Tar ikkje lenger ansvaret for språksamlingane

Språksamlingane kan vera på  veg ut av Universitetet i Oslo. I går vedtok styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium med seks mot to stemmer at det ikkje skal ta ansvaret for samlingane. Universitetsleiinga vil ha direkte dialog med fagdepartementa om den vidare vurderinga.

PRIORITERING: Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen meiner at vedtaket om at Institutt for lingvistiske og nordiske studium ikkje lenger skal ta ansvaret for vidare forvaltning og drift av språksamlingane, handlar om prioritering av kva institiuttet skal driva med.

Foto: UiO

Vedtaket inneber at Institutt for lingvistiske og nordiske studium ikkje lenger skal ta ansvaret for vidare forvaltning og drift av samlingane som er knytte til leksikografi og namnegransking etter at prosjektet Norsk Ordbok 2014 blir avslutta. Samtidig gir instituttstyret fullmakt  til instituttleiar – i samråd med HF og UiO sentralt -  å kontakta eksterne institusjonar for å fortelja dei om at instituttet ikkje lenger tar på seg drifta av desse samlingane, men på same tid oppmoda til at det blir funne ei god løysing for desse samlingane. Om det ikkje skulle føra fram, vil instituttet passa på at samlingane blir deponerte på ein forsvarleg måte i samsvar med statlege retningslinjer og føreskrifter, heiter det i vedtaket frå instituttstyret.

I sakspapira var det ikkje tatt med noko om at Kulturdepartementet i eit brev krev klare svar frå UiO om kva dei vil gjera med språksamlingane og Norsk Ordbok.  Desse svara må vera Kulturdepartementet i hende 15. juni. I det brevet blir det også peika på at universitetet har fått serskild finansiering av arbeidet med samlingane heilt frå 1972.

Handlar om prioritering

Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen meiner vedtaket viser at fleirtalet i styret  har valt å prioritera aktivitetane til Institutt for lingvistiske og nordiske studium.  Det går fram av ein e-post han har sendt Uniforum. «En av de viktigste oppgavene et instituttstyre har, er å vedta prioriteringer for instituttets faglige virsomhet. Det er det ILNs styre har gjort i denne saken. Slik jeg ser det, er den viktigste følgen av dette vedtaket at det ikke vil ansettes personer ved instituttet som har som hovedoppgave å forvalte samlingene. Vedtaket får selvsagt også en rekke praktiske følger som jeg som instituttleder vil måtte ta tak i i tida som kommer,» skriv Kristian Emil Kristoffersen.

Ser på andre moglege løysingar

Han peikar samtidig på at samlingane har stor verdi.

«Samlingene representerer en stor verdi, som kunnskapsbase både innenfor ordboksproduksjon og innenfor forvaltning av stedsnavn. Jeg håper derfor at samlingene i framtida vil finne en organisatorisk forankring som ivaretar og videreutvikler denne verdien. Her er det greit å huske på at Språkrådet i sitt notat om norsk ordbokspolitikk har foreslått flere ulike modeller, og at det i de andre nordiske landene finnes løsninger det kan være verdt å se nærmere på,​» skriver Kristoffersen,

 Ville utsetja saka til hausten

 Styrerepresentantane for dei vitskapleg tilsette, Oddrun Grønvik og Hans Olav Enger var dei to einaste som røysta imot framlegget til instituttleiaren.
 

– Eg røysta imot fordi eg meiner at handsaminga av denne saka bør utsetjast til styremøtet i september, seier Oddrun Grønvik til Uniforum.

– Eg synest ikkje det er rett at instituttstyret skal gje instituttleiaren denne fullmakta. Han bør heller få oppdraget som instruks frå rektoratet, dersom dette blir den endelege løysinga. Det veit me ikkje enno, legg ho til. Hans Olav Enger støtta forslaget om å utsetja saka til første styremøte etter sommarferien. Difor røyste han imot framlegget til vedtak frå instituttleiaren, stadfestar han overfor Uniforum.

Har ikkje tatt stilling til brev frå Kulturdepartementet

Språkdirekør Arnfinn Muruvik Vonen har bite seg merke i at styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ikkje har tatt omsyn til dei kritiske merknadane som Kulturdepartementet nyleg kom med.

– Det ser ut til at instituttstyret har gjort dette vedtaket utan å ta stilling til eit brev som Kulturdepartementet sende til Universitetet i Oslo 15. mai 2014. I brevet bed departementet mellom anna universitetet gjera greie for korleis dei vurderer det at universitetet har fått særskild finansiering for arbeidet med samlingane heilt frå 1970-talet. Eg reknar med at den vidare handsaminga av saka på universitetet vil avhenga av kva universitetet vil svara på det spørsmålet, skriv Arnfinn Muruvik Vonen i ein e-post til Uniforum. Han held framleis døra på gløtt for at eit eige senter eller Språkrådet sjølv kan forvalta samlingane.

 – Språkrådet har tidlegare sagt at språksamlingane bør bli forvalta av eit senter som kan sikra vitskapleg dokumentasjon, vedlikehald, utvikling, bevaring og bruk av dei. Om det ikkje lèt seg gjera innanfor universitets- og høgskulesektoren, kan ei organisering som ei vitskapleg fagavdeling i Språkrådet vere éi mogleg organisering, men ein kan òg tenkja seg andre. Det er viktig at det vidare arbeidet med samlingane kan gå føre seg innanfor rammene av ein permanent og sikker organisasjon, meiner språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen.

– I tett kontakt med  både Kunnskaps- og Kulturdepartementet

UiO-rektor Ole Petter Ottersen stadfestar overfor Uniforum at universitetsleiinga er godt inne saka om språksamlingane.

 – Me i den sentrale leiinga  har vore og er i tett kontakt både med HF og ILN i denne saka. I forkant av styremøtet ved ILN 10.06.14, gjekk me også gjennom detaljane i saka  med fakultetet og instituttleiinga.. Vedtaket tar me  til etterretning og støttar  instituttet og fakultetet si prioritering,  opplyser Ole Petter Ottersen. Han fortel at dei held fram med å arbeida med denne saka i dialog med dei aktuelle departementa.

– No arbeider me vidare i lys av dette og med Kulturdepartementets brev som Uniforum har omtalt tidlegare. Me tar sikte på direkte dialog med Kulturdepartementet og også vårt eige departement Kunnskapsdepartementet i den vidare vurderinga. Det er difor altfor tidleg no å seia kvar saka endar, eller kva ekstern institusjon som best kan overta språksamlingane. Så langt er saka framleis den at Norsk Ordbok vert avslutta som prosjekt etter februar neste år. Dette er i samsvar med det som har vore klart heile tida, presiserer UiO-rektoren.

(Oppdatert kl. 16.14)

 

 

 

 

 

 

Emneord: Språk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 10. juni 2014 16:38 - Sist endra 11. juni 2014 16:19

Noen sitater i forbindelse med saken 

 

ILNs strategiske plan 201- 2020 sier:

(http://www.hf.uio.no/iln/om/strategi/strategisk-plan-iln-2020-nynorsk.pdf)

Side 1:"ILN har dessutan samlings- og dokumentasjonsverksemd der dei leksikografiske og onomastiske samlingane er deponerte ved instituttet etter stortings-vedtak."

Side 7: "Samlings- og dokumentasjonsverksemda ved ILN utgjer ein viktig del av ILN sitt samfunnsoppdrag. ILN har blant anna ansvar for dei leksikografiske produkta Bokmåls-ordboka, Nynorskordboka, Norsk ordbank og jubileumsprosjektet for 1814, Norsk Ordbok 2014."

Side 8: "ILN skal med forankring i forsking framleis fungere som eit nasjonalt knutepunkt for dokumentasjon av norsk og nordisk språk og litteratur, gjennom forvaltning, tilgjengeleg-gjering og bruk av dei omfattande elektroniske samlingane ved instituttet, og gjennom aktivt å delta i offentleg språkpolitikk og språkadministrasjon på eit solid fagleg grunnlag"  

 

Evaluering av samlingene

ILN nedsatte vinteren 2014 en arbeidgruppe som skulle se på samlingene. I sin rapport konkluderer gruppa (ledet av inst.leder Kristorffersen)

(http://www.hf.uio.no/iln/om/organisasjon/styret/moter/2013-2016/innkalling-2014/d-sak-1-2-samlet_samlingsrapport.pdf)

"For alt det materialet vi har sett på, er den generelle konklusjonen at det har  nytteverdi for forskarar, både innanfor språk- og litteraturvitskap og i ei breiare  kulturvitskapleg kontekst. Vi konkluderer også med at materialet bør kunne brukast  i undervisning på alle nivå, og som utgangspunkt for forskingsbasert undervisning. I  nokre få tilfelle blir materialet også brukt i undervisning (metodeundervisning på  masternivå). 

Vi vil òg understreke at samlingane er av nasjonal verdi og ein ressurs for  forsking og undervisning i norsk og nordisk språk også ved andre institusjonar enn  UiO. Av historiske grunnar har ingen andre norske universitet tilsvarande store og  mangfaldige språksamlingar. Språksamlingane ved UiO har ei forhistorie som  startar i ei tid då UiO var det einaste universitetet i landet, og på 1970-talet vart  dessutan dei tidlegare sjølvstendige einingane Norsk leksikografisk institutt og  Norsk stadnamnarkiv lagt inn under UiO. UiO forvaltar såleis ein ressurs som bør  sjåast i eit vidare perspektiv enn berre den bruksverdien det har for institusjonen  sjølv på same måte som UiO forvaltar nasjonale ressursar gjennom andre samlingar  som til dømes Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum. "

 

I

 

 

Christian-Emil Smith Ore - 11. juni 2014 00:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere