Universitetslæraren som døydde i kampen mot nazismen

Einar Høigård var den einaste universitetslæraren som mista livet under Den andre verdskrigen. I ettermiddag avduka UiO-rektor Ole Petter Ottersen eit relieff av han i Helga Engs hus, 70 år etter at han døydde.

MOTSTAND: Universitetslektor Einar Høigård døydde i kampen mot okkupasjonsmakta under Den andre verdskrigen. Barna  Berit Hovig, Tore Høigård og  Cecilie Høigård  er stolte over at faren no er blitt heidra med at relieffet av han er plassert på veggen ved sida av hovudinngangen i Helga Engs hus.

Foto: Ola Sæther

Relieffet av Einar Musæus Høigård (1907–1943)har fått ein sentral plass på veggen like ved hovudinngangen i Helga Engs hus. Heilt sidan 1945 har relieffet vore på kontoret til leiaren for Pedagogisk forskingsinstitutt. Noverande instituttleiar for Institutt for pedagogikk, Ola Stafseng, meinte at det høyrde heime på ein meir offentleg plass, og gav det difor vidare til Det utdanningsvitskaplege fakultetet.

Var lektor i Tyskland

Det er bakgrunnen for at rektor Ole Petter Ottersen i ettermiddag kunne avduka eit godt synleg minne om den einaste universitetslæraren som mista livet i motstand mot den tyske okkupasjonen.

Einar Høigård begynte yrkeskarrieren sin som universitetsstipendiat ved Pedagogisk forskingsinstitutt på UiO, og blei professor Helga Engs næraste medarbeidar. Etter embetseksamen blei han lektor ved Universitetet i Hamburg og fekk sett nazistaten frå innsida. Då krigen braut ut, bestemte han seg for å delta i motstandsarbeidet på UiO, går det fram av ei pressemelding frå Universitetet i Oslo.

Ideolog for skulefolka sin kamp mot okkupasjonsmakta

Høigård fekk ei viktig rolle i kampen som skulane og dei høgare lærestadene førte mot okkupasjonsmakta. Han arbeidde ideologisk for leggja grunnlaget for det han meinte var ein moralsk standard som skulefolk skulle ha i møte med nasjonalsosialismen. Dei fire «kardinalpunkta» hans var:

  • Krav om medlemskap i eller lojalitetserklæringar til NS skal avvisast
  • Eit kvart forsøk på å få NS-propaganda i skulen skal avvisast
  • Avvis ein kvar orde frå ikkje-kompetent hald
  • Avvis ein kvar medverknad i Nasjonal Samlings Ungdomsfylking. Han innprenta også at alle har krav til på å få tenkja seg om når vedkomande blir stilt overfor spørsmål som har konsekvensar for framtida til den personen.

Ofra livet for motstandsrørsla

For den tyske okkupasjonsmakta blei Einar Høigård ein brysam motstandar. Då Høigård forsøkte å koma seg til Sverige i oktober 1943, blei han arrestert på toget mellom Sarpsborg og Halden. I ein månad sat han i fengsel, og han blei avhøyrd og torturert på Bredtvet og Victoria terrasse. Fordi han frykta for å avsløra andre i motstandsrørsla, tok han livet sitt ved å hoppa ut av eit vindauge i Kronprinsens gate 25. november 1943.

I 1945 blei Einar Høigård kreert posthumt til dr.philos, av Kollegiet ved UiO. Dermed blei han den første doctor ved Pedagogisk forskingsinstitutt. Noreg har heidra han med at ei fjellrekkje i Antarktis ber namnet Høigårdbrekka. I Oslo finst Einar Høigårds vei på Tåsen, medan fødebyen Stavanger har æra han med Lektor Einar Høigårds gate.

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 29. nov. 2013 17:35 - Sist endra 29. nov. 2013 17:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere