890-talet kom San Francisco Minstrels til Noreg og var viktige ambassadørar for dei afroamerikanske, religiøse songane, også kalla "spirituals."

Foto: Foto frå doktoravhandlinga "Charleston i Grukkedalen"

– Artistar som Geo Jackson (1865–1907) og brassbandet «Negerkapellet» kom til Noreg og var dei første som introduserte afroamerikansk musikk til eit norsk publikum, fortel Erlend Skaatan Hegdal. Han har akkurat avslutta eit doktorarbeid om forhistoria til jazzen i Noreg på Institutt for musikkvitskap.

Dansa cakewalk 100 år før Michael Jackson

 I «Charleston i Grukkedalen» dokumenterer han at dei første afroamerikanske musikarane kom til Noreg allereie på slutten av 1800-talet.

– Dei presenterte både afroamerikanske spirituals slik San Francisco Minstrels gjorde, men dei var også musikarar, dansarar og musikalske komikarar som Geo Jackson. Han dansa sanddans, der han strødde sand på scena, for å kunna gli med føtene mot underlaget. Då såg det ut som om han gjekk framover, sjølv om han faktisk glei bakover. Han var den aller første som introduserte cakewalk i Europa. Det gjorde han i Kristiania i 1892, rundt hundre år før Michael Jacksons berømte moon walk, fortel Skaatan Hegdal.

POPULÆR: «Happy Joe» Williams var ein av dei mange afroamerikanske artistane som turnerte Noreg på byrjinga av 1900-talet. (Kjelde: Charleston i Grukkedalen)
POPULÆR: «Happy Joe» Williams var ein av dei mange afroamerikanske artistane som turnerte Noreg på byrjinga av 1900-talet. (Kjelde: Charleston i Grukkedalen)

Blei underhaldningsartistar i Europa

Bakteppet for at desse musikarane kom til Noreg og Europa var at slaveriet blei avskaffa i USA i 1865. Der var Ku Klux Klan også blitt danna, og dei jakta på og lynsja frigjorde slavar. Mange av dei tidlegare slavane fann seg nytt levebrød i underhaldningsindustrien, som dansarar, musikarar og songarar. I tiåra etterpå reiste fleire av desse artistane til Europa, der livsvilkåra var betre enn i heimlandet. Rundt hundreårsskiftet var dei afroamerikanske artistane svært vanlege innslag på varietéscenene, også i Noreg. – Sjølv om dei møtte rasisme og fordommar i Europa også, var det likevel mykje betre å bu og arbeida som musikarar i Europa enn i USA på den tida, konstaterer Skaatan Hegdal.

Afroamerikansk musikk i førjazzens tid

Han har tråla gjennom både Norsk Jazzarkiv, Nasjonalbiblioteket, Det Kongelige Bibliotek i København, Statsarkivet og avisarkiv for å finna opplysningar om desse afroamerikanske musikarane og korleis dei blei mottekne i Noreg.

– Det er velkjent at jazzen kom til Noreg på 1920-talet, og at svarte, amerikanske musikarar gjesta landet då. Eg ynskjer å visa at jazzen også har ei innhaldsrik forhistorie i Noreg. Den afroamerikanske musikken som er opphavet til jazzen, kom hit til landet på slutten av 1800-talet. Geo Jackson var ein av fleire afroamerikanske artistar som blei svært populære i Noreg og var på lange turnear i heile Skandinavia. Jackson gifta seg med ei dansk kvinne og hadde København som hovudbase. Han var ein viktig artist på den tida, men i bøker om norsk musikkhistorie er han knapt nemnt.  Med denne doktoravhandlinga håpar eg å gi både han og dei andre afroamerikanske musikarane den plassen dei fortener i denne historia, fortel Skaatan Hegdal.

Blackface-artistar i Hammerfest

Før dei afro-amerikanske musikarane kom, hadde også blackface-artistar blitt svært populære i Noreg.  Det var kvite musikarar som målte seg svarte i ansiktet. – Ei stund eksisterte dei side om side med dei ekte afroamerikanske musikarane. Blackface-komikken spreidde seg til heile landet, så langt nord som i Hammerfest finn me denne underhaldningsforma på slutten av 1800-talet, seier Skaatan Hegdal.

Leigde teater

Han har samla inn dokumentasjon som viser at dei afroamerikanske musikarane hadde konsertar både i Flekkefjord i sør og Trondheim i nord.

– Etter stor suksess på Røros i 1898, leigde Negerkapellet Trondhjems Teater til konserten sin i Trondheim i staden for

NOTEFORSIDE: Forsida på eit notehefte med musikk som blei brukt til cake walk. Noteheftet er frå 1910. (Frå doktoravhandlinga "Charleston i Grukkedalen)

eit engasjement på varietéscena Hjorten. Det reagerte ein lokal journalist svært negativt på: «Der gives Ting, som bare hører hjemme paa Variétéen og ikke paa Theatret, og blant disse er Neger-Truppens Præstationer».

Eit godt bilete på kor populær Geo Jackson var i Noreg, viser Erlend Skaatan Hegdal fram gjennom eit oppslag i Dagbladet. – Avisa kjørte ei sak på førstesida om at Geo Jackson var myrda i Romania. Det viste seg seinare at heile oppslaget var usant og at han levde i beste velgåande, seier han.

På 1890-talet blei gjestande afroamerikanske grupper som San Francisco Minstrels og Fisk Jubilee Singers frå det afroamerikanske universitetet Fisk University viktige ambassadørar for dei afroamerikanske, religiøse songane, som også blir kalla «spirituals». – Dei viste at afroamerikansk musikktradisjon også hadde andre sider enn den eksentriske og ekstatiske musiseringa og komikken som blackface-artistar og «negerkomikarar» ofte representerte.

Forbaud jazz i Universitetets aula

– Korleis blei dei tatt imot av det norske publikummet?

– Mengda av utøvarar vitnar om at dei må ha vore svært populære innslag på norske varietéscener, men presseomtalen er ofte gjennomsyra av ei rasistisk verdsoppfatning som synleggjer kor store endringar samfunnet gjekk gjennom på 1900-talet.

– Eit velkjent døme er Dagbladets skribent Dandins omtale av The 5 Jazzing Devils på Bristol Hotell i 1921: « Det er trist, men sant, en jazzbande bestaaende av fire negre og et menneske maatte der altsaa til for aa skape den intense kaféstemning, som vi liker aa kalle «europeisk», siterer han.

Etter at afroamerikanske musikarar hadde vore vanlege innslag på danserestaurantar på 1920-talet, blei byen sine klassiske konsertscener arena for fleire jazzkonsertar på 1930-talet.

Louis Armstrong spelte i Universitetets aula under sitt første Noregsbesøk i 1933. Seks år seinare la Kollegiet ved Universitetet i Oslo ned forbod mot jazzkonsertar i Aulaen.

– Grunnen var at ein kvit, engelsk trommeslagar hadde brukt trommestikkene på bystene av W.A. Brøgger og Wedel-Jarlsberg. Forbodet varte i 20 år.

Nekta Louis Armstrong innreise

Det høyrer med til historia at Louis Armstrong blei nekta innreise til Noreg første gong han kom til landet i 1933.  – Då kjørte Dagbladet ein vellykka kampanje for at han skulle få koma inn. Då han kom tilbake på 1950-talet, blei han tatt imot med opne armar av det norske samfunnet, har Hegdal registrert.

LOUIS ARMSTRONG: Ein uidentifisert karikatur av Louis Armstrongs konsert i Oslo i 1933. (Frå Nasjonalbiblioteket)

– Bidraget mitt er at eg har funne fram til kjelder som viser at afroamerikansk musikk blei introdusert i Noreg langt tidlegare, og i eit større omfang,  enn me har trudd. Med denne grunnforskinga som utgangspunkt er det store moglegheiter for vidare arbeid på feltet.

– Kvifor kalla du oppgåva «Charleston i Grukkedalen»?

– Tittelen er lånt frå ein komposisjon av Kristian Hauger frå 1927, som var ein svært populær jazzmelodi i mellomkrigstida. Haugers humoristiske tittel viser både til den afroamerikanske musikken sin store popularitet og til kulturkollisjonen med det grisgrendte Noreg, forklarar den nyslåtte musikkdoktoren Erlend Skaatan Hegdal.

 

 

KOM TIDLEGARE: – Eg har funne fram til kjelder som viser at afroamerikansk musikk blei introdusert i Noreg langt tidlegare, og i eit større omfang,  enn me har trudd, seier Erland Skaatan Hegdal. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: USA, Kultur, Musikkvitenskap Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere