Skuldar Statoil for brotsverk mot naturen

– Statoils oljesandprosjekt i Canada er eit godt døme på brotsverk mot naturen. Det meiner advokaten og aktivisten Polly Higgins . Statoil svarar at dei ryddar opp etter seg. Denne hausten er Polly Higgins gjesteforskar på Universitetet i Oslo.

OLJESAND: Dette er Statoils oljesandanlegg frå Leismer i Alberta i Canada. (Foto: Helge Hansen, Statoil)

Den britiske advokaten Polly Higgins kjempar for å kriminalisera masseøydeleggingar og forureining av naturen. Frå september og fram til desember sit ho i stillinga som Arne Næss-professor på Senter for utvikling og miljø ved UiO. For nokre år sidan lanserte ho omgrepet «Ecocide» (økologimord) som ein parallell til omgrepet «Genocide» altså folkemord.

Vil kriminalisera økologimord

– Eg oppdaga at det ikkje fanst noko lov som kriminaliserte masseøydeleggingar og destruksjon av naturen. Ingen private selskap eller direktørar eller styreleiarar kan stillast for retten for å ha øydelagt naturen i samband med til dømes utvinning av oljesand i Canada. Eg bestemte meg for å gjera noko med det, seier Polly Higgins til Uniforum.

I 2010 gjekk ho gjennom all lovgjeving på området og samla saman dokumentasjon på tilfelle ho rekna som masseøydelegging av naturen. Planen var å leggja det fram for FNs lovkommisjon.

– Under dette arbeidet oppdaga eg at i 1996 var det eit forslag i FN om å gjera masseøydeleggingar av naturen som eit femte brotsverk mot freden. Fem land gjekk imot forslaget, og då fall det. Noreg var mellom landa som støtta framlegget. Det blei aldri gitt opp nokon grunn for kvifor dei fem landa gjekk imot, poengterer ho.

Etter hennar meining må forarbeidet før lova blei fremja for FN, ha vore for dårleg. – Det vil seia at me no må gjera eit endå betre og grundigare forarbeid, før forslaget kan handsamast på nytt av FN sine organ.

Naturens advokat

Planen hennar var aldri å bli ein aktivist og naturens advokat. Men for åtte år sidan skjedde noko som endra livet hennar.

– Eg arbeidde som advokat og såg ut vindauget og tenkte at det ikkje berre var eg personleg som blei råka av miljøøydeleggingar, men også naturen. Då kom eg på tanken om at også naturen måtte ha ein advokat som kunna kjempa for naturen sine interesser. Eg bestemte meg for å ta eitt år fri for å sjå kva som skjer med lovgjevinga på dette området. Om eg skulle klara å fremja eit forslag om å kriminalisera masseøydeleggingar av naturen, var det viktig å vita kva lover som allereie fanst innanfor dette området.

Lovleg masseøydelegging av naturen

Polly Higgins trekkjer stadig inn oljesandprosjektet til BP, Shell og Statoil i Canada. Der utvinn selskapa olje frå tjøresand i svære naturområde som i stor grad blir brukte av urfolk.

– Statoil og dei andre selskapa seier berre at det dei gjer, ikkje er eit brot på lova. Det vil seia at dei kan driva masseøydelegging av naturen på lovleg vis. Og for direktørane i Statoil og dei andre selskapa kjem omsynet til mest mogleg forteneste for aksjonærane alltid først. Dei vil ikkje ta ansvaret for at dette prosjektet gjer skade på naturen, er ho overtydd om.

Denne ansvarsfråskrivinga vil ho ha ein slutt på. Higgins trur ho har funne løysinga.

– Om det blir eit internasjonalt brotsverk mot freden å stå bak masseøydelegging av naturen, kan toppsjefen i Statoil og alle direktørane hans bli stilte ansvarleg for desse øydeleggingane i ein internasjonal rett, trur ho.

Utvinninga av oljesand i Canada karakteriserer ho som verdas største masseøydelegging av naturen, altså eit godt bilete på omgrepet «Ecocide» (økologimord).

– For å få olje ut av tjøresand må det til det ein enorm bruk av ferskvatn og ein enorm bruk av kjemikaliar. Det fører også til masse miljøfarleg søppel. Dessutan blir røter frå mange hundre år gamle tre, plantar og landskap øydelagde.

Ho meiner heile økosystemet er truga i det området.

KRITISERER STATOIL: Advokat Polly Higgins meiner Statoils oljesandprosjekt i Canada er verdas største brotsverk mot naturen. (Foto: Martin Toft)

Ber nordmenn reagera

– Noreg står bak tildelinga av Nobels fredspris og er ein fredselskande nasjon, samtidig som Noregs største selskap står bak verdas største masseøydelegging av naturen i Canada . Derfor bør også vanlege folk reagera mot framferda til Statoil. Sidan selskapet er 66 prosent statseigd, kan dei krevja at Statoil skal satsa på fornybar energi i staden for å satsa på forureinande olje.

– Kva veit du om filosofen Arne Næss og hans djupøkologi?

– Han var tidleg ute med å sjå korleis me kan ta vare på naturen gjennom å bruka den på ein varsam måte. Arne Næss forstod at det ikkje var mogleg å endra veremåten vår over natta, men han spurde seg kvifor og korleis me kunne skapa ei meir berekraftig jord.

–  Trur du at det vil bli mogleg å få til ei lov mot «Ecocide»?

– Eg gjer det eg gjer fordi eg er ein realist og ser at det ikkje går an for oss menneske lenger å halda på med å øydeleggja naturen.

Statoil forsvarar oljesandutvinning

– Statoil produserer gjennom brønnar i bakken. Inngrepet i naturen er mindre med denne metoden, og arbeidet med å tilbakeføra naturen er enklare enn med gruveverksemd, seier pressetalsmann Knut Rostad i Statoil.

Selskapet ynskjer ikkje å kommentera advokat Polly Higgins sine vurderingar av oljesandutvinninga til Statoil.

– Det er spesielt viktig for oss  å skilja mellom oljesandutvinning frå gruveverksemd og oljesandutvinning frå boring av brønnar. Statoil er ikkje involvert i gruvedrift, men produserer gjennom brønnar i bakken. Inngrepet i naturen er ganske mykje mindre med denne metoden, og arbeidet med å tilbakeføre naturen er enklare. I tillegg er det viktig å framheva at me held oss til dei lovene og reguleringane som er sette av kanadiske styresmakter, seier Knut Rostad.

Vil redusera utsleppa

Han viser til at Statoil gjennom selskapets oljesandrapport rapporterer ope om korleis selskapet jobbar med oljesand og korleis det møter dei ulike miljøutfordringane. Rostad opplyser også at Statoil i 2012 auka produksjonen frå oljesand i Canada med meir enn 60 prosent og reduserte CO2-intensiteten med nærare 24 prosent. Gjennomsnittleg CO2-utslepp per fat var 55,6 kilo i 2012, ein nedgang frå 72,7 kilo i 2011.

– Målet vårt er å redusera utsleppa endå meir mot 2020. I 2012 reduserte me vassforbruket, me vann att 90 prosent av alt vatnet me brukar i produksjonen, betra forholdet mellom damp og olje og planta 267 000 tre for å bidra til rask ny vegetasjon der me har hogge skog. I løpet av dei tre siste åra har me planta over en halv million tre for å tilbakeføra landområde. Me tar vare på toppjord, slik at naturen kan førast tilbake til sin opphavlege tilstand når produksjonen er avslutta. Me har ikkje forureinande utslepp til vatn. I tillegg til å gjennomføra konsultasjonar med urfolket i vårt område, ynskjer me å bidra til at prosjektet vårt også kjem dei lokale innbyggjarane til gode, fortel Knut Rostad.

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, SUM, Realfag, Etikk Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2013 16:21 - Sist endra 31. okt. 2013 16:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere