- Regjeringa tar satsinga på forsking og høgare utdanning alvorleg

– Dei justeringane som er gjorde, viser at den nye regjeringa meinte det alvorleg då den la inn høgare ambisjonar på forsking og høgare utdanning i regjeringserklæringa. Det seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen i ein kommentar til endringane i forslaget til statsbudsjett for 2014.

NØGD: UiO-rektor Ole Petter Ottersen er godt nøgd med satsinga på forsking og høgare utdanning i budsjettendringane til den nye regjeringa.

Foto: Ola Sæther

Rektor Ole Petter Ottersen er svært glad for at Solberg-regjeringa legg 100 millionar kroner ekstra i grunnfinansieringa til universitet og høgskular.

– Det er bra at det går til potten for resultatbasert finansiering. På den måten viser regjeringa at den er klar over at universiteta og høgskulane har auka forskingsaktiviteten sin gjennom vitskaplege publikasjonar. I det heile tatt tyder dette at regjeringa ynskjer å styrkja institusjonane, meiner han.

Eit superenkelt grep

Ottersen tar også litt av æra for å ha gitt regjeringa ideen til å auka den resultatbaserte finansieringa.

– I bloggen min skreiv eg om eit superenkelt grep som den nye regjeringa kunna gjera for å styrkja økonomien til forskingsinstitusjonane. Og det grepet har regjeringa no brukt, seier han svært nøgd.

UiO-rektoren er glad for at det også er etablert nye stipendiatstillingar både som nærings-ph.-d. og som offentleg ph.-d.

Han trekkjer dessutan fram at Kulturdepartementet har foreslått ein søkbar pott med pengar til nettutgåva at Store Norske leksikon.

– Det er viktig med ein kvalitetssikra formidlingskanal som både forskarar, studentar og andre kan dra nytte av. Me har jobba hardt for å få det til.

Glad for lærarsatsing

Nøgd er han også med satsinga på lærarane.

– Eg er kjempeglad for at etter– og vidareutdanninga for lærarar blir styrkt, seier han.

Derimot synest han synd på studentane.

– Det er ikkje fullt så bra at regjeringa foreslår å kutta ut den ellevte månaden med studiestøtte. Me støtta studentane på å få utvida studiestøtta.  Likevel har regjeringa gått tilbake på dette forslaget. UiO vil at regjeringa ved neste krossveg skal sjå på studiefinansieringa på nytt, er oppfordringa frå Ole Petter Ottersen.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi, Forskningspolitikk, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2013 13:04 - Sist endra 8. nov. 2013 13:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere