– For oss er det viktig å halda fram arbeidet med vaksineprogram til dei barna som har mest behov for vaksiner. Det er barn i Afrika og mange land i Asia. Før me begynte med vaksineprogrammet vårt, var det i hovudsak dei som trong det minst, barn i dei rike landa som fekk desse vaksinene, sa Bill Gates framfor ein fullsett Gamle festsal i Urbygningen i dag.
Han fortalde korleis stiftinga han og kona driv, Bill & Melinda Gates Foundation opererer med eit større budsjett enn Verdas helseorganisasjon. Dei finansierer mellom anna 2000 av medarbeidarane Verdas helseorganisasjon har sendt til Nord-Kongo for å vaksinera folk mot polio.
Bill Gates var også oppteken av å sjå resultat av arbeidet dei driv på med. Då han starta, døydde ti millionar barn av sjukdomar det finst vaksiner mot, i dag er talet 6,6 millionar, og me har eit mål om å koma ned i 3 millionar.
– Me veit at når barnehelsa når eit visst nivå, og foreldra kan vera sikre på at barna vil leva opp, då vil dei også senda dei på skule. Fram til dei når det nivået, vil dei få mange ungar for å garantera at i alle fall nokre av barna lever opp, slik at dei kan ta seg av foreldra når dei blir gamle, understreka Bill Gates.
Det var rundt år 2000 han blei merksam på kor lite fokus det var på sjukdommar som folk døydde av i fattige land i Afrika og Asia. Han forstod kor lite som skulle til for å redda barn frå å døy før dei fylte fem år.
– Nøkkelordet var å gi dei vaksiner, og det var noko me kunne finansiera for helsevesenet i dei aktuelle landa. Saman med den internasjonale vaksinealliansen GAVI og Verdas helseorganisasjon har dette vore medverkande til at berre fem prosent av alle barn døyr før dei fyller fem år i mange av utviklingslanda.
– Målet vårt er å koma ned i to prosent, fortalde Bill Gates. Han meinte at helse var den viktigaste faktoren for at eit land skulle få ei positiv utvikling.
– Deretter kjem eit godt landbruk og utdanning. Derfor er landbruksprosjekt det stiftinga vår investerer mest i etter vaksiner og andre helseprosjekt. Økonomisk vekst har ført til at mange har fått det betre, men då må folk også ha ei god helse, understreka han.
UiO-rektor Ole Petter Ottersen har leidd arbeidet med The Lancet/UiO-kommisjonen, som arbeider med å sjå på samanhengen mellom helse og politiske avgjerder. Han kom med eit ordentleg hjartesukk. – Det må bli slutt på at store matvareselskap skal få driva marknadsføring for usunne og helsefarlege matvarer, slo han fast.
Alle som vil ha med seg heile samtalen, kan sjå eit opptak på nettsidene til UiO.
Logg inn for å kommentere